mandag 14. september 2015

RØYSTERETTEN

For femti år sidan i går var det stortingsval, og eg fekk ikkje røyste, jamvel om eg hadde klare meiningar om kva parti som burde ha fått stemma mi. Men tjueåringar var ikkje modne for ei så alvorsam akt som å vere med og velje styringskvinner og -menn. Me såg kor det gjekk, heidersmannen Einar Gerhardsen laut gje seg og sleppe til den frittalande bonden frå Senterpartiet og Trøndelag, bestefar til oljeinvestor Ola Borten Moe. I lag med tre andre parti.
   Denne sommaren hadde eg prata med ei godt vaksen engelsk dame som eg trefte på båten til Bergen. Ho var og såg på dei vedunderlege norske fjordane, naturlegvis. Ho var ikkje heilt blank på norsk politikk. Ho hadde fått med seg at me skulle ha stortingsval, og at Arbeidarpartiet, som no hadde styrt i tjue år, såg ut til å måtte gje frå seg makta. Kva eg meinte om det? Eg sa at eg trudde ikkje det ville utgjere særleg stor forskjell for verken land eller folk. Sidan ho ikkje hadde røysterett ved det norske valet, kunne eg trygt seie det som det var; her var det ikkje røyster å hente. Ho forstod slett ikkje at eg kunne seie noko slikt. Ho hadde fått det for seg at dette var den første gongen det norske folket skulle få velje på tjue år, og at alle gledde seg til å få vekk dei sosialistiske undertrykkjarane.
   Nei, eg fekk ikkje røyste som tjueåring, fortredeleg nok. Men verre var det for mamma og papen. Røysterettsalderen var 23 år før krigen. Og då måtte du ha fylt år innan valdagen. Frå 1814 og fram til 1920-talet var grensa faktisk 25 år. Ved kommunevalet i 1937 kunne nok papen gjerne ha tenkt seg å delta, interessert i politikk som han var. Men nei då. Han fylte 23 eit par veker etter valet, så då fekk han ikkje sleppe til. Den gongen var det ikkje nok å nå grensa seinast nyårsafta i valåret slik som no. Og mamma, stakkar, var berre tjueein.
   Så gjekk åra, og i 1940 bryggja det seg opp til stortingsval. Endeleg skulle mamma og papen få gjere si samfunnsplikt. Men den gong ei. Det sytte Quisling og Hitler for. Ikkje før hausten 1945 fekk foreldra mine sleppe til. Papen var nesten 31 og mamma 29.
   Og Einar Gerhardsen fekk sitje trygt i stolen sin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar