torsdag 19. januar 2017

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR

Nei, i Flekke var det ikkje Holmenkollstafetten som var vårens vakraste eventyr. Det var Svintstafetten.  Det unge idrettslaget staka opp ei stafettløype som høvde godt til laget. Den unge, særs talentfulle Gunnar Kalstad fekk  ein  høveleg kort etappe. Langdistansestjerna vår, Olav Sande, fekk sluttetappen, som var lang nok til at han lett kunne nå  att eventuelle konkurrentar som prøvde å stele sigeren frå Svint-gutane. Løpet starta ved ungdomshuset, følgde postvegen (eller gamlevegen, som me sa i den tid) inn Stavsdalen til Våkneskarvadet, der turen gjekk opp Tjuvevegen til riksveg 570 (seinare riksveg 57, seinare fylkesveg, eller Nyevegen, som me sa). Så følgde dei denne vegen ned att til Flekke, tok av over Finnbrua, gjennom Finntunet og Garatunet ut til skulehuset og  opp om bøgarden ved kalvehuset til Garagutane, og deretter langs bøgarden heilt til kalvehuset til Finn, og så ned att til ungdomshuset. Skal tru om dei kanskje la til ein ekstra runde og sprang den aller siste sløyfa to gonger så Olav Sande skulle få sikre sigeren? Denne blide skoringen var den beste langdistanseløparen i fylket og hevda seg i landstoppen, må me hugse. Når så Olav passerte målstreken, hadde Svint drege sigeren i hamn. Heile bygda stod og jubla i det vakre vårvêret. Etterpå var det premieutdeling og fest i  ungdomshuset.
   Men eitt år skar det seg. Olav gløymde å ta av ved Finn-kalvehuset og sprang vidare innover utmarka i retning Grønekvia og Årelia. Dei som kom bak han, følgde på. Ingen rekna med at ankermannen på heimelaget skulle ta så feil. Så vart tabben oppklara, og ei gruppe andpustne, sveitte og tafatte idrettsgutar labba tilbake til kalvehuset, stansa opp, stod og såg på kvarandre og lurte på kva dei no skulle gjere. Dei tok like godt og stilte seg opp, sa "Klar, ferdig, gå!" og la på sprang dei siste to-tre hundre meterane ned til mål. Og stakkars Olav, som ikkje var nokon sprinter, måtte sjå seg slått av tre-fire andre.
   Eg anar ikkje korleis dei takla premieutdelinga den dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar