fredag 23. juni 2023

FLYTTEJUBILEUM

Endeleg stod det nye huset vårt på Eikelandsberget klart til innflytting. I skøytet heiter eigedommen Sjøkleiv. Midt i ei steinrøys omkransa av blanke berg, einebuskar og mose. Men det var vårt, og me hadde lagt inn mengder av arbeidskraft, omtanke og pengar i prosjektet. Me var ikkje åleine. Heile byggjefeltet var eit uvanleg samarbeidsprosjekt drive fram av tretten familiar. Historia om dette tiltaket bør skrivast ned før me gløymer for mykje. I dag vil eg nøye meg med å nemne to moment: førtiårsfesten på Berget og flyttinga til Eikelandsberget 21. I kveld feirar me førtiårsjubileum for ferdigstillinga av byggjefeltet. Nei, ferdigstilt blir det aldri; noko nytt dukkar heile tida opp. Men utetter året 1983 flytte dei aller fleste inn. Me har hatt store jubileumsgilde før: tiårsfest, tjueårsfest (den var nok den drustelegaste), tjuefemårsfest og trettiårsfest. Og i kveld er det førtiårsfest. Me slår det ikkje stort opp, men dei av oss som har budd her frå starten + nokre av dei som kom seinare, og nokre som er nyleg utflytte, stiller opp. Nett på denne datoen, 23. juni 1983, skulle Anne på jobb som vanleg. Eg og ungane hadde fått ferie, og ved frukostbordet snakka me så vidt om me kanskje kunne få til flytting snart, viss me fekk ordna med skyss. Dermed drog Anne på jobb i Kvinnheringen, og eg gjekk i telefonkiosken i Furuvegen, ringde og fekk tak i ein stor varetaxi. Eg engasjerte Helge Dahle som løpegut og berehjelp, og så var me i gang. Noko bar me inn med det same, men meir vart plassert rundt huset til dess me hadde fått tømt det aller mest nødvendige i Furuvegen 1 a på Husnes. Då Anne kom heim att til Furuvegen, var det nokså tomt og stussleg der i huset, og på kjøkkenet stod der eit par skiver med sveittande ost og ein lapp med påskrifta: "Me har flytta". Ikkje lenge etter var ho på plass på Eikelandsberget og tok fleire tunge tak med å få bore alt inn i huset. Den dag i dag er det for meg ei gåte korleis ho og Helge greidde å buksere inn det store, tunge Fureka-spisebordet gjennom terrassedøra (terrassen kom seinare, då var det berre ei steinrøys der) og bort i den kroken der det framleis står og ruver. Det var jonsokaftan, og om kvelden var me nok ein tur i stranda og brende bål, men nett det hugsar eg knapt. Me var blant dei første som flytte inn, eg trur at berre Beate og Jon og Solveig og Egil var føre oss. Nokre fleire, som heldt på med arbeid i sine hus, kom til. Ein nydeleg sommarkveld gjekk mot natt, men me seks (hunden Bobbi + fem menneske) på Sjøkleiv gjekk med forventning heim og tok kvelden i huset vårt for første gong. No, førti år seinare, sit Anne og eg her framleis. Mykje har endra seg. Det har dukka opp nokre hageflekker kring berga. Hunden Bobbi drog sit sist knurr for 26 år sidan. Dei tre gutane har forlengst flytta vekk Det same har nokre av dei gode grannane som var med og bygde i bustadfeltet vårt. Nye, gilde grannar har kome til. Men husa er attkjennande. Huset vårt er ikkje lenger trekvitt. Først vart det raudt, og ettersom me fekk grått hår, vart også huset grått. I kveld vert det fest.

søndag 1. januar 2023

JULEREISA 2022. FASIT

JULEREISA 2022 

1. ETAPPE Denne staden har fått sin rikdom og ry frå mellom anna sild og gourmetmat. Ein idrettsmann herifrå gjorde for nokre år sidan ein strålande karriere i landet der bestemora kom frå. Ein annan person frå staden har ein viss relasjon til ein person frå 2. etappe. 

Fasit: Bekkjarvik. Sildefiske, kokken Ørjan Johannessen på Bekkjarvik gjestgiveri. Fotballspelaren. Claus Lundekvam er herifrå; bestemora hans kom frå England. Anne er gift med Reidar (og omvendt!) 

2. ETAPPE Staden har fått namn etter noko me kan sjå i ei fjellside. Me kan òg sjå hytta til diktaren som var på fest. Litt lenger ute med fjorden samlast ungdom frå alle verdshjørne. Ein person frå staden har ein viss relasjon til ein person frå 1. etappe. 

Fasit: Flekke har fått namn eter ein stor, kvit flekk i Flekkenipa. Jakob Sande, som mellom anna dikta Då Gud heldt fest i Fjaler, hadde hytte der. United World College samlar nær 200 ungdommar frå ulike land. Reidar er gift med Anne (og omvendt!) 

 3. ETAPPE Me er i ein by, og frå denne staden kan me sjå mykje av byen. Staden har namn etter ein konge, og vart utbygd for om lag 350 år sidan. Du kan gjere som kvissmeisteren, ta med heile familien opp her og feire ein rund dag. Eller du kan passe på å møte opp på ein utekonsert her. 

Fasit: Kristiansten festning i Trondheim. Kristian 5. vedtok i 1660-åra at her skulle dei byggje ei festning. Her hadde kvissmeisteren syttiårsmåltid med alt sitt avkom. Ein populær samlingsstad. 

4. ETAPPE Like i nærleiken av ein mykje brukt ferdselsveg og nær ei fylkesgrense kan du leige deg eit rom her i det raudmåla huset og gå deg ein tur. Staden har same namnet som ein tidlegare stortingsmann og skulestyrar. 

Fasit: Fagerheim fjellstove på Hardangervidda. Oddleiv Fagerheim var skulestyrar og stortingsmann, men hadde ikkje noka tilknyting til fjellstova. 

5. ETAPPE Her er neste alle husa kvite, ellere kvide, som dei seier på staden. Me er i eine enden på ei øy, og her spelte dei i si tid inn utescenane til ein svart/kvit fjernsynsserie bygd på ein roman av ein av "dei fire store". Første gong me var innom her, kom me med ferja som ikkje lenger legg til. 

Fasit: Skudeneshavn heilt sør på Karmøy. Grensa mellom "blaude" og harde konsonantar går tvers over øya. På sekstitalet spelte Fjernsynsteateret inn serien Skipper Worse her, bygd på romanen av Alexander Kielland. Før alle bruene og tunnelane i Rogaland kom, gjekk det ferje mellom Mekjarvik ved Stavanger og Skudeneshavn. Den tok me på ein tur i 1979. 

6. ETAPPE Derimot har me reist til og frå denne staden med ferje. No er me i det store utland, men me forstår i all hovudsak språket dei talar her. Ein kunne tru at det er mange drap og andre misgjerningar i og omkring byen, men så har dei ein framifrå politimann som finn ut av det meste. Nokre år før dei bygde ut på etappe 3, høyrde denne staden til eit anna land. 

Fasit: Ystad, heilt sør i Skåne. Derifrå går det ferje mellom anna til Rønne på Bornholm, som me tok sommaren 1990. Og det går ferje til Polen, som me følgde då me var i m.a. Auschwitz på ekskursjon med Kvinnherad vidaregåande skule i 2002. Henning Mankell har forfatta mange bøker om den oppdikta politimannen Kurt Wallander i Ystad, og det er laga ei mengd filmar og fjernysnsseriar om denne mannen. I 1658 vart Skåne og fleire andre landskap i Noreg og Danmark erobra av Sverige. 

7. ETAPPE Midt i storbyen ligg plassen, som verken ligg særleg høgt eller oppå ei bru. Her har me meir enn ein gong sett oss ned med ein skvett øl og lytta til musikk, men ikkje kinesisk klimpring, det eg kan hugse. 

Fasit: Højbro Plads i København. Du kjenner sikkert visa om Tre små kinesere... 

8. ETAPPE Me gjer eit langt hopp ut i verda, til eit nytt land og ein liten landsby der ei ung kvinne opplevde underlege meldingar. Endå underlegare var karrieren hennar, som enda svært tragisk. Den første store dåden ho var meister for, skjedde i ein by ved ei stor elv litt sør for hovudstaden i landet. Ettermælet i heimlandet hennar er minst like levande framleis, nesten seks hundre år seinare. 

Fasit: Jeanne d'Arc frå den vesle landsbyen Domrémy i Lorraine i nordaust-Frankrike. Som syttenårig melde ho seg til innsats hos den ukrona franske kongen Charles den 7. for å ta opp kampen mot engelskmennene, som var i ferd med å erobre heile landet. Første store slaget var frigjeringa av Orléans ved Loire. To år seinare vart ho brend på bålet i Rouen i 1431. Argumenta for justismordet på denne svært religiøse jenta var heksekunst og kjetteri. 

9. ETAPPE I ein annan del av landet i 8. etappe kan du promenere langs denne lange gata, som om du var frå eit naboland i vest. Då har du stranda og havet med englane på eine sida og byen på den andre. Karnevalet går sin årlege gang med opptog her i februar. 

Fasit: Promenade des Anglais i Nice. Oppkalla etter engelskmenn, som i hopetal vitja byen på attenhundretalet. 

10. ETAPPE Me er framleis i dette landet, som me har besøkt mange gonger. Frå denne plassen er det god utsikt, og rett bakom ligg det ei stor, kvit kyrkje som er synleg i store delar av byen. Bydelen har eit lugubert namn, men eit lystig miljø. På denne plassen var det tidlegare - og til dels enno - tett med halvgode kunstnarar som teikna og måla. No er plassen nokså oppfylt av restaurantar. 

Fasit: Place du Tertre nær toppen på Montmartre i Paris. Den store, kvite kyrkja Sacré-Cœur ligg like ved. Namnet Montmartre kan kome frå guden Mars, eller frå ordet martyr. Viss det er det første som er rett, er det ikkje så lugubert likevel.Tertre-plassen var inntil for for få år sidan oppfylt av driftige amatørkunstnarar. No blir dei litt vekktrengde av restaurantane. 

11. ETAPPE Nytt land, ny by. Vel, byen er slett ikkje ny, ikkje landet heller. Landet er forresten ikkje av dei eldste og fekk sitt formelle sjølvstende i 1648. Byen kan takke norske eksportartiklar for sin eksistens, vert det sagt. For nokre og nitti år sidan hausta ein kar som seinare vart konge, stor heider, ære og edel medalje i ei idrettsstemne i og nær byen. 

Fasit: Amsterdam. Det seiest at byen vart fundamentert på norske tømmerstokkar, som vart banka ned i muddeeret i det våtlendte tomtelandet. Iallfall vart det eksportert mykje norsk tømmer og trelast til Nederland på 1600-1700-talet. Sommar-OL i 1928 gjekk for seg i og nær byen, og dåverande kronprins Olav var med som mannskap på ein seglbåt som fekk olympisk gull. Nederland vart formelt skilt frå den tysk-romerske riket etter trettiårskrigen i 1648, men hadde i realiteten styrt seg sjølv lenge før den tid. 

12. ETAPPE Me byter land igjen. Denne byen var eit viktig handelssentrum for eit naboland fram til det brått tok nesten slutt for snart hundre og seksti år sidan. Men som handels- og sjøfartsby ruvar han høgt i europeisk målestokk. Få byar har fått så ille medfart. Byen har fint lite å gjere med ein populær matrett. 

Fasit: Hamburg. Før den dansk-tyske krigen i 1864 var Hamburg ein viktig handelspartnar for Danmark. Etter nederlaget og avståinga av Holstein og Slesvig endra dette seg. Hamburg er Europas nest største hamneby etter Rotterdam. Byen vart hardt råka av bombinga i andre verdskrigen. Eg et sjeldan 'hamburger', men det gjer mange andre. 

13. ETAPPE Me dreg til ei øy og ein liten by i eit land som ikkje alle meiner er eit land, trass i namnet. Denne småidylliske kystbyen ligg nær nordenden av ein sjø. Ein del av namnet på sjøen finn me att i endinga av bynamnet. Skal du stase deg retteleg opp her, tek du ikkje på deg langbukser. 

Fasit: Inverness. Byen ligg heilt nord i Skottland, nær den kjende innsjøen Loch Ness, den med sjøormen du veit.Skottland er jo ein del av Storbritannia, men mange skottar vil lausrive seg heilt frå den unionen. Kilt er nasjonalplagg for skotske karfolk. 

14. ETAPPE Me dreg til ein by på same øya, men i hin enden, og slår oss ned på ein plass ikkje langt frå huset der statssjefen held til. Her ser me eit minnesmerke over ein kar som franskmennene ikkje vart så begeistra for. Det er forresten ikkje så lett å sjå kven det er. Plassen har namn etter ein stad i eit heilt anna land der nemnde person hadde hell og uhell med seg. 

Fasit: Trafalgar Square i London. Der står for tida det norske juletreet, men meir kjend og meir permanent er statua av Horatio Nelson. Ho er så høg at det er vaskeleg å sjå kven som tronar på toppen. Nelson var ein britisk sjøhelt i napoleonstida og leidde den britiske flåten som vann over den franske ved Trafalgar på spaniakysten. Men Nelson vart dødeleg såra. 

15. ETAPPE Endå eit anna land. Denne byen har bytt nasjonalitet, skifta ut mykje av befolkninga og har vore utsett for mykje av det same som byen i 12, etappe. Det var heimbyen til ein liten trommeslagar, og ein stor politikar som i utgangspunktet ikkje var politikar. Sistnemnde vitja Noreg og fekk velfortent heider. Arbeidsplassen hans i denne byen er ikkje som før. Byen hadde i gamle dagar mykje til felles med ein (etter nasjonal målestokk) stor norsk by. 

Fasit: Gdansk (Danzig). Før Versaillesfreden i 1919 høyrde byen til Det tyske riket og dei fleste i byen var tyskarar. På slutten av andre verdskrigen vart dei fleste tyskarar meir eller mindre tvinga på flukt. I dag er det ein polsk by. Det var fødebyen til forfattaren Günter Grass, som skreiv romanen Blekktromma, som òg er filma. Det er heimbyen til Lech Wałęsa, verftsarbeidar, fagforeiningsleiar og frigjeringsmann, seinare polsk president og nobelprisvinnar. No er verfta i Gdansk for det meste avvikla. Gdansk/Danzig var i si tid ein hansaby, slik som Bergen. 

16. ETAPPE Tilbake i gamlelandet. Denne staden (ja, han er ofte omtalt som ....staden) har ei verdig plassering i eit internasjonalt oversyn. Diktaren som har levandegjort gamletida med brød og nattevakter i og kring byen, var frå ei bygd i nærleiken. Det finst mengder av slikt stoff som dei produserte her, høgt oppe eller nedgrave i jorda, og nesten til ingen nytteverdi lenger. Eit EU-land gav namn til stoffet. 

Fasit: Røros. Ofte omtalt som Bergstaden, på grunn av kopargruvene nær byen og smelteverket. Byen har teke vare på mykje av det gamle bybiletet og er å finne på UNESCOs verdsarvliste. Johan Falkberget har skrive ei rekkje bøker om Røros og omegn, til dømes Den fjerde nattevakt og firebindsverket om An-Magritt: Nattens Brød. No har Telenor lagt ned koparnettverket, men tusenvis av kilometer med kopartrådar ligg nedgravne eller heng framleis mellom dei gamle telefonstolpane. Kypros gav namnet til metallet, og på den øya finst det framleis mengder av koparmalm. 

17. ETAPPE Rett sør for førnemnde stad kjem me til ei bygd med eit museum for bror til Bror min. Sidan her er mykje vinter om vintrane, kom det før i tida mange store skistjerner herifrå. Eg tvilar på om dalen har mange overnaturlege vette. Derimot har den rivaliserande nabobygda ein slags skulptur av eit framkomstmiddel med svenske anar. 

Fasit: Alvdal. Heimbygda til teiknaren og forfattaren Kjell Aukrust, mannen bak Flåklypa og dei humoristiske barndomsskildringane som til dømes boka Bror min.Fleire habile skiløparar kom frå området. I Tynset står ein av verdas største sparkstøttingar, som eit monument over sparkproduksjonen i bygda. 

18. ETAPPE Denne byen med eit viss monarkistisk kjennemerke har ein del til felles med staden i etappe 16. Men når det gjeld vinteridrett, var det ikkje seigt langrenn som prega dei store heltane. Så nemner me at ei musikkform skaper litt liv og røre ein gong i året. 

Fasit: Kongsberg. Også ein tidlegare gruveby, men her var det sølvgruver. Fleire framifrå skihopparar kom frå Kongsberg, og her er det jazzfestival om sommaren. 

19. ETAPPE Her har me budd, her har ein av sønene våre budd, her har det eldste barnebarnet vårt budd. Me er litt utanfor bykjerna i ein by som så vidt er ymta om i ei av dei tidlegare gåtene. Desse rekkjehusa fekk ein arkitekturpris og skulle ikkje vere for kven som helst. Bra utsikt, mange ungar. 

Fasit: Studentbyen Natland i Bergen. Her budde Anne, Rune og eg frå hausten 1971 til sommaren 1973, då me flytte til Husnes. Barnebarnet vårt, Hannah Sofie, budde her med mor si ein kort periode. 

20. ETAPPE Me er på veg heim og må innom dette ferjestøet på øya som òg har fått fastlandssamband. Kvissmeisteren har vorte rana i Paris ein gong, men ikkje her. 

Fasit: Ranavik, ferjestø og snøggbåtkai på Halsnøy. Etter at tunnelen frå fastlands-Kvinnherad til Halsnøy kom, må me ut dit viss me skal ta ferje til Stord. 

 ***

lørdag 24. desember 2022

EVENTYRET OM JULEGUTEN

For ti år sidan dukka dette folkeeventyret opp og vart nedskrive. Dette er dagen for ny publisering. Samstundes vil eg få ønskje bror min hjarteleg til lukke med åttiårsdagen, sidan han tilfeldigvis har same namnet som hovudpersonen i eventyret. Og god jul til alle!

 EVENTYRET OM JULEGUTEN

 Desember 1942. Det var midtvinters, kaldt og mørkt, og det hadde kvilt ei forbanning over landet. Men no stod jula for døra, sola hadde snudd, dagane var smått om senn i ferd med å verte lengre, optimismen heldt på å vende tilbake og ein kunne tore å sjå framover att. Ved Volgas breidd var den 20. armeen til Das Dritte Reich – dritriket, som det heiter på sunnfjordmål – innesperra i eit helvete av granateld og sprengkulde og klar til å vedgå nederlag. Herr Rommel hadde gjeve opp El Alamein og heldt på å dra seg ut or Nord-Afrika, og japanarane sleit ille langt der ute i Stillehavet. Det var desember i 1942. Det lysna i aust. I trygg avstand frå bomberegnet og blodspillet var eit ungt par med ein liten toåring klare til julefeiring og familieauke i eit lite, kvitt hus i eit tun bak ein liten haug i ei lita bygd i eit lite land langt mot nord. Mannen i huset – heretter kallar eg han Papen, hadde vore på Furekambane og henta ei lita fure og sett i juletrefoten. Den unge kona med den digre magen – heretter kallar eg henne Mamma – henta fram den gamle juletrepynten, det som var att etter at gardshunden ein gong hadde vore nedi og rota. Beista hadde fått mat, Tunvorden sat velnøgd med grauten sin på gamlestauloftet, ungmerra og avlshingsten stod side om side i stallen og knuspa turrhøy, kyrne, kalvane og sauene slappa av og drøymde om vår med ljose dagar, hønsene kvilte på vaglet, men grisen var ikkje i stekkjen sin lenger, nyslakta som han var, stakkars dyret. Inne i staua hadde dei vaska golvet og bore inn ved. Då Papen kom kom inn med det siste vedfanget og ville setje seg ned for å fange inn julefreden, klappa Mamma seg på den store magen og sa: «Eg trur du lyt ut i stallen og sele på Ruggen,» «Kvafor noko? Skal ikkje hingsten få julefred?» spurde Papen. «Du skjønar, kvinka Mamma, «Steinar'n vil ut!» «I kveld? På julafta? Er han heilt på styr?» Papen reiste seg og klødde seg i nakken. «Meiner du det? Kan'kje han vente til i morgon etter kyrkjetid? Då er me i Dale på julegudsteneste såkorso, og kan ta med jordmora heim att!» Det meinte ikkje Steinar'n, og papen laut berre ta på seg utanpåklede og gå i stallen. Der var Tunvorden allereie i gang med å sele hingsten, mens ungmerra stod og bad med augo og ville vere med. Men Ruggen kneggja bestemt og sa: «Nei, Bergfrid, dette må eg greie åleine. Du må stå her og passe stallen og florane mot alt det utyskjet som kan finne på å kome rekande på ein julekveld!» Snart var Ruggen spent for stolvogna, sidan det ikkje var sledeføre, men tøya og klårvêr. Himmelen i vest skein i skarlagen, og i aust skimta ein dei første stjernene. Så for Ruggen, stolvogna og papen i godt driv opp reina, forbi det flotte, nesten nye ungdomshuset, bortover Finnbrua og inn nyevegen mot Dale. Tunvorden stod på høgste storehaugen og gaulte: «Pass dykk for tussetyet inne ved Tyrvedalen!» Ruggen sprang det han vann, dombjøllene singla, Papen heldt traust i taumane og vognhjula rulla raskare og raskare. Det var slikt eit dun og bjøllesingling at tussefølgjet frå Tyrvedalen med gamle Terning i spissen som kom og skulle feire jul i Garastaua som vanleg, vart vitskremde og la til skogs og torde aldri kome att. Heime i jordmorstaua i Dale hadde dei sett seg ned, både jordmorkallen og jordmora, ribbene var komne på komfyren og den ljuvlege ribbeangen heldt på å spreie seg i huset. Det var julefred og juleglede i stova, det einaste var at jordmorkallen ymta om at i kveld hadde det smakt godt med eit glas øl attåt ribbene. «Men det ein ikkje kan få, det nyttar ikkje å tenkje på,» la han til med eit sukk. Brått banka det hard på døra, og dei høyrde hesteknegg utanfor . «Gu'beire, er det folk eller troll?» jamra jordmora. Før ho rakk tenkje meir over det, stod Papen der og veiva med armane. «Du lyt kome på flekken, fødselen er i gang!» Jordmorkallen såg ut som om han var fråteken juleølet sitt, jordmora freste og sa at det fekk no vere måte på, kome her og dra henne ut or huset på sjølvaste julafta. Men nokre minuttar etterpå sat ho attmed Papen i stolvogna, godt nedbreidd og med jordmortaska fast i høgre handa. Blid var ho ikkje, og sa fint lite mens Ruggen losa dei trygt opp til Stav og ned mot Flekke. Då dei kom fram til Vellene, var det nesten mørkt, men stjernehimmelen lyste opp, og over Jota stod det ei diger stjerne og glitra. Heime i staua Ova i Hoja var alt med det same, Steinar'n ville svært gjerne ut og feire jul med dei hine, og jordmora fekk ein grei jobb. Med vane rørsler tok ho imot katen, klaska han litt i ræva så han hylskreik, vôg han og stelte han. Mamma smilte bleikt av lukke der ho fekk halde den nye guten, og Papen kom og gav jordmora ei flaske øl som bestefaren til den nyfødde hadde bryggja. Då lyste jordmora opp, takka alle opp i handa og gjorde seg klar til heimferd. Så var Ruggen, Papen og jordmora på veg ut or tunet, mens Tunvorden stod på høgste Storehaugen og skrattelo og slo seg på låra av glede. No visste Ruggen vegen, Papen sat med eit breitt smil , og jormora kosa seg under åkleda og kneip om ølflaska. Heime i jordmorhuset fann dei jordmorkallen under fellen i senga med nokre avgnagde ribbebein på eit fat på bordet. Han var nett åt og skulle sovne. «Nei, sjå her, Johan, kva eg har med til deg!» sa jordmora og rette fram ølflaska. «No vert det jul i jordmorgarden og!» Endeleg kunne Papen og Ruggen vende heim med velgjort arbeid. Stjerna over Jota haddde flytta seg inn mot Hellaren og lyste endå klarare, og Tunvorden hadde teke kvelden og lagt seg på gamlestauloftet, velnøgd, men sliten. Snart stod Ruggen i båsen sin og fortalde den unge merra Bergfrid om dagens dåd mens han godgjorde seg med litt ekstra høy og vatn etter ferda. I det kvite huset attom haugen var dei vakne. Der sat Papen og heldt om Mamma , og sa: «Flottare julegåve kunne du ikkje ha kome med!» Mamma strålte over heile ansiktet, vogga det vesle gutebarnet i armane sine og song den vene julesongen som vart ein attgangar på juletrefestane i ungdomshuset i Flekke i mange, mange år: «Eg er så glad kvar julekveld, for då vart Steinar født. Då lyste Ragnvald som ei sol og Lisbet song så søtt!» Og på potta sat den to år gamle broren til den nyfødde og skaut tyskarar. ***

mandag 19. desember 2022

JULEREISA 2022

JULEREISA 2022 

1. ETAPPE 
Denne staden har fått sin rikdom og ry frå mellom anna sild og gourmetmat. Ein idrettsmann herifrå gjorde for nokre år sidan ein strålande karriere i landet der bestemora kom frå. Ein annan person frå staden har ein viss relasjon til ein person frå 2. etappe.

2. ETAPPE 
Staden har fått namn etter noko me kan sjå i ei fjellside. Me kan òg sjå hytta til diktaren som var på fest. Litt lenger ute med fjorden samlast ungdom frå alle verdshjørne. Ein person frå staden har ein viss relasjon til ein person frå 1. etappe. 

3. ETAPPE 
Me er i ein by, og frå denne staden kan me sjå mykje av byen. Staden har namn etter ein konge, og vart utbygd for om lag 350 år sidan. Du kan gjere som kvissmeisteren, ta med heile familien opp her og feire ein rund dag. Eller du kan passe på å møte opp på ein utekonsert her. 

4. ETAPPE 
Like i nærleiken av ein mykje brukt ferdselsveg og nær ei fylkesgrense kan du leige deg eit rom her i det raudmåla huset og gå deg ein tur. Staden har same namnet som ein tidlegare stortingsmann og skulestyrar. 

5. ETAPPE 
Her er nesten alle husa kvite, ellere kvide, som dei seier på staden. Me er i eine enden på ei øy, og her spelte dei i si tid inn utescenane til ein svart/kvit fjernsynsserie bygd på ein roman av ein av "dei fire store". Første gong me var innom her, kom me med ferja som ikkje lenger legg til. 

6. ETAPPE 
Derimot har me reist til og frå denne staden med ferje. No er me i det store utland, men me forstår i all hovudsak språket dei talar her. Ein kunne tru at det er mange drap og andre misgjerningar i og omkring byen, men så har dei ein framifrå politimann som finn ut av det meste. Nokre år før dei bygde ut på etappe 3, høyrde denne staden til eit anna land. 

7. ETAPPE 
Me dreg til landet som rådde over byen i etappe 6 før 1658. Midt i storbyen ligg denne plassen, som verken ligg særleg høgt eller oppå ei bru. Her har me meir enn ein gong sett oss ned med ein skvett øl og lytta til musikk, men ikkje kinesisk klimpring, det eg kan hugse. 

8. ETAPPE 
Me gjer eit langt hopp ut i verda, til eit nytt land og ein liten landsby der ei ung kvinne opplevde underlege meldingar. Endå underlegare var karrieren hennar, som enda svært tragisk. Den første store dåden ho var meister for, skjedde i ein by ved ei stor elv litt sør for hovudstaden i landet. Ettermælet i heimlandet hennar er minst like levande framleis, nesten seks hundre år seinare. 

9. ETAPPE
I ein annan del av landet i 8. etappe kan du promenere langs denne lange gata, som om du var frå eit naboland i vest. Då har du stranda og havet med englane på eine sida og byen på den andre. Karnevalet går sin årlege gang med opptog her i februar. 

10. ETAPPE 
Me er framleis i dette landet, som me har besøkt mange gonger. Frå denne plassen er det god utsikt, og rett bakom ligg det ei stor, kvit kyrkje som er synleg i store delar av byen. Bydelen har eit lugubert namn, men eit lystig miljø. På denne plassen var det tidlegare - og til dels enno - tett med halvgode kunstnarar som teikna og måla. No er plassen nokså oppfylt av restaurantar. 

11. ETAPPE 
Nytt land, ny by. Vel, byen er slett ikkje ny, ikkje landet heller. Landet er forresten ikkje av dei eldste sjølvstendige statane i denne reisa og fekk sitt formelle sjølvstende i 1648. Byen kan takke norske eksportartiklar for sin eksistens, vert det sagt. For nokre og nitti år sidan hausta ein kar som seinare vart konge, stor heider, ære og edel medalje i ei idrettsstemne i og nær byen. 

12. ETAPPE 
Me byter land igjen. Denne byen var eit viktig handelssentrum for eit naboland fram til det brått tok nesten slutt for snart hundre og seksti år sidan og ein del år framover. Som handels- og sjøfartsby ruvar han høgt i europeisk målestokk. Få byar har fått så ille medfart. Byen har fint lite å gjere med ein populær matrett.

13. ETAPPE 
Me dreg til ei øy og ein liten by i eit land som ikkje alle meiner er eit land, trass i namnet. Denne småidylliske kystbyen ligg nær nordenden av ein sjø. Ein del av namnet på sjøen finn me att i endinga av bynamnet. Skal du stase deg retteleg opp her, tek du ikkje på deg langbukser. 

14. ETAPPE 
Me dreg til ein by på same øya, men i hin enden, og slår oss ned på ein plass ikkje langt frå huset der statssjefen held til. Her ser me eit minnesmerke over ein kar som franskmennene ikkje vart så begeistra for. Det er forresten ikkje så lett å sjå kven det er. Plassen har namn etter ein stad i eit heilt anna land der nemnde person hadde hell og uhell med seg. 

15. ETAPPE 
Endå eit anna land. Denne byen har bytt nasjonalitet, skifta ut mykje av befolkninga og har vore utsett for mykje av det same som byen i 12, etappe. Det var heimbyen til ein liten trommeslagar og ein stor politikar, som i utgangspunktet ikkje var politikar. Sistnemnde vitja Noreg og fekk velfortent heider. Arbeidsplassen hans i denne byen er ikkje som før. Byen hadde i gamle dagar mykje til felles med ein (etter nasjonal målestokk) stor norsk by. 

16. ETAPPE 
 Tilbake i gamlelandet. Denne staden (ja, han er ofte omtalt som ....staden) har ei verdig plassering i eit internasjonalt oversyn. Diktaren som har levandegjort gamletida med brød og nattevakter i og kring byen, var frå ei bygd i nærleiken. Det finst mengder av slikt stoff som dei produserte her, høgt oppe eller nedgrave i jorda, og nesten til ingen nytteverdi lenger der det finst.. Eit EU-land gav namn til stoffet. 

17. ETAPPE
Rett sør for førnemnde stad kjem me til ei bygd med eit museum for bror til bror min. Sidan her er mykje vinter om vintrane, kom det før i tida mange store skistjerner herifrå. Eg tvilar på om dalen har mange overnaturlege vette. Derimot har den rivaliserande nabobygda ein slags skulptur av eit framkomstmiddel med svenske anar. 

18. ETAPPE Denne byen med eit viss monarkistisk kjennemerke har ein del til felles med staden i etappe 16. Men når det gjeld vinteridrett, var det ikkje seigt langrenn som prega dei store heltane. Så nemner me at ei musikkform skaper litt liv og røre ein gong i året. 

19. ETAPPE 
Her har me budd, her har ein av sønene våre budd, her har det eldste barnebarnet vårt budd. Me er litt utanfor bykjerna i ein by som så vidt er ymta om i ei av dei tidlegare gåtene. Desse rekkjehusa fekk ein arkitekturpris og skulle ikkje vere for kven som helst. Bra utsikt, mange ungar. 

20. ETAPPE 
Me er på veg heim og må innom dette ferjestøet på øya som òg har fått fastlandssamband. Kvissmeisteren har vorte rana i Paris ein gong, men ikkje her.

 *** *** 
 Løysingar kjem den 2. januar 2023

søndag 18. desember 2022

JULEREISA 2020

 

JULEREISE 2020

 Denne reisa er innom alle verdsdelar bortsett frå Antarktis. Så kan eg røpe at dei fleste reisemåla er på øyar. På påskereisa, som du finn vedlagd med fasit, hadde eg vore fysisk  innom dei fleste reisemåla. Slik er det ikkje med denne julereisa. God tur!

 Reisemål 1

 I Påskereisa, som altfor få sende løysingar på, begynte me med ei reisemål som omtalte eit stadnamn, og no skal me til eit anna land og til ein stad med om lag det same namnet, men på språket til dette landet. På denne staden står eit uferdig hus, påbegynt for mange år sidan, og her voks det opp ein konge. Landet der reisemålet ligg, er underleg nok ikkje EU-medlem.

 Reisemål 2

 Me stikk innom ein by med eit namn som kan minne litt om namnet på løysinga av reisemål 1, og som vart grunnlagd av folk som snakka om lag det same språket på den tida. Eit stykke utanfor denne byen skjedde i si tid eit underleg ”forlis”, då ei ufatteleg mengd skip sokk til botnar. Her i denne byen døydde ein konge som vart gravlagd i den byen som då var hovudstad i landet som denne byen tilhøyrde. Men dei jordiske leivningane hans forsvann. Høglandsparken i byen har lite med høgland og park å gjere, men har ein fin røyksmak.

 Reisemål 3

 Nytt land, ny stad: Byen har eit namn av engelsk og norrønt opphav, men  hadde eit heilt anna namn ein gong. Det noverande namnet er inspirert at ein annan, mindre by i eit anna land. Reisemålet vårt er ikkje hovudstad og ligg heilt i utkanten av eit område med same namn. Yngvar Numme har sunge til ære for byen – etter litt fjas og moro.

Reisemål 4

 Denne byen er òg oppattkalla. Byen som har gitt inspirasjon til namnet, er kjend på grunn av ei svært from, svært modig og svært ung kvinne og ligg ved den største elva i det landet. Men me skal altså til ein annan by i eit anna land. Denne byen ligg òg i eit farleg vått område og er godt kjend for lystig feitetysdagsfeiring. Han er og kjend for musikk.

Reisemål 5

Ny by, nytt land. Byen ligg høgt, og breier seg meir og meir. Byen vart til på ruinane av ein av verdas vakraste byar, som vart rasert og ramponert av folk som gav han den karakteristikken eg brukte tidlegare i denne setninga. Her har ein nygift idrettsmann som seinare fekk ei særs høg stilling i heimlandet, vore på segltur, men utan å nå så høgt på resultatlista.

 Reisemål 6

 Det var ikkje ein hund han kom med, då Charles vitja dette området i si tid. Nær eit hundreår seinare slo ei gruppe nordmenn seg ned her, men vart nok slitne og skuffa etter kvart. Enno finst det visst etterkommarar av dei i området. På same linja ein heilt annan stad på jorda er dei svært redde for klimakrise. Namnet på reisemålsvaret kan gje assosiasjonar til ei kjend suppe som eg aldri har smakt.

Reisemål 7

Også denne staden heiter noko som kan minne om namnet på reisemål 1 og 2. Namnet har det særmerket at me skriv det med ti konsonantar og to vokalar. Det er ein storby i eit land som har ord på seg for å vere ein avansert multikulturell velferdsstat. Byen har vore råka av tre fælne katastrofar i dette hundreåret, to nokså like, den tredje av eit heilt anna slag. Statssjefen i landet er ingen ungdom.

Reisemål 8

Denne byen står i gjeld til ein person som er nemnd i tilknyting til eit anna reisemål. Også denne byen har vore herja av katastrofar, nokre av dei hadde mykje til felles, men den som råka byen for snart åtti år sidan, var av eit anna slag, og alle skilde seg frå dei som råka byen i reisemål 7. Det er lang veg frå byen til hovudstaden i landet. I luftlinje er det kortare veg til hovudstaden i det næraste grannelandet, som er ein av dei nyaste medlemmene i FN. Byen er om lag jamstor med Stavanger i folketal, og dei to byane har meir til felles enn nett det. Landet har kvinneleg statssjef.

Reisemål 9

Området er nemnt utan at namnet var nemnt i forklaringa av eit tidlegare reisemål, og det har mykje av same problema som eit anna reisemål me har vore innom. Det er eit land med ein verdsrekord som skil seg sterkt ut frå eit anna land i same verdsdelen med ein nær sagt motsett verdsrekord. Sol, vind og væte er det rikeleg av i dette landet. Landet har i underkant av ein halv million menneske av blanda avstamming og med ulike tungemål, men dei fleste ber til same guden.

Reisemål 10

På 1960-talet var dette reisemålet tidt og ofte nemnt i eit uhyre populært radioprogram. Me finn opplysningar om området langt bak i ikkje-nordiske oppslagsverk. Den noverande politiske statusen fekk området i det året då eitt av vårt aller største friidrettstalent mislykkast rett før ei så godt som sikker gullmedalje skulle hentast heim. Eit utval stoff som mellom anna pregar jula og juleførebuingane våre, har vore til både velsigning og forbanning for folk i dette området.

Reisemål 11

Me byter verdsdel. Reisemålet no er ein by som har fått namnet sitt frå ein fransk adelsmann og religiøs hovding. Denne byen toppa ei uhyggjeleg liste der Kirkenes kom på andreplassen. Området som byen er hovudstad i, har eit namn som dukkar opp i tittelen på eit klassisk verk i ein litterær sjanger som har breidd seg mykje dei siste åra. Det er òg knytt til ein spesiell symbolsk figur. Språket i landet er ein variant av eit stort språk, men her er dei fleste trufaste tilhengjarar av ein annan religion enn den som storparten av brukarane av moderspråket held seg til. Området har i si tid hatt ei nær politisk tilknyting til fleire av dei andre reisemåla i julereisa.

Reisemål 12

Denne staden har ein viss likskap med reisemål 11, om me ser stort på det. Staden hadde frå gammalt av ei administrativ felles tilknyting med utgangspunktet for påskereisa i år og fram til og med året då reisemål 10 fekk endra politisk tilknyting. Det har han framleis, men på ein annan måte. Mange av pionerane på staden kom truleg frå det opphavlege heimlandet til dei som døypte om reisemål 3. Me ser restar av opphaldsstaden deira, som dei laut forlate for eit halvt tusen år sidan. Namnet på staden er i to ledd, og siste leddet er også etternamnet til ein avdød politikar og ein forlengst avdød leiarfigur med holdningar som avveik sterkt frå politikaren.

 DÅ ØNSKJER ME DEG EI GOD JULEREISE. ROT DEG IKKJE VEKK PÅ TUREN. LUKKE TIL PÅ FERDA!

 

 

 

                                         

PÅSKEREISA 2020

 

PÅSKEREISE 2020

 

 

PÅSKEREISE

ETAPPE 1

 Fleire norske stader har dette namnet. Dei er stava heilt likt og med to ledd. Første leddet er av gresk opphav, det andre er nordisk. På ei stor og folkerik øy finst det minst tretti stader med det same namnet, men litt annleis stava,  lett tilpassa språket i landet og i to nesten like variantar. Me skal fram til ein stad i Noreg som har eit heilt anna namn, men mellom anna det til felles med den andre norske staden som var omtalt innleiingsvis, at begge har ein institusjon av nokolunde same slag, begge har folk som arbeider med framstilling av eit visst produkt som dei ikkje lagar på denne staden eller på stadene med omtalte namn, og begge stader bur det folk som ber namnet denne oppgåva omtaler.

 ***

 PÅSKEREISE

ETAPPE 2

 På denne flata  i eit dårleg steikt område i ein norsk by var  ein person  nær ved å oppnå ein stor triumf som glapp i siste liten. Men mange har lykkast, andre har gått skuffa derifrå. I nærleiken blir det unyttige til det nyttige. Folk som har det travelt, får snart viljen sin oppfylt, og folk med pengar kan lette på kontoen og fylle posane. Her er det etter det eg veit, ikkje utstyr til seglskuter, om nokon skulle tru det.

 ***

 PÅSKEREISE

ETAPPE 3

 Me kan krysse denne staden på fylkesvegen med nytt primtal som inkluderer det gamle primtalet. Når me gjorde det for ein del år sidan, var det lite å sjå. Innbyggjarane meiner at dei ikkje bur i nokon kommune. Me må ikkje late oss narre til å tru at staden har tilknyting til eit subtropisk havstykke, men staden  har hatt meir å seie for radiosendingar frå tilhøyrande lokalkontor. Island og Kina har vore inne i diskusjonar. Vegen ligg 37 moh., men før var det lett å kome til fjells.

 ***

 PÅSKEREISE

ETAPPE4

 Eit holete område med eit modalt hjelpeverb og eit skremsel eller grasbakke med eit særsyn som kan skruast av og på. No er det relativt roleg, så mange er passeleg sure. Ikkje langt unna boltrar det seg ein masse småfisk. Pengemangel er ikkje noko stort problem, og folk deromkring har god plass. Men nett her er det nesten ingen som bur.

 ***

 PÅSKEREISE

ETAPPE 5

 Me er ikkje lenger i det fylket der du kan finne dei fire første reisemåla. Denne staden eksisterer og er ikkje eit eventyrområde. Ein idrettsutøvar gjorde to svært rosverdige presentasjonar i same fylket. Han kom frå ein by som ikkje er kjend for denne idretten, og har same førenamnet som den største kjendisen på staden me skal til. Staden var forresten lenge kjend  for ein annan idrett. Stasjonsbygningen er ei arkitektonisk perle.

 ***

 PÅSKEREISE

ETAPPE 6

 Me snakkar no om ein kommune, ikkje ein fugl., og me er i same fylket som i førre etappe.  Kommunen og det nære omlandet utmerkar seg når det gjeld arkitektur og kokkekunst, men her er andre viktige høgdepunkt. Her står ei statue av ein slektning av kjendisen i etappe 6. Meir skal oss ikkje røpe.

 ***

PÅSKEREISE

ETAPPE 7

 No er me i eit nytt fylke. Dette er eit flatt, vindfullt og svært bråkete område. Trass i det har folketalet auka ein del dei siste åra. Frua har sett spor etter seg både i historia, litteraturen og kulturlandskapet. Blir ein svimmel av å bu på denne staden? Eg veit ikkje, eg har aldri vore der.

***

 PÅSKEREISE

ETAPPE 8

 I dette vegkrysset, som faktisk eksisterer, men er best kjent i fiksjonen, har Anne, eg og fleire med oss handla seg kaffimat.

 ***

PÅSKEREISE

ETAPPE 9

 Me er komne langt av garde til utlandet. Eg fotograferte ein gong ein nykomling her som har fått namnet sitt etter ein mytisk figur med karakteristiske eigenskapar som var lette å sjå på staden. Staden ligg på same breiddegraden som eit nasjonalt klenodium i eit land med historiske band til landet der dette reisemålet ligg.

***

PÅSKEREISE

ETAPPE 10

 Me er i same landet som i etappe 9. Her står ei statue av ein pioner som etter ei farefull reise hamna på denne staden. Ei liknande statue står på den staden mange meiner han kom frå. Då han kom hit, la han merke til noko som likna på det som lenge  var så karakteristisk for reisemålet i etappe 3. To viktige samkomer i førre årtusen medverka til at staden vart verdskjend.

 

PÅSKEREISA 2020. FASIT MED FORKLARINGAR

 PÅSKEREISE 2020 ETAPPE 1 

Fleire norske stader har heilt like namn med to ledd. Første leddet er av gresk opphav andre er nordisk. På ei stor og folkerik øy finst det minst tretti stader med det same namnet, men lett tilpassa språket i landet og i to nesten like variantar. Me skal fram til ein stad i Noreg, som har eit heilt anna namn, men mellom anna det til felles med den eine norske staden at begge har ein institusjon av nokolunde same slag, begge har folk som arbeider med framstilling av eit visst produkt som dei ikkje lagar på stadene med omtalte namn, og begge stader bur det folk som ber namnet denne oppgåva omtaler.

 LØYSING

 Første leddet i namnet Kyrkjebø er avleidd av gresk kyriakon. Det kan omsetjast som huset til sjefen, eller Herrens hus, for å vere litt sakral. I Storbritannia, særleg i Nordaust-England, finst det mange stader som heiter anten Kirby eller Kirkby, namn som danske og kanskje norske vikingar har etterlate seg der. Den største staden i Noreg med det namnet er Kyrkjebø i Høyanger kommune i Sogn, og der ligg det ein psykiatrisk institusjon, Tronvik. Me skal altså fram til ein annan stad der det òg ligg ein psykiatrisk institusjon. Då skal me til Valen. Sameleis som på Kyrkjebø i Høyanger bur det folk her med dette etternamnet, og på begge plassane arbeider ein del folk i aluminiumsindustrien, på Husnes eller i Høyanger.

 ***

 PÅSKEREISE ETAPPE 2 

På denne flata i eit dårleg steikt område i ein norsk by var ein person nær ved å oppnå ein stor triumf som glapp i siste liten. Men mange har lykkast, andre har gått skuffa derifrå. I nærleiken blir det unyttige til det nyttige. Folk som har det travelt, får snart viljen sin oppfylt, og folk med pengar kan lette på kontoen og fylle posane. Her er det etter det eg veit, ikkje utstyr til seglskuter, om nokon skulle tru det. 

LØYSING

 Ein fisk eller ein kotelett som er dårleg steikt (eller dårleg kokt) er truleg rå inni. Rå er òg eit ord frå seglskutespråket. I Rådalen i Bergen ligg det svære kjøpesenteret Lagunen, eit bossbrenningsanlegg som gir frå seg varme og eit veganlegg som snart opnar for snøgg trafikk til Os. I Rådalen finn me Fana Stadion, som er løysinga her. Der sprang Rune Kyrkjebø hundremeteren på krinsmeisterskapet den sommaren han fylte femten. Han låg an til å vinne, men vart forbisprungen av to konkurrentar rett før målstreken. 

***

 PÅSKEREISE ETAPPE 3

Me kan krysse denne staden på fylkesvegen med nytt primtal som inkluderer det gamle primtalet. Når me gjorde det for ein del år sidan, var det lite å sjå. Innbyggjarane meiner at dei ikkje bur i nokon kommune. Me må ikkje late oss narre til å tru at staden har tilknyting til eit subtropisk havstykke, men staden har hatt meir å seie for radiosendingar frå tilhøyrande lokalkontor. Island og Kina har vore inne i diskusjonar. Vegen ligg 37 moh., men før var det lett å kome til fjells. 

LØYSING

Fylkesveg 79 kryssar bygda, og denne vegen er del av den gamle riksveg 7, seinare fylkesveg 7. Tidlegare låg det tjukk, kvit industrirøyk langs vegen, så me såg ikkje mykje av bygda. Denne bygda ligg i Kvam herad, ein av få kommunar som insisterer på å kalle seg herad istadenfor kommune. Fisken ål har den fikse ideen at han sym heilt til Sargassohavet for å gyte. Siv Fossåskaret i NRK Hordaland er frå denne bygda, der Bjølvefossen smelteverk ligg, eit anlegg som heldt på å bli nedlagt og flytta til Island for nokre år sidan. Men det enda med kinesisk kapital og ny giv i Ålvik. Trallebana som gjekk høgt til fjells, vart bygd for å nå raskt fram når kraftanlegget skulle stellast.

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 4

 Eit holete område med eit modalt hjelpeverb og eit skremsel eller grasbakke med eit særsyn som kan skruast av og på. No er det relativt roleg, så mange er passeleg sure. Ikkje langt unna boltrar det seg ein masse småfisk. Pengemangel er ikkje noko stort problem, og folk deromkring har god plass. Men nett her er det nesten ingen som bur. 

LØYSING

 Ei rad tunnelar pregar vegen opp denne dalen, med hjelpeverbet Må og skremmeordet bø i namnet. Her kan me skimte Vøringsfossen, som vert nedstengd og påskrudd når det passar. Elva er nemleg regulert og går i tunnel ned til Sima kraftverk. Men i konsesjonsvilkåra heiter det at turistar skal f å sjå fossen i turistsesongen. Og det hender dessutan at dei opnar fossen når vassmagasina er fulle.Då denne oppgåva vart laga, var det hytteforbod og andre strenge reglar på grunn av koronafaren, så alle hytteeigarane oppe ved Garden og Maurset fekk seg ei ufrivillig hyttepause – desom dei var lydige. Inne i fjellet i Sima, der kraftstasjonen ligg, er det eit setjefiskanlegg som skal ta vare på fiskestammane i dei regulerte elvane. Eidfjord kommune er ein svært rik kommune og med få innbyggjarar. Her i Måbødalen bur det nesten ingen.

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 5 

Me er ikkje lenger i det fylket der du kan finne dei fire første reisemåla. Denne staden eksisterer og er ikkje eit eventyrområde. Ein idrettsutøvar gjorde to svært rosverdige prestasjonar i same fylket. Han kom frå ein by som ikkje er kjend for denne idretten, og har same førenamnet som den største kjendisen på staden me skal til. Staden var forresten lenge kjend for ein annan idrett. Stasjonsbygningen er ei arkitektonisk perle. LØYSING Me er i Innlandet fylke no. Første leddet i namnet til reisemålet er Alv, men namnet kjem nok ikkje frå eventyrfiguren. Kjell Storelid frå Stord fekk to sølv i OL på Lillehammer, rett bak vinnaren Koss. Skeiseløpa gjekk forresten på Hamar, som ligg i same dåverande fylke som etappemålet vårt. Men den store kjendisen her er sjølvsagt ein annan Kjell, med etternamnet Aukrust, fødd for hundre år sidan no i april. Etappemålet Alvdal var i si tid særskilt kjend for skisport. Rørosbanea kryssar bygda, og den arkitektteikna stasjonsbygningen er nyrestaurert og vakker. 

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 6 

Me snakkar no om ein kommune, ikkje ein fugl., og me er i same fylket som i førre etappe. Kommunen og det nære omlandet utmerkar seg når det gjeld arkitektur og kokkekunst, men her er andre viktige høgdepunkt. Her står ei statue av ein slektning av kjendisen i etappe 5. Meir skal oss ikkje røpe.

 LØYSING 

Fuglen Lom har truleg ikkje noko med kommunenamnet Lom å gjere. Me er framleis i Innlandet fylke, men hadde dette vore i fjor, hadde me kryssa ei fylkesgrense og hamna i Oppland. Arne Brimi er frå desse trakter, frå Vågå kommune nær grensa til Lom, og fleire andre storkokkar har kasta glans over bygdene, delvis i Lom kommune, delvis over grensa til Vågå. I Lom er og ein dugande bakar. Lom stavkyrkje fell godt inn i den særmerkte arkitekturen med svarte, tjørebreidde tømmerhus. Farbror til Kjell Aukrust, diktaren Olav Aukrust, er heidra med ei statue ved kyrkja. Og gløym ikkje dei høgaste høgdepunkta i landet: Galdhøpiggen og Glitretind. I Gudbrandsdalen og fleire bygder kring Døvre , både i nord og i vest, seier dei oss der andre seier vi eller me.

***

PÅSKEREISE ETAPPE 7 

No er me i eit nytt fylke. Dette er eit flatt, vindfullt og svært bråkete område. Trass i det har folketalet auka ein del dei siste åra. Frua har sett spor etter seg både i historia, litteraturen og kulturlandskapet. Blir ein svimmel av å bu på denne staden? Eg veit ikkje, eg har aldri vore der. LØYSING Ørland er vald som hovudbase for dei nye kampflya, eit maskineri som lagar eit helveta bråk når det fer til vêrs. Ute på kysten her i Trøndelag er det flatt og vindfullt, har eg høyrt. Takka vere oppbygginga av flybasen saman med ei kommunesamanslåing har folketalet auka ein god del i det siste. Fru Inger til Austråt regjerte her på femtenhundretalet, noko som mellom andre Henrik Ibsen profiterte på. Og førestavinga ør i namnet har nok ikkje noko med svimmel å gjere. 

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 8 

I dette vegkrysset, som faktisk eksisterer, men er best kjent i fiksjonen, har Anne, eg og fleire med oss handla seg kaffimat. «Et lite viiinerbrø' fra Størens bakeri» song Rolf Wesenlund i musikalversjonen av Bør Børson. På heimveg frå Trondheim ein gong me køyrde med bil, stansa me på Støren, fann eit bakeri som smykka seg med wienerbrød. Så tok me av frå E6 og køyrde opp Gauldalen mot Røros. Om Johan Falkberget nemnde Størens bakeri i rOmanen sin, veit eg ikkje. Tvilar på det. 

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 9 

Me er komne langt av garde til utlandet. Eg fotograferte ein gong ein nykomling her som har fått namnet sitt etter ein mytisk figur med karakteristiske eigenskapar som var lette å sjå på staden. Staden ligg på same breiddegraden som eit nasjonalt klenodium i eit land med historiske band til landet der dette reisemålet ligg. 

LØYSING 

I august 1964 flaug eg heim frå USA med eit islandsk fly, mellomlanda mellom anna på Keflavik og fauk vidare mot aust. Me flaug lågt over øya som året før hadde dukka opp or havet med ein eldsprutande vulkan og frisk røyk. Eg tok eit par bilete av øya gjennom vi ndauga der eg sat i flyet, og iallfall på eitt av dei kan me skimte eldmørja i vulkankrateret, men kanskje ikkje på denne kopien ovanfor. Øya vart døypt etter ein norrøn eldgud som på gammalislandsk heitte Surtur, så Surtsey er namnet. Om lag på same breiddegraden ligg Nidarosdomen. 

*** 

PÅSKEREISE ETAPPE 10 

Me er i same landet som i etappe 9. Her står ei statue av ein pioner som etter ei farefull reise hamna på denne staden. Ei liknande statue står på den staden mange meiner han kom frå. Då han kom hit, la han merke til noko som likna på det som lenge var så karakteristisk for reisemålet i etappe 3. To viktige samkomer i førre årtusen medverka til at staden vart verdskjend. 

LØYSING 

Viss du greidde 9, vert dette lett, sidan me framleis er på Island. Viss du greidde denne, men sleit med 9, vert 9 lettare når du skjønar kvar me er no. Pioneren heitte Ingolf Arnarson, han som har fått æra av å vere den første permanente innbyggjaren på øya. I bygda Rivedal ved Dalsfjorden i Sunnfjord står ei statue som er ein kopi av ei statue i Reykjavik. Rivedølene hevdar at Ingolf kom derifrå. I sogene står det at han kom frå Dalsfirđi à Fjợlum – Dalsfjorden i Fjaler. No ligg ikkje Rivedal i noverande Fjaler kommune lenger, men det gjorde bygda fram til ca. 1990. Same det, lat rivedølene få ha denne æra. Sjølv trur eg ikkje på at han og følgjet hans kom frå Rivedal, men det har ikkje noko med denne påskereisa å gjere. Då Ingolf kom nær land ved Reykjavik, såg han røyken frå varmekjelder inne på land, så då visste han kva staden skulle heite. Dampen frå kjeldene var sikkert like kvit som røyken frå Bjølvefossen smelteverk, som låg som ei tjukk skodde over Ålvik før i tida. I Reykjavik var det litt av eit toppmøte under VM i sjakk i 1972, då dei to rivalane Boris Spasskij og Robert Fischer møttest. Nokre år seinare, i 1986, møttest Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov til eit minst like viktig toppmøte i same byen. 

***

JULEREISA 2020 MED LØYSINGAR

 JULEREISE 2020 MED FASIT 

Reisemål 1 

I Påskereisa, som altfor få sende løysingar på, begynte me med eit reisemål som omtalte eit stadnamn, og no skal me til eit anna land og til ein stad med om lag det same namnet, men på språket til dette landet. På denne staden står eit uferdig hus, påbegynt for mange år sidan, og her voks det opp ein konge. Landet er underleg nok ikkje EU-medlem. 

LØYSING:

Kirkjubøur på Færøyane. Kong Sverre voks opp her, er det fortalt. Det var på den tid eit bispesete. Murar av ei påbyrja kyrkje frå mellomalderen står der enno. Pussig nok står Færøyane i motsetning til Danmark formelt sett utanfor EU. 

Reisemål 2 

Me stikk innom ein by med eit namn som kan minne litt om namnet på løysinga av Reisemål 1, og som vart grunnlagd av folk som snakka om lag det same språket på den tida desse reisemåla vart grunnlagde. Eit stykke utanfor denne byen skjedde i si tid eit underleg ”forlis” og ei ufatteleg mengd skip sokk til botnar. Her døydde ein konge som vart gravlagd i den byen som då var hovudstad i landet som denne byen tilhøyrde. Men dei jordiske leivningane hans forsvann. Høglandsparken har lite med høgland og park å gjere, men har ein fin røyksmak. 

LØYSING: 

Kirkwall på Orknøyane, grunnlagt av norrøne innvandrarar i vikingtida. I havområdet utanfor, i Scapa Flow, var den tyske krigsflåten samla etter våpenkvila i 1918 i påvente av fredsavtalen i Versailles. Då det var klart at flåten skulle bli overlevert til britane, søkkte tyskarane heile flåten: 64 krigsskip gjekk til botnar ei juninatt i 1919. Kong Håkon Håkonsson døydde i Kirkwall i 1263, vart gravlagd i Bergen, men grava vart øydelagd og forsvann i reformasjonstida. Whiskydestilleriet Highland Park i Kirkwall brukar torvrøyk i maltprosessen. 

Reisemål 3 

Nytt land, ny stad: Byen har eit namn av engelsk og norrønt opphav, men hadde eit heilt anna namn ein gong. Det noverande namnet er inspirert at ein annan, mindre by i eit anna land. Denne byen er ikkje hovudstad og ligg heilt i utkanten av eit område med same namn. Yngvar Numme har sunge til ære for byen – etter litt fjas og moro.

LØYSING:

New York, grunnlagt av nederlendarar som gav byen namnet Nieuw Amsterdam. York i England kjem av gammalnordisk Jorvik. Hovudstaden i staten New York er ein liten by i innlandet med namnet Buffalo. Numme syng Frank Sinatras klassikar ”New York” i eit revynummer der han opptrer som Ny Jokke. 

Reisemål 4 

Denne byen er òg oppattkalla. Byen som har gitt inspirasjon til namnet, er kjend på grunn av ei svært from, svært modig og svært ung kvinne og ligg ved den største elva i det landet. Men me skal altså til ein annan by ved ei anna elv i eit anna land. Denne byen ligg i eit vått område og er godt kjend for lystig feitetysdagsfeiring. Han er og kjend for musikk. 

LØYSING:

 New Orleans i den dåverande franske kolonien Louisiana vart grunnlagd av franskmenn og oppkalla etter Orléans i Frankrike, ved elva Loire litt sør for Paris. Jeanne d’Arc skal som syttenåring ha ført franskmennene fram til siger over engelskmenn som hadde kringsett byen i 1429. Seinare omtalte mange henne som Jomfrua frå Orléans. New Orleans ligg ved utløpet av Mississippi og er flaumutsett. Jazz og andre spennande musikkformer har sitt utspring i eller omkring byen, fødebyen til Louis Armstrong. Den franske arven er ikkje utdøydd, og karnevalsfeiringa Mardi Gras (=feitetysdag) er lystig. 

Reisemål 5 

Ny by, nytt land. Byen ligg høgt, og breier seg meir og meir. Byen vart til på ruinane av ein av verdas vakraste byar, som vart rasert og ramponert av folk som gav han den karakteristikken eg brukte tidlegare i denne setninga. Her har ein nygift idrettsmann som seinare fekk ei særs høg stilling i heimlandet, vore på segltur, men utan å nå så høgt på resultatlista. 

LØYSING:

Mexico by, om lag 2200 m.o.h. er ein av verdas største byar. Før dei spanske conquistadorane kom og raserte byen på 1500-talet, var dette den vakre hovudstaden til aztekarane. Dåverande kronprins Harald deltok i segling i dei olympiske leikane i byen hausten 1968. Sonja og Harald gifte seg i august det året. 

Reisemål 6 

Det var ikkje ein hund han kom med, då Charles vitja dette området i si tid. Nær eit hundreår seinare slo ei gruppe nordmenn seg ned her, men vart nok slitne og skuffa etter kvart. Enno finst det visst etterkommarar av dei i området. På same linja ein heilt annan stad på jorda er dei svært redde for klimakrise. Namnet på reisemålet kan gje assosiasjonar til ei kjend suppe som eg aldri har smakt. 

LØYSING:

Galapagosøyane – dit kom Charles Darwin med skipet Beagle i 1835 og fekk mange aha-opplevingar av det særmerkte dyre- og plantelivet der. Beagle er namnet på ein engelsk harehund. På 1920-talet kom ei gruppe norske kolonistar og prøvde nybyggjarlivet på øyane, men det vart mykje motgang, og dei fleste gav opp. Ekvator kryssar øyriket. I Indiahavet kryssar ekvator Maldivane, som er eit flatt øyland der dei fryktar havstiging. Galapago tyder skjelpadde, og skjelpaddesuppe er visstnok ei delikatesse. Dessverre er havskjelpaddene på Galapagosøyane hardt utryddingstruga. 

Reisemål 7 

Også denne staden heiter noko som kan minne om namnet på reisemål 1 og 2. Namnet har det særmerket at me skriv det med ti konsonantar og to vokalar. Det er ein storby i eit land som har ord på seg for å vere ein avansert multikulturell velferdsstat. Byen har vore råka av tre fælne katastrofar i dette hundreåret, to nokså like, den tredje av eit heilt anna slag. Statssjefen i landet er ingen ungdom. 

LØYSING:

Christchurch på Sørøya i New Zealand, eit land med ei overvekt av innflyttarar frå Europa, mest engelskmenn, irar og skottar. Men urfolket maoriar er i dag godt integrerte, og mange innflyttarar frå Asia og stillehavsområdet finn seg bra til rette i landet. Derimot kom det ein australsk terrorist i fjor og utførte eit brutalt massemord på muslimar i ein moské i byen. To nifse jordskjelv råka byen for nokre år sidan. Dronning Elizabeth 2. er statssjef i landet. 

Reisemål 8 

Denne byen står i gjeld til ein person som er nemnd i tilknyting til eit anna reisemål. Også denne byen har vore herja av katastrofar, nokre av dei hadde mykje til felles, men den som råka byen for snart åtti år sidan, var av eit anna slag, og alle skilde seg frå dei som råka byen i reisemål 7. Det er lang veg frå byen til hovudstaden i landet. I luftlinje er det kortare veg til hovudstaden i det næraste grannelandet, som er ein av dei nyaste medlemmene i FN. Byen er om lag jamstor med Stavanger i folketal, og dei to byane har meir til felles enn nett det. Landet har kvinneleg statssjef. 

LØYSING:

Darwin på nordkysten av Australia er oppkalla etter Charles Darvin, sjå reisemål 6. Byen har vore ille herja av syklonar fleire gonger, og i 1942 vart byen teppebomba av japanarane. Frå Darwin til Canberra er det 3942 km langs hovudvegen, ifølgje Google Maps. Til Aust-Timor er det kortare, men då må du i båt eller fly. Det bur om lag 140 000 menneske i byen, som til liks med Stavanger er ein oljehovudstad i denne delen av Australia. Dronning Elizabeth er statssjef i dette landet òg. 

Reisemål 9

Området er nemnt utan at namnet var nemnt i forklaringa av eit tidlegare reisemål, og det har mykje av same problema som eit anna reisemål me har vore innom. Det er eit land med ein verdsrekord som skil seg sterkt ut frå eit anna land i same verdsdelen med ein nær sagt motsett verdsrekord. Sol, vind og væte er det rikeleg av i dette landet. Landet har i underkant av ein halv million menneske av blanda avstamming og med ulike tungemål, men dei fleste ber til same guden.

LØYSING:

Maldivane i det indiske havet, ved ekvator (sjå reisemål 6) har verdas lågaste snitthøgd og fryktar havstiging på grunn av klimaendringar (sjå reisemål 4), i motsetning til Nepal med verdas høgaste fjell. Innbyggjarane talar ulike tungemål fordi dei har ulikt opphav, men dei fleste må halde seg til sunni-islamsk religion. 

Reisemål 10 

På 1960-talet var dette reisemålet tidt og ofte nemnt i eit uhyre populært radioprogram. Me finn opplysningar om området langt bak i ikkje-nordiske oppslagsverk. Den noverande politiske statusen fekk området i det året då eitt av vårt aller største friidrettstalent mislykkast rett før ei så godt som sikker gullmedalje skulle hentast heim. Eit utval stoff som mellom anna pregar jula og juleførebuingane våre, har vore til både velsigning og forbanning for folk i dette området. 

LØYSING:

Zanzibar har vore velkjent for norske sjøfolk, slik det sikkert var for sjømannen som lova jenta si ein ring i Zanzibar i den svært populære slageren som var ein gjengangar i Ønskekonserten i si tid. I 1964 gjekk Zanzibar og Tanganyika saman i forbundsstaten Tanzania. Det året sette Terje Pedersen verdsrekord to gonger i spydkast. Men under oppvarminga før OL-konkurransen i Tokyo pådrog han seg ein strekk og måtte stå over. Ulike krydder har vore og er ei hovudinntektskjelde for Zanzibar, men derfor har øyane vore ettertrakta for utanlandske erobrarar. 

Reisemål 11 

Me byter verdsdel. Reisemålet no er ein by som har fått namnet sitt frå ein fransk adelsmann og religiøs hovding. Denne byen toppa ei uhyggjeleg liste der Kirkenes kom på andreplassen. Området som byen er hovudstad i, har eit namn som dukkar opp i tittelen på eit klassisk verk i ein litterær sjanger som har breidd seg mykje dei siste åra. Det er òg knytt til ei spesiell symbolsk figur. Språket i landet er ein variant av eit stort språk, men her er dei fleste trufaste tilhengjarar av ein annan religion enn den som storparten av brukarane av moderspråket held seg til. Området har i si tid hatt ei nær politisk tilknyting til fleire av dei andre reisemåla i julereisa. 

LØYSING:

Valletta, hovudstaden på Malta, er oppkalla etter franskmannen Jean de Vallette, stormeister i johanittarordenen på 1500-talet. Britisk koloni frå 1814 til 1964, ut or Samveldet i 1974. Malteserfalken av Dashiell Hammett (1930) er kåra som tidenes kriminalroman. Maltesarkrossen er eit kjent symbol frå johanittarordenen si tid. Språket er av arabisk opphav. Dei fleste maltesarar, i motsetnad til arabarar flest, er ihuga katolikkar. Dronning Elizabeth 2. har vore er eller er dronning i reisemål 2, 7, 8, 9 og 10 i tillegg til dette reisemålet. 

Reisemål 12 

Denne staden hadde ein viss likskap med reisemål 11, om me ser stort på det. Staden hadde frå gammalt av ei administrativ tilknyting i lag med utgangspunktet for påskereisa i år og fram til og med året då reisemål 10 fekk endra politisk tilknyting. Det har han framleis, men på ein annan måte. Mange av pionerane på staden kom truleg frå det opphavlege heimlandet til dei som døypte om reisemål 3. Me ser restar av opphaldsstaden deira, som dei laut forlate for eit halvt tusen år sidan. Namnet på staden er i to ledd, og siste leddet er også etternamnet til ein avdød politikar og ein forlengst avdød leiarfigur med holdningar som avveik sterkt frå politikaren. 

LØYSING:

Halsnøy kloster. Munkeordenen augustinarane grunnla klosteret på 1100-talet, truleg etter initiativ frå Erling Skakke frå Etne. Malta og Valletta står òg i historisk gjeld til ein katolsk orden, men ein som skilde seg sterkt frå augustinarane. Storparten av Halsnøy og granneøyane + Valen krins tilhøyrde Fjelberg herad før 1965. No er både Valen og øyane med i Kvinnherad kommune. Dei første augustinarmunkane kom truleg få England. Reformasjonen i 1536-37 gjorde slutt på munkevesenet. Ein del klosterruinar er framleis å sjå. Aksel Kloster frå denne bygda var ein fargerik lokalpolitikar med ein vistitt i rikspolitikken. Asbjørn Kloster frå Rogaland grunnla Det norske totalavholdsselskab. 

DÅ ØNSKJER ME DEG VELKOMEN HEIM FRÅ JULEREISA! .

onsdag 20. januar 2021

DEUS EX MACHINA OG EIN MODEN PRESIDENT

For tolv år sidan skreiv eg ein lett optimistisk blogg om innsetjinga av den nyvalde presidenten i USA, ein relativt ung mann som heiter Barach Hussein Obama. Så gjekk det åtte år, og eg skreiv ein ny blogg om ein annan nyvald president. Denne bloggen  var ikkje fullt så optimistisk. Stort sett meiner eg det same no som i 2009 og 2017  om desse amerikanske presidentane. Men eg tok heldigvis feil i noko av det eg skreiv for fire år sidan. Donald Trump vart ikkje attvald. Joe Biden og Kamala Harris har no avlagt kvar sin eid til den amerikanske grunnlova og er president og visepresident. Nokon lett jobb får dei ikkje. Det skal me nok høyre mykje om, men meir tør eg ikkje spå denne gongen,

Eg kjem i hug gammal lærdom om gresk tragedieskriving når eg tenkjer på det som har hendt. Det spelet me har sett, spesielt det siste halvåret, er jo ei blanding av tragedie og farse, med storminga av  Kongressen som eit dramatisk vendepunkt. Men hadde det ikkje vore for Deus ex machina, hadde resultatet av presidentvalet kanskje vorte annleis. Somme greske tragediediktarar brukte eit spesielt knep for å løyse den dramatiske knuten og gjenopprette rettferda i slutten av stykket. Dei hadde ei maskin som heiste ned på scena ein skodespelar i rolla som gud (=deus), og denne guden rydda bort alle flokar. Guden frå maskina. 

Kva har så dette med amerikansk politikk å gjere? Jau, det kom ein virussjukdom til landet for snart eit år sidan. No har 400 000 amerikanarar døydd av pandemien, op svært mykje av samfunnslivet har gått i vranglås. Trump greidde ikkje eller ville ikkje ta epidemien alvorleg og synte seg som ein ubrukeleg 'commander-in-chief' i ein krisesituasjon. Hadde ikkje dette skjedd, er eg stygt redd for at det hadde vore Trump som skulle kaste glans over Washington i dag. No står gamle, snille og velrøynde Biden att, men får ein drittjobb.

Takk til gudane som kom ned på scena frå heisemaskina. Nei, eg ønskjer ikkje død over fleire hundre tusen amerikanarar. Men lell...

 

tirsdag 7. mars 2017

SENTRUMSTAFETTEN

Me går tilbake til 1964. Det var eit innhaldsrikt år i livet mitt, men no skal eg berre skrive om den einaste stafetten eg deltok i som representant for det ærerike Idrottslaget Svint, som visstnok har årsmøte om eit par dagar. Det var sundag, tidleg på sommaren eller kanskje seint på våren, og me reiste mannsterke til Leirvik i  Sogn for å forsvare Svints ære i stafettløypa.  Då me kom fram, synte det seg at oppslutnaden om ein slik stafett ikkje var som i glansåra på femtitalet. Det vart berre fire lag som stilte til start, to frå Svint og to frå arrangøren Sentrum. Eg veit ikkje kor stort rekrutteringsområde Sentrum hadde, men dei  hadde no basen sin i Leirvik. Forresten haddde Bygstad idrettslag køyrt over seks mil kvar veg dagen før for å delta, men dei hadde bomma på dagen. Og dei kom ikkje att denne sundagen, så me fekk ikkje prøve oss mot dei.
    Eg kjende meg svært usikker på om eg vart teken ut på noko av laga våre, men håpa på ei etappe på b-laget. Men bror Arne, som sjølvsagt hadde eit ord med i laguttaket som i så mykje anna, sette både seg sjølv og begge brørne sine inn på a-laget. Og "gamle" Olav Sande var med og sprang, sjølvsagt fekk han den lengste etappa. (Me tykte jo han var gammal, men han var nok berre 46 år.)
    Ja, så sprang me då, og eg laut ta første etappe. Det gjekk ikkje verre enn at eg veksla med bror Arne like i hælane på sentrumløparen, som visstnok dreiv og sprang ein del. Og forlåte meg vann me heile stafetten. Noka stor bragd var det knapt; eg trur ikkje Sentrum idrettslag låg i første rekkje blant friidrettsklubbar i fylket. Likevel var dei litt snurtne, leirvikingane. Premiar? Nei, dei hadde bestilt pokalar, påstod dei, men dei var dessverre ikkje komne, så  dei skulle ettersendast. Me trudde no helst at dei hadde teke for gitt at dei skulle vinne, så dei kunne spare utgifter til premiar. For me fekk aldri nokon pokal.
   Viss dei ansvarlege les dette, kan dei jo rette opp skandalen.

