søndag 14. august 2011

LANG, VÅT BLOGGTØRKE

Dei som måtte leite etter blogginnslag frå meg i sommar, har leita til fånyttes sidan tidleg i juli. Eg tykkjer det er rett og rimeleg at også ein bloggar skal ha nokre vekers sommarferie. No har det slett ikkje vore utevêr heile denne perioden med bloggtørke. Me har ikkje hatt mange dagar utan ein og annan vasskvett. Såleis skulle det nok ha vore både tid og høve til nokre stunder med datamaskina.
   Men no er eg altså i gang att. Så berre ta deg ein tur innom i dagane som kjem, viss du gidd. I morgon er det skuledag, den første etter ferien. Rett nok berre for oss som hevar løn der borte, elevane kjem ikkje før onsdag. Etter alle solemerke vert dette eit merkeår, for eg reknar med at det er mitt siste som lærar. Rune (eldste son min) var innom temaet her i sommar, og kommenterte slik: "Ja, men då er du jo russ i år, pappa. Du skal vel berre går rundt og drive med jævelskap på skulen då!" Det var ein fortreffeleg idé som eg skal ha i mente. Spørst kva farge eg ska ha på hua.
  Her ein dag trefte eg ein tidlegare elev, som no er vorten ei flott, ung dame. Eg nemnde at det sikkert vart siste året mitt i jobb. "For noko tull, Reidar, du har vel knapt bikka dei femti, du!" Eg såg på det ertande fliret at ho spøkte. Men eg er lett mottakeleg for smiger, så eg takka og bukka for den kommentaren og lest som eg var einig.

2 kommentarer:

  1. Lukke til med ditt siste skuleår, om det vert det då. Ingenting som eg kjenner til, hindrar deg i å heva løn nokre år til.

    SvarSlett
  2. Hei Reidarbror:

    Han Reidar var fæl til å blogga,
    Men i sommar, så hadde han stogga.
    Eg tenkte som så
    at du skal berre sjå:
    grunna regnet var brillene dogga!

    SvarSlett