Gravferda er over. Det tok tid å få broren heim frå Portugal. Det måtte både obduksjon og ymse formalitetar til. Obduksjonen slo fast at det var eit kraftig infarkt som tok knekken på den uvanleg spreke syttiåringen.
I går stod me og såg båra med bror min verte firt ned i ei grop på kyrkjegarden i Dale. Det fall mange, mange tårer frå mange raude auge. Arne storebror hadde ein stor familie og mange vener. Steinar er no den eldste broren min, to og eit halvt år eldre enn eg. Han og eg stod og gret i armane på kvarandre ved jordfestinga. Nokre minuttar tidlegare presenterte eg kransen frå oss sysken med familiar. Eg hadde nokre ord på tunga i tillegg til teksten på kransesløyfa. Men det skar seg.
Etterpå var det minnestund med betasupper med meir for dei som ønskte å vere med så lenge det var plass i bedehuskjellaren. Tonen var eit godt hakk lysare no, og kjøkemeister Liv, likkjesysta vår, presiserte som sant var at Arne slett ikkje var nokon sentimental fyr, så no var det lov både å le og klappe for gode historier. Og det fall mange gode ord som Arne burde ha fått høyrt.
I dag er me heime att. Men det som eg kunne ha sagt ved kransnedlegginga, var nokre linjer av Arne Garborg:
Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru
som lovar vår
Eg skjønar så inderleg vel at dette har vore vondt. All ære til deg som kan skriva så tydleg og ærleg om hendinga. Håpar det går greitt vidare...
SvarSlettTakk, Gunnar! Ja, det går seg til etter kvart, slik det må. Og det verste er over no.
SvarSlett