Eg nemnde sist at eg ikkje har særleg medynk med elevane mine når dei skal opp til eksamen. Men kan det vere slik at eg vil hemne meg på dei for slikt eg sjølv har vore ute for? Eg har hatt mine eksamenar, eg òg. Ikkje alle har vore like smertefrie.
For femti år sidan i desse dagar (eller kanskje nokre veker tidlegare på våren, ) var eg opp til eksamen i matematikk på realskulen. Det eg hugsar best frå den dagen, er at eg var frykteleg nervøs. Matematikk var det beste faget mitt, så eg burde ikkje vere så uroleg. Men nervøs var eg, og det kan ha prega innsatsen. Eg rota med enkle ting, og mot slutten kom eg i tidsnaud. Eg sat med ein brøk som burde ha vore nedkorta, men det rakk eg ikkje.
Vel, det vart ein M, så eg trong ikkje syte. Nokre veker seinare sat eg i det minste klasserommet på Firda Gymnas i lag med nitten andre i B-klassen på engelsklinja. Det vart med andre ord ikkje fleire eksamenar på realskulen. Me kunne begynne på treårig gymnas etter andre klasse på treårig realskule.
At det vart engelsklinja, var det somme som stussa på, mellom andre to eldre brør som begge hadde gått reallinja. No var eg sterkt interessert i engelsk på den tida, så det var ikkje eit heilt tilfeldig val. Men kva om eg hadde smotte gjennom matteeksamen med karakteren S? Hadde eg då for skams skuld søkt reallinja? Det veit eg ikkje, og eg veit heller ikkje kva eg hadde drive det til i livet om eg hadde valt den vegen for femti år sidan.
Men eg angrar ikkje. Trur eg.
Rart at du valgte engelsklinja og var interessert i engelsk. Du tok jo ikkje den interessa med deg til Univ i Bergen.
SvarSlettMen fint at du blei filolog. Hadde du blitt realist og hamna på Kvinnherad Gymnas med slike fag, måtte vel eg funne meg anna stilling.
Akk, akk, då hadde eg neppe sloppe til der. Eg tenkte å studere engelsk, men vrengde heile planen min etter kvart. Det forlenga studiet, og eg hamna med fransk og norsk i staden for tysk og engelsk. Slik kan det gå ...
SvarSlett