Før eg gav meg som lærar, hende det at ordet i overskrifta vart diskutert, og me norsklærarane kunne ikkje nett avfeie denne ismen som uviktig. No kan du godt sjå kva som står på t.d. snl.no eller i Nynorsk ordbok, ja, Wikipedia for den del. Det er ikkje så lett å verte klok på. Difor er det på tide å kome med den rette forklaringa på omgrepet:
Eg voks opp i Flekke, og dei som dreiv posten, budde i same huset som postkontoret. Viss postkontoret var stengt, gjekk me bort og banka på den private hovuddøra, og vips! Inger, Torkjell eller Audun kom med posten, selde frimerket eller tok imot brevet som skulle av garde. Sundags ettermiddag ekspederte dei rutebåten, og den seremonien gjekk føre seg med halve bygda som tilskodarar. Postludiet på denne suiten vart avspelt på postkontoret, der dei distribuerte innhaldet i postsekkene som kom med båten. Deretter kunne alle gå fornøgde heim, eller kvar me no gjekk for å ete sundagsnons og drikke ein kopp kaffi.
På Husnes kom Rolf og leverte punktleg i postkassen vår borte i Furuvegen. Rett nok var han ikkje heilt å stille klokka etter, for det var så mange vegfarande han laut slå av ein prat med. Men posten kom fram, og me kunne sitje på stovetrappa og sjå når Rolfen kom..
Dei første åra her i Valo kom Ingrid med posten presis klokka ti på halv ti. Tidspunktet var ufråvikeleg, og når stunda var der, kunne me gå opp og sjå korleis ho spreidde brev, aviser og reklameblad med ein fart som ville ha fått ein pokermeister i den Ville Vesten til å skjemmast, og med ein presisjon som ein skyttarkonge. Når det ikkje var skuledag, kunne eg hente meg lesestoff til den siste kaffikoppen, for Ingrid svikta ikkje. Kom det pakke, til dømes eksamensstilar til sensur, kunne eg rusle i Valo på postkontoret og hente sendinga.
Men så kjem postmodernismen sigande. Først vart posten utkøyrd frå Husnes, så la dei ned heile postkontoret i Valo. No vart tidspunktet for postleveringa like uvisst som vêrmeldingane. Eller verre. Vêret ser me, men ikkje postbodet. Då må me opp i vegen. Somme dagar kjem posten i tolvtida. Når eg er begynt å tru på at det er vorte vanleg, kjem han ikkje før halv tre, med det resultatet at den gamle pensjonisten går og rek opp og ned mellom stova og postkassen halve dagen.
Eit anna utslag av postmodernismen var at folk ikkje skulle vite om nummeret til det lokale postkontoret så lenge det fanst eit kontor på Husnes. Me skulle ringje eit sentralnummer, taste ein, to, tre, fire og hamna til slutt hos ei servicestemme som sa: "Va kan jei jælpe dei mæ?" Men Husnes, Valen og Eikeland hadde stemma knapt høyrt om, og hjelpa vart så som så.
For ei tid sidan kom det melding om ein pakke eg venta på, men det var Bing som skulle levere han. Kven i helsike er Bing? undrast eg. Kvar finn eg han? Bing og Bringsværd? Ved nærmare ettersyn fann eg ut at det var Bring, og ikkje Bing som stod på blanketten. Eg vart ikkje klokare av det. Kvar finn eg pakken min??? Etter fleire forskingsframstøyt fekk eg endeleg brakt på det reine at gode gamle Posten hadde formeira seg, og at denne Bring var ein av ungane, han som frakta pakkar. Eg kunne berre gå på Post i Butikk og hente han. Ja, kvar honen er det, no? Ei stund var det på butikken i Valo, så på Spar Husnes, og no er det på Rimi på Husnes. Her må ein vere vaken! Og vente på EUs postdirektiv, som sikkert kjem, det òg, nett som dei fleste EU-direktiva.
No veit du kva Postmodernisme er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar