torsdag 19. mai 2016

MERKEÅRET 1956

På denne dagen, seksti år tilbake i tida, fekk dei to brørne mine og eg ei syster, som me gjorde vårt beste for å skjemme vekk. Til ære for henne tillet eg meg å klyppe litt frå to gamle skriftstykke. Aller først noko som eg produserte for snart tjue år sidan, og som handla om hundane i Flekke og litt til. Åra mellom 1956 og 1960 var hundelause. Derimot var det så mykje anna spennande som gjekk føre seg i Flekke, og som kom med i hundeboka. Stort sett er dette uredigert. Fleire av dei eg skriv om, er døde no. Folk frå andre byar og bygder som måtte finne på å lese dette, får ha meg orsaka om det finst namn og ord som er ukjende for dei.

Me er ikkje ferdige med merkeåret 1956. Den 30 april, ein halvgrå vårsundag, sa mamma farvel og reiste med dampen til by’n for å få den store magen av seg. Ein heil månad var ho vekke, den lengste ferien ho nokon gong har hatt. Ola Espedal og Arne var på hyttetur den helga, og vel heimkommen vakna bror Arne den 2. mai med ein masse raude prikkar i ansiktet. Så skreiv eg til mamma - kanskje ho har brevet framleis, ho har gøymt på masse brev - då skreiv eg at  han hadde fått ein brote med  raude, små, fine bissevovvar. 
   Dagane gjekk, og me feira syttande mai. Den 18. vakna Steinar og eg  og måtte stå opp og gå på skulen, endå så trøtte me var etter feiringa. Ikkje misforstå, me var nok i seng ved midnatt etter skodespelet og fyrverkeriet. Men likevel. Då oppdaga den eine av oss at den andre hadde fått raude hundar om natta, og ved nærmare ettersyn hadde me såmenn fått sykja begge to! Sjuke kjende me oss slett ikkje, men no kunne me glade og med godt samvit halle oss ned att i senga og ta det med ro. Å gå på skulen vart ikkje aktuelt den dagen![1]
   Det som hende dagen etter, fekk me ikkje greie på før dagen etter det att. Då kom det telefonisk beskjed om at me hadde fått ei syste. Nett så uventa var det ikkje, men det kunne like gjerne ha vorte ein bror til, slik eg ønskte meg. Nett det ønsket vart fort fortrengt eller gløymt[2]. Papen var så gild at han visste ikkje kva fot han skulle stå på, derfor brukte han begge føtene og gjekk til Ilkjens med meg på slep for å fortelje om nyhendet. Dei raude hundane var allereie på retur.
   På Ilkjen spreidde ryktet seg fort, men Asbjørn var ikkje heime nett då. Då han kom heim, fortalde tante Målfrid han at no hadde Arne,  Steinar og Reidar fått ei syster, dei og. Asbjørn vart vilt begeistra og ville gjerne bere nyhendet vidare. Først opp på loftet til besteforeldra, men dei visste alt om det. Så på Kvia, men dei og hadde frett det. Då kom han på noko lurt: “Men tante Lisbet, ho er i by’n, ho veit sikkert ikkje om det!”
   For broder Steinar vart denne pinsehelga ein blanda fornøyelse. Han skamsykla ned gamle Gota på det vis at han ikkje greidde svingen ved gamle Storakerbruna og kolla så kragebeinet gjekk tvers av. Det hadde vore mykje likare om han hadde halde seg i ro og pleia dei raude hundane sine. Men så fekk han komme til Dale til dokter og vart bandasjert etter kunstens reglar. No vart det ikkje slutt på syklinga for denne helga. Det var pinsehelg med to helgedagar, må me hugse. Og kanskje det var andre pinsedag at det var damp. Mamma i by’n hadde ordna med kjøp av ny, dvs. brukt, sykkel til Steinar. Og så kom sykkelen med dampen lenge før herda var grodd. Sjølvsagt kunne ikkje katen dy seg, han laut prøve det nye vedunderet.
   Torsdag den 31. mai var eg på Ilkjen ein tur. Mens me sat der på kjøkkenet og åt non, reiv tante Målfrid av kalenderen så juni månad kom fram. “Korfor gjer du det no, det er ikkje  juni før i morgon,” innvende  Peter Kåre. “Jau, for då er det nett som om det ikkje er så lenge til tante Lisbet kjem heim med den nye systa deira,” var svaret.
Og tidleg, tidleg fredags morgonen var Steinar og eg på bryggja og skulle ta imot dei. Me var ute i god tid, men det var ikkje dampen. Han var noko slikt som to timar for sein. Me gjekk der og trakka ei god stund, men så laut Steinar på skulen[3].
   Omsider kom båten, mamma kom med ei aldeles nydeleg lita jente sovande i ei vogn, og eg fekk æra av å trille henne heim. No var papen kommen til og, han var vel ferdig med mjølking og slikt, tenkjer eg.
   Same dagen troppa Asbjørn opp og måtte sjå. Men sundagen etterpå, eller kanskje sundagen deretter, tenkte dei på Ilkjen seg inn om Hogjen med barsengmat og skulle sjå den nye systa vår. Spørsmålet var om heile hurven skulle vere med denne første gongen. Då sa Ove: “Du Asbjørn treng ikkje vere med, for du har sett Else Karin deira hos tante Lisbet før!





[1] Slik er det eg synest å hugse det. Men det kan knapt stemme at begge skulle på skulen, for eg gjekk  fjerde og Steinaren sjuande året, så me hadde nok Årøyen begge og gjekk kvar sine dagar. 18. mai trefte forresten på ein fredag det året.
[2]  Eg sa ikkje, slik dei seier i vitsane, når ein av syskena vert konfrontert med utsikter til å få ein bror eller ei syster: “Eg vil mykje heller ha ein hund!” Men skal eg tru tante Gerd,  så sa Bjarne nett det då han fekk vite at dei venta Pettermann.
[3] At han og ikkje eg skulle på skulen denne fredagen, er ein sterk indikasjon på at fotnoten min om kven som slapp å gå på skulen den 18. mai er korrekt.

Så tillet meg ganske enkelt å leggje inn peikaren til ei gammal bloggside:





1 kommentar:


  1. Du skriv framleis godt, Reidar. Gled meg til å høyre (og sjå) deg 25. juni!

    SvarSlett