lørdag 15. oktober 2011

ATTER EIN HAUST

Så er haustferien nesten over. Me fekk nokre bra dagar i Bekkjarvik, med såpass godvêr at Tore fekk måla ferdig sørveggen, eg fekk skore ferdig, montert og måla nokre lister, Anne og eg fekk georginene or jorda, vedaladet inn i kjellaren og dei nedrivne fjølene frå den nyfiksa veggen på SIM. I det heile eit produktivt opphald.
   Faktisk har me sett sola i dag òg. Men det er ikkje til å snakke vekk at hausten er her, og at vinteren står for døra. I går var det den fjortande oktober, første vinterdagen og tid for å vende primstaven.
   Forresten hadde mamma vore 95 år i går om ho hadde levd. Men det gjer ho ikkje. Ikkje ho, ikkje papen, ikkje onklane våre, ikkje storebroren.
   Det er haust, og det går mot vinter.

2 kommentarer:

  1. Anar eg haustdepresjonar under skjorta? Dei skal me driva ut komande laurdag. Då blir alt berre fryd og gammen.

    SvarSlett
  2. Det gleder me oss til ...

    SvarSlett