tirsdag 17. januar 2017

IDROTTSLAGET SVINT


I dei godt og vel fem hundre blogginnlegga eg har hatt her på denne nettstaden, har eg visstnok enno ikkje skrive om Idrottslaget Svint. Det er ei alvorleg forsømming. Så etter ei lang, lang bloggpause skal eg no bøte litt på denne stygge slurveferda mi.
   Inspirasjonen har eg fått frå  nokre gledelege kunngjeringar på feisbukk, som syner at laget er i beste velgåande. I barne- og ungsomsåra heime i Flekke var Svint eit heidersnamn, idrettslaget som femnde om Skor, heile Guddalsdalføret og Flekke-krinsen. Seinare breidde det seg visstnok langt ut langs fjorden.
   Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynne, men då presenterer eg den første idrettsdrakta som hadde namnet på laget godt synleg på ryggtavla. Det var ei flott drakt, friskare i designet og fargevalet enn dei vanlege blåkvite draktene folk gjekk med viss dei hadde råd til å kjøpe seg treningsdrakt. Trøya ser du her, kvit, raud og svarte bokstavar. Broka var svart, kan eg nemne. Flott, ikkje sant?
   Då drakta var ny, var eg og ein guddøling i Høyanger og sprang. Eg trur det var sommaren 1965.  Me gjorde stor lukke. Ikkje for det at me la beslag på dei to siste plassane på både firehundre og femtenhundre i juniorklassa. Nei, men me vart hylla for dei vene idrettsdraktene våre.
   Om lag femten år seinare grov eg fram drakta, som låg svært langt nede i kleskåpet vårt på Husnes. Det var ein fin vårkveld, og eg fekk for meg at det ikkje var for seint å prøve seg med ein joggetur etter gammalt. Så eg kom meg av garde og jogga pent og pynteleg langs Kaldestadvegen. Nokre gutlarvar såg meg og las høgt og skingrande: "Sviiiin...(t)!" Siste bokstaven var nesten ikkje høyrbar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar