tirsdag 22. mars 2011

LIBYA OG VESTEN

No undrast eg. Eg beundrar ikkje Gaddafi. Eg beundrar ikkje Vestens tidlegare innsats i arabarverda. No  står me der, like i nærleiken, med kampfly og mannskap. Samstundes er det full kløyving i verda om kva som må hende. Kva slags maktbruk skal ein ty til? Kva er målet med maktbruken? Kven skal stå på kommandobrua og styre aksjonane? Kven skal me ta mest omsyn til: store og små makter, Vesten, arabiske granneland, oljeselskapa, folket i Aust-Libya, folket i  Vest-Libya, våpenprodusentane, offiserane, politikarar hist og her? Me har rota oss opp i ei ny røre, og eg veit  verken ut eller inn.
   Alle me veloppdregne vesteuropearar er opprørte av Gaddafis maktbruk mot sine eigne landsmenn. Det skulle berre mangle. Me er ikkje like harme når israelarar bombar Gaza (kor mange born vart drepne i Gaza i dag, trur du?), eller kvar gong amerikanarar bombar afghanske landsbyar. Ok, me skal ikkje setje ugjerningar opp mot kvarandre på denne måten, men kva tiltru har den muslimske verda til dei som bombar? Nei, dette er ei  skikkeleg røre.
   Men er me villige til å gå inn med våpen og verne om fredelege demonstrantar i Aust-Libya? Det kunne truleg ha spart ein del liv og kanskje medverka til å snu kampen mot GaddAfi, viss det er dét me vil. Det er berre det at då ville me blø meir enn om me hiv ut nokre bomber frå eit  fly. For oss er det reinslegare å krige frå 20 000 fot.
   Vel, kva er det me vil med aksjonane? Velte regimet?  Då seier Vesten både ja, nei og veit ikkje. Heilgardering. Men å verne om sivile liv skulle vere eit hovudsiktemål ifølge FN-resolusjonen. Ja, viss bombinga oppnår det, så berre køyr på.
   Og kven skal styre ståket? Mange vil vere med, men ingen vil ta ansvaret. Viss NATO eller USA tek styrespaken, knurrar russarane. Det same gjer faktisk franskmennene. Tyrkarane toar sine hender. Og amerikanarane vil absolutt sleppe ansvaret. Dei har meir enn nok å styre med for tida, men vil ikkje sleppe heilt taket om saka likevel. Franskmenn og engelskmenn er hissige kleggar som vil markere seg, same kva. EU og NATO veit ikkje kva dei vil.
  Men FN, då? Dei har jo sagt ja takk til aksjonar. Men der sit Peer Gynts medsamansvorne og utbasunerer: " Tænke det , ønske det, ville det med, men gøre det, nei, det skønner jeg ikke!"
    Nei, eg veit verken ut eller inn. Kanskje kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hyllar FNs initiativ, burde verte øvstkommanderande og samordne aksjonane? Så  kan ho late oss lærarar vere i fred ei  stund.

2 kommentarer:

  1. Hei Reidar:) Tøft å sjå at du har laga deg ein blogg. Eg må sei at eg er eining med deg når det gjeld opprøyret i Libya. Gaddafi går til krig mot sitt eige land, det høyrer ikkje heime ein plass. Det skal bli spennade å sjå kva som skjer no, om Gaddafi og hans soldatar kjem til vet og snur om på dette forferdelege levenet.
    Likte siste setninga di forresten:)

    SvarSlett
  2. Interressante tanker, men nokså omfattende for en enkel sjel å kommentere.

    Tenk enkelt: FN er "Herren", Nato er "englene" og Haag-domstolen er "dommeren". Verden går framover mot en mot en lysere og diktator-fri fremtid. Hilsen Gunhild

    SvarSlett