Det finst alltid eit påskot til ein fest. Du kan til dømes byggje ein molo. Det har me gjort her på Eikelandsberget. Rett nok gjekk det litt tid frå dei første steinblokkene hamna i fjorden utanfor berget til festen gjekk av stabelen.
Me var tretten familiar som i 1982 gjekk i gang med eit sjølvbyggjarprosjekt her i Valo (eller på Valen, som folk flest skriv, men som dei innfødde ikkje seier). Utover våren og sommaren det året var det eit ofseleg anleggsområde her som dei tretten husa og hagane no ligg og skin. Overskotsmasse kunne entreprenøren leggje ut som ein molo, det vil seie: opptakten til ein molo. Spesifikasjonane for nett denne ørvesle delen av det store anleggsprosjektet var lite detaljerte. Men ein slags molo vart det, ei steinrøys som gjekk som ein hake ut i sjøen. Bevares, han har fungert som molo i alle dei år, men steinar sig ut, massen på toppen har vorte vaska vekk, og den reint estetiske utforminga var så som så.
Fleire gonger har me fylt på med meir stein og masse, men fundamenteringa får me nok fleire problem med i åra som kjem. Men i fjor fekk me faktisk summa oss til å strigle moloen med ei støypt plate på toppen og nesten vakre kantar på innsida, kledde med trykkimpregnerte bord.
Og då måtte me ha innviingsfest. Den hadde me første pinsedag. Små og store deltok, me hadde snorklypping, avduking av redningsbøye i eit vakkert oppheng, reker, kaffi og kaker. Me skrytte av kvarandre for god innsats og godt naboskap. Heilt fortent. Alle dei trettiåtte festdeltakarane kom vel frå det utan at nokon fekk bruk for redningsbøya frå forsikringsselskapet Tryg (bøya har fått namnet Trygve, forresten).
Somme meinte at me måtte byggje fleire moloar for å få påskot til ny molofest.
De er ikkje redde for at Sponheim krev moloen fjerna?
SvarSlettDet er grovt brotsverk å ta seg til rettes i strandsona, veit de!
Det kan alltid vere påskot for rive-molo-fest ??????
SvarSlettFy deg! Me fekk jo teikna inn moloen på reguleringsplanen av 1982, godkjend og velsigna av grannar og alle offentlege instansar, sameleis med alle formalitetar for utbetringa i 2010. Lars er ein råtass, men det får vere måte på!
SvarSlett