fredag 23. oktober 2009
MONOPOL
I natt vart det kåra ein norsk verdsmeister i monopol, ein nittenåring. Eg tenkjer i mitt stille sinn at eg burde ha stilt opp, og likar å tru at eg er den personen her i verda som har spelt mest monopol. Meisteren likar å satse på dei oransje gatene: Grensen, Gabels gate og Ringgata, og det er eg einig med han i. Men denne gongen hadde han flaks med dei blå gatene.
Tidleg i femtiåra kom det eit monopolspel under juletreet til brørne mine og meg, frå bestemora, onkel Fritz og tante Karen i by'n. Me spelte og spelte, dag ut, dag inn, me drog naboungar og syskenborn med, og Jan Hovlandsdal vart så tend at han laga seg sitt eige monopolspel av papp, papir og trevyrke. Me utvida spelet og tøygde reglane: Når banken gjekk tom for kontantar, skreiv me ut verdipapir som me kunne veksle til oss mot pengehaugen me etter kvart sat med. Me kalla desse dokumenta - feilaktig - for sjekkar, eit papir me aldri hadde sett, berre høyrt om. Såleis fekk banken att kontantane sine og kunne gje oss to tusen kroner når me passerte Start. I tillegg til dei fislete sjansekorta som følgde med, der den største vinsten var 1500 kroner for "Motta renter av Deres obligasjoner", så laga me fleire med feitare premiar: "Du har vunne 10 000 i tipping" og liknande. Eit anna grep som me innførte, var å skrive opp skuld så me slapp selje unna husa og hotella til halv pris etter eit par ulukksalige besøk på Rådhusplassen. På dette viset kunne eit spel vare i dagevis. Me skreiv opp alle våre aktiva og passiva og rydda vekk brettet, alle husa og hotella og det andre som fløymde over stovebordet, og så kunne me rekonstruere spelestatusen neste dag og halde fram. Spelet vårt vart forresten svært slite etter kvart, spesielt pengane. Men då skreiv me til Damm og kjøpte nye pengar.
Seinare, i studietida, kjøpte eg eit monopolspel, og me spelte og spelte. Så kom sønene våre til skjells år og alder. Då kom det nytt spel i heimen og med mange og harde rundar kring brettet. Jau, eit verdsmeiserskap burde eg ha vore med på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar