søndag 5. mars 2017

UVENTA KNAPP

Eg har somla urimeleg mykje med skriving til ære for det stolte idrettslaget Svint. No har det gått vekevis sidan eg skreiv sist, endå  eg er pensjonist og i utgangspunktet skulle ha allverda med tid. Men sidan laget skal ha årsmøte snart, tenkjer eg at eg får ta meg i hop.
   Laget hadde eit godt og tenleg stadion til bruk for friidretten, som var hovudsatsinga til Svint i mi barne- og ungdomstid. Stadionet låg i Skor, heime hos eldsjela Olav Sande. Sand'n var jo den store stjerna i laget, ein seig liten tapp som var i landseliten på lange løp og ein sikker vinnar på ankeretappa i Svintstafetten. Ja, når han berre kom på å ta av på rett plass og ned til målområdet. Heime ved tunet sitt hadde han rigga til hoppestativ, lengdegrop og kulering, og han hadde målt opp distansar i riksvegen for løpsøvingane. Så alt var tilrettelagt for treningsstunder og klubbstemne.
   Ein fager sommardag var me opp til Skor og tok idrettsmerke. Etterpå for me bort i Markhusvatnet, ikkje langt unna, og tok ein god dukkert. Nokon foreslo at me skulle symje eit stykke og tilbake, og me så gjorde. Symjinga gjekk bra; eg hadde no trass alt sumt frå Båthammaren ute ved Ilkjensfjæra og over til Kobbeskjeret og tilbake. Eller frå Saueskjeret over til Flekkebryggja og tilbake. Mange gonger.
   I juleferien var det årsmøte i Svint, og på same møtet fekk me utdelt idrettsmerka som me hadde gjort oss fortente til. Men så kom Olav Sande med eit merke til: symjeknappen. Eg var blant dei som vart oppropte for å ta imot denne ærefulle knappen. Eg protesterte, eg hadde vel aldri vore med på nokon knappetest? Det måtte vere feil. Men så vart eg påmint om badinga i Markhusvatnet om sommaren. Å ja, no først skjønte eg poenget med den symjeturen. Og knappen vart min.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar