torsdag 29. oktober 2009

NÆR SLEKT

Her i Kvinnherd er det tynt med slektningar. Men næraste grannen, Sven Løkeland, er frå Bergen, men stammar frå gamle Fjaler. Litt leiting i Fjalesoga viser at ungane hans er seksmenningane mine. Slett ikkje verst! Det er Tyssedalsslekta som har forgreina seg slik at me er skyldfolk. Eg nemner slektskapen av og til med han, og så flirer me litt i lag.
Men så har eg ein del femmenningar i bygda. Tremenningen til bestemor Elise på Igelkjøn hamna som gardkjerring på Sunde. Ho og kom frå Vassdalen, frå Myklebust. Eg kjenner godt to av barneborna hennar, syskenborna Arve og Tore Kjell. Og eg omtalar desse to femmenningane mine som næraste slekta mi her i Kvinnherad (etter at sønene mine forlet heimen). Dei tykkjer det er litt festleg, og spesielt Tore Kjell kommenterer slektskapen kvar gong me møtest.
Tore Kjell har fortalt den utruleg søte historia om kvifor bestemora hans hamna på Sunde: Ho var i teneste i Bergen og skulle heim til jul. Men så rota ho seg om bord i feil fjordabåt i Bergen og vart med "Søndhordland" eller kva det no var for ein båt som gjekk sørover. Det var fortvilande for den unge jenta, men så vart ho kjend med ein ung mann på båten som og var på veg heim til jul. Han heitte Tørres Opsanger, og Tørres tilbaud den villfarne sunnfjordjenta å vere med han heim. Og slik vart det, jenta var sjeleglad for tilbodet, og resten av livet vart ho verande i Sunnhordland. Som gardkjerringa til han Tørres på Opsanger.

2 kommentarer:

  1. Hei femmenning, lenge sidan sist !
    Eg er innom bloggen din fra tid til anna, det er alltid både hyggjeleg og opplysande.
    Siste dagane har er gledd meg over tilbakeblikk fra tida i Gymnasbrakka.
    I dag har er lese nokre av dei første innlegga på bloggen din, "Nær slekt" fra oktober 2009.
    Koseleg historie Tore Kjell har fortalt deg om ungjenta fra Sunnfjord som vart gardakjerring på Opsanger. Sidan er alltid har hatt stor respekt for eldre folk, skal er ikke påstå at Tore Kjell tar feil, men det finne og ei anna forklaring på kvifor Kristine Myklebust havna på Opsanger. Ho vart uansett ikke gardakjerringa til son sin, Tørres Opsanger, men vart derimot gift med far hans, Tor Opsanger.

    med helsing
    Arve
    (nær slekt)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord. Slik går det når innflyttarar skal late som dei kjenner dei innfødde...Beklagar at eg har surra med namna.

      Slett