søndag 22. januar 2017

FLEKKES (OG SVINTS) STORE DAG

I Den sjuande sans-dagboka mi frå 1958 er det ikkje mange notatar, men den 22.juni laut eg notere litt: "I dag er Flekkes store dag! Noregsmeisterskap i kort maraton." Og så har eg notert ned resultatlista.
   Jau, det var ein stor dag, ein godvêrssundag og  folkefest. Løpet - også omtalt som 25 kilometers landevegsløp - gjekk frå vegeskiftet i Flekke og følgde riksvegen til Nautsund, der deltakarane vende og sprang ned att til Flekke. Deltakinga var ikkje så mykje å skryte av, berre sju stykke. Finn Systad vann, og Svints store stjerne, Olav Sande, vart nummer fem. Men at Idrottslaget Svint fekk dette meisterskapet, var ikkje noka lita bragd. Tykte me. 
   Broder Steinar og jamaldringen Erik Sølvberg synte seg å inneha ein god grann forretningstalent. Onkelen til Erik hadde jo butikk i bygda, og no fekk desse to karane låne garasjen hans og rigge seg til med sal av brus. Kanskje jamvel is og snop, det hugsar eg ikkje. Onkel Odd kunne stå som forretningsansvarleg, så her vart det nok ikkje søkt om noko løyve. Litt lenger borte hadde Storakerfolket sin butikk ope og selde brus og denslags, dei òg. Men mens Erik og Steinar tok betalt for flaskepant og betalte tilbake når tomflaska kom i retur, tenkte ikkje Storakerfolka slik. Dei bad folk kome att med flaska når ho var tom. Det var det ikkje alle som gjorde; somme var så uærlege at dei gjekk til garasjen og fekk flaskepant hos Erik og Steinar.
   Dagen etter var det jonsokaftan. Som vanleg når denne dagen kom, romsterte eg i hus og stabbur etter tomflasker som kunne pantast, og så gjekk eg på butikk for å få inn pengar til jonsokbrus. For det måtte me ha; kjekspakke og brusflaske med hòl i korken som me gjekk og patta på mens jonsokbålet brann og sommarkvelden lakka og lei.
   Men då eg kom til Mathilda på Storakerbutikken med tomflaskene mine, vart ho  bisk i åsynet og nekta å betale ut nokon pant. Dagen før hadde dei tapt fleirfaldige kroner på flasker som ikkje vart returnerte, fortalde ho. 
   Eg laut gå på Oddbutikken, og der fekk eg pengar og kunne kjøpe jonsokbrusen min. Noko særleg minne frå sjølve NM har eg ikkje, men flaskehistoria hugsar eg.
      

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar