tirsdag 20. desember 2011

NISSETID

På trehundretalet budde det ein snill biskop i Vesle-Asia som heitte Nikolaus. Han skapte seg eit ettermæle som ein snill og gjevmild fyr. Ja, så generøs var han at han vart tilkjend helgenstatus med minnedag den 6. desember. Og då kunne folk minnast gubben med gåver til verdige trengande eller andre snille folk. Men ikkje berre det: Sidan det no var jul, slo folk like godt i hop nikolausmarkeringa med julefeiring, så slapp dei å blakke seg heilt på presangar. Og Nikolaus vart til Nils, som vart til Nisse, eller til Klaus, Klaas eller Claus. Med heilag (eller Sankt eller noko liknande) framfor. Neste gong du ser den amerikanske versjonen i sid kåpe, kan du tenkje på ein bisp i fullt skrud. Kva nordpolen har å gjere med fyren, forstår eg ikkje.
   Her oppe i Norden tok me til takke med ein liten, hauggammal gubbe som stort sett budde på låven eller i eit anna uthus. Ja, ofte budde han i ein haug ved tunet - Haugbonden eller Haugkallen. Han heitte ikkje nisse før danskane begynte å forveksle han med bispen frå Myra. Svenskane kallar han for Tomten eller Tomtegubben den dag i dag: Gubben som heldt til på tomta, eller i tunet. Tuftekallen var eit anna namn. Eller Tunvorden, som tyder tunvaktaren. I grunnen var han gjenferdet etter han som rydda garden, difor kalla somme han for Rudkallen. Og hans lagnad og misjon var at han ikkje kunne døy skikkeleg, men passe på at garden og folket der var på stell. Det minste ein då kunne gjere for han, var å gje han eit fat graut julenatta.
   Eg er så heldig å vere oppvaksen på ein gard der det budde ein tunvord, som dei sa. Han budde ikkje i løa, men i "gamlestaua" - gamlastovo ville det verte på sunnhordlandsk. Oppe på loftet der stod ei seng, og der sov tunvorden. Viss du tillèt deg å leggje deg i den senga, risikerte du at han kasta deg ut. Så seier segna. Gamlestaua er riven, og eg er slett ikkje sikker på kvar tunvorden held til lenger.
   I morgon tek eg og skriv om då han verja husbonden mot trollpakket i Stavsdalen.

2 kommentarer:

  1. Det er arig å lese historiene dine. Kunne du tenklje deg å lage noko til Fjaler 2012?
    Oddvar Vassliås

    SvarSlett
  2. No kor held Tunvorden til??? Men så ser du vel at garden ikkje lenger er i drift, ingen dyr å vakte, og folkja fær på arbeid og er borte frå garden... Når ikkje noken har bruk for ein, vert det kanskje endelikta for jamvel ein Tunvord???
    Systa

    SvarSlett