søndag 5. mars 2017

UVENTA KNAPP

Eg har somla urimeleg mykje med skriving til ære for det stolte idrettslaget Svint. No har det gått vekevis sidan eg skreiv sist, endå  eg er pensjonist og i utgangspunktet skulle ha allverda med tid. Men sidan laget skal ha årsmøte snart, tenkjer eg at eg får ta meg i hop.
   Laget hadde eit godt og tenleg stadion til bruk for friidretten, som var hovudsatsinga til Svint i mi barne- og ungdomstid. Stadionet låg i Skor, heime hos eldsjela Olav Sande. Sand'n var jo den store stjerna i laget, ein seig liten tapp som var i landseliten på lange løp og ein sikker vinnar på ankeretappa i Svintstafetten. Ja, når han berre kom på å ta av på rett plass og ned til målområdet. Heime ved tunet sitt hadde han rigga til hoppestativ, lengdegrop og kulering, og han hadde målt opp distansar i riksvegen for løpsøvingane. Så alt var tilrettelagt for treningsstunder og klubbstemne.
   Ein fager sommardag var me opp til Skor og tok idrettsmerke. Etterpå for me bort i Markhusvatnet, ikkje langt unna, og tok ein god dukkert. Nokon foreslo at me skulle symje eit stykke og tilbake, og me så gjorde. Symjinga gjekk bra; eg hadde no trass alt sumt frå Båthammaren ute ved Ilkjensfjæra og over til Kobbeskjeret og tilbake. Eller frå Saueskjeret over til Flekkebryggja og tilbake. Mange gonger.
   I juleferien var det årsmøte i Svint, og på same møtet fekk me utdelt idrettsmerka som me hadde gjort oss fortente til. Men så kom Olav Sande med eit merke til: symjeknappen. Eg var blant dei som vart oppropte for å ta imot denne ærefulle knappen. Eg protesterte, eg hadde vel aldri vore med på nokon knappetest? Det måtte vere feil. Men så vart eg påmint om badinga i Markhusvatnet om sommaren. Å ja, no først skjønte eg poenget med den symjeturen. Og knappen vart min.
 

tirsdag 24. januar 2017

EIN AMERIKANSK DYSTOPI

Når det gjeld denne bloggsida, har folk all grunn til å sjå på meg som ein halvnostalgisk mimrar. Difor ser eg det slik at eg må sjå inn i framtida av og til. Då burde eg nok ha vore meir optimistisk enn denne dystopien tilseier.
   Eg skriv om Donald Trump. Sjølv om eg mislikar han intenst, må eg tilstå at han har nokre poeng. Han finn gjenklang hos folk som sikkert treng merksemd, og han har peikt på manglar og misforhold i det amerikanske samfunnet. Han har rett i at styresmaktene har sløst vekk mykje pengar på tvilsame engasjement utanfor landegrensene.
   Men han er ufyseleg sjølvopptatt, lyg og overdriv når det passar han, skjeller ut eller snakkar nedsetjande om folk han mistrur eller mislikar, og han legg fram eit politisk program som knapt kan tene den jamne veljaren. No lovar han store skattelette til dei rike og nesten-rike. Kakse-venene hans skal grafse i statskassa der òg.
   Det eg no fryktar, er at han kjem til å sitje i stolen dei neste åtte åra. Når det så skal veljast ny president i 2024, kjem ein av ungane eller kanskje ein svigerson til å rykkje opp. Han vil arbeide målretta for å sikre dynastiet sitt, og han kan lukkast.
   Eit lite kjent innslag i verdspolitikken er det som pressetalskvinna hans kalla «alternative facts», altså reinhekla løgn, eller avvising av fakta som dei seriøse media formidlar. Putin og hans regime har nytta metoden. Trump gjorde det neste kvar gong han opna kjeften eller tvitra i valkampen. Goebbels i Nazi-Tyskland lærte oss at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger, etter kvart blir oppfatta som ei sanning. I valkampen sa Trump sjeldan namnet til Hillary Clinton utan å innleie med «crooked». Me kjem til å oppleve stadige gjentakingar av Trumps sjølvskryt og skryt av eigne bedrifter, og grov nedrakking av alt og alle han ikkje likar. Om att og om att. Og han avviste faktaopplysningar som ikkje passa han og sa at «dei lyg, lyg, lyg....»
   Noko av det som skremmer meg mest, er at det nye regimet kjem til å motarbeide og kanskje jamvel bruke statsmakta til å setje stygge grenser for det frie ordet. Noko av det flotte med det amerikanske samfunnet er aviser som Washington Post og The New York Times, som set si ære i utøve skikkeleg kjeldekritikk og samtidig setje søkjelys på makta og maktpersonar. Og å halde seg uavhengige av interessegrupper. Det spørst kor lenge dei greier dette. Trump-dynastiet og alt-right-rørsla likar ikkje slikt. Kanskje dei finn metodar som skal binde og kneble dei? Saman med seriøse fjernsyns- og nettkanalar. Det skulle ikkje undre meg. Forresten er det dessverre slik at eit stort fleirtal av amerikanarar aldri les desse avisene. I staden for seriøst nyhendestoff har altfor mange amerikanarar mata seg med såkalla reality-seriar, der Trump var ei stjerne. Og dei har lært å like den bøllete reality-tonen.
   Like ille som presidentvalet var senatsvalet, som gav fleirtal til det republikanske partiet. No kan Trump foreslå sine vener til høgsterettsdommarar etter kvart som seta der blir ledige. Senatet skal godkjenne dei. Dermed kan Høgsterett bli eitt av dei viktigaste maktmidla for den ekstreme høgresida i landet.
   Gjennom dei neste åtte åra får landet ei avdemokratisering og ei avhumanisering med stendige åtak på fundamentale menneskerettar og vern av minoritetar. Og så blir den neste Trump vald. Det blir kanskje bruk for nokre tiltak mot valsystemet og valordninga for å få det i hamn, men det fiksar dei greitt.
   Men får han folket med seg? Nei, han må slite litt. Men no får han ein svært god start. Landet er trass alle misforhold i betre stand enn på mange år. Arbeidsløysa har gått kraftig ned og sysselsetjinga kraftig opp. Kriminaliteten har gått ned. Utanlands er USA mindre involvert enn på lenge. IS (som Trump skulle «utslette»,) er kraftig redusert allereie. Alle opplysningar om dette og meir til avviste Trump som «løgner» i valkampen. Snart får me statistikkar som viser framgangen, og som Trump vil ta æra for. Om att og om att. Til tilstrekkeleg mange trur han har rett. New York Times les dei ikkje.
   Om åtte år er eg så gammal at eg kanskje har gløymt kva eg skreiv i dag. Og eg vonar inderleg at eg tek skammeleg feil.



søndag 22. januar 2017

FLEKKES (OG SVINTS) STORE DAG

I Den sjuande sans-dagboka mi frå 1958 er det ikkje mange notatar, men den 22.juni laut eg notere litt: "I dag er Flekkes store dag! Noregsmeisterskap i kort maraton." Og så har eg notert ned resultatlista.
   Jau, det var ein stor dag, ein godvêrssundag og  folkefest. Løpet - også omtalt som 25 kilometers landevegsløp - gjekk frå vegeskiftet i Flekke og følgde riksvegen til Nautsund, der deltakarane vende og sprang ned att til Flekke. Deltakinga var ikkje så mykje å skryte av, berre sju stykke. Finn Systad vann, og Svints store stjerne, Olav Sande, vart nummer fem. Men at Idrottslaget Svint fekk dette meisterskapet, var ikkje noka lita bragd. Tykte me. 
   Broder Steinar og jamaldringen Erik Sølvberg synte seg å inneha ein god grann forretningstalent. Onkelen til Erik hadde jo butikk i bygda, og no fekk desse to karane låne garasjen hans og rigge seg til med sal av brus. Kanskje jamvel is og snop, det hugsar eg ikkje. Onkel Odd kunne stå som forretningsansvarleg, så her vart det nok ikkje søkt om noko løyve. Litt lenger borte hadde Storakerfolket sin butikk ope og selde brus og denslags, dei òg. Men mens Erik og Steinar tok betalt for flaskepant og betalte tilbake når tomflaska kom i retur, tenkte ikkje Storakerfolka slik. Dei bad folk kome att med flaska når ho var tom. Det var det ikkje alle som gjorde; somme var så uærlege at dei gjekk til garasjen og fekk flaskepant hos Erik og Steinar.
   Dagen etter var det jonsokaftan. Som vanleg når denne dagen kom, romsterte eg i hus og stabbur etter tomflasker som kunne pantast, og så gjekk eg på butikk for å få inn pengar til jonsokbrus. For det måtte me ha; kjekspakke og brusflaske med hòl i korken som me gjekk og patta på mens jonsokbålet brann og sommarkvelden lakka og lei.
   Men då eg kom til Mathilda på Storakerbutikken med tomflaskene mine, vart ho  bisk i åsynet og nekta å betale ut nokon pant. Dagen før hadde dei tapt fleirfaldige kroner på flasker som ikkje vart returnerte, fortalde ho. 
   Eg laut gå på Oddbutikken, og der fekk eg pengar og kunne kjøpe jonsokbrusen min. Noko særleg minne frå sjølve NM har eg ikkje, men flaskehistoria hugsar eg.
      

torsdag 19. januar 2017

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR

Nei, i Flekke var det ikkje Holmenkollstafetten som var vårens vakraste eventyr. Det var Svintstafetten.  Det unge idrettslaget staka opp ei stafettløype som høvde godt til laget. Den unge, særs talentfulle Gunnar Kalstad fekk  ein  høveleg kort etappe. Langdistansestjerna vår, Olav Sande, fekk sluttetappen, som var lang nok til at han lett kunne nå  att eventuelle konkurrentar som prøvde å stele sigeren frå Svint-gutane. Løpet starta ved ungdomshuset, følgde postvegen (eller gamlevegen, som me sa i den tid) inn Stavsdalen til Våkneskarvadet, der turen gjekk opp Tjuvevegen til riksveg 570 (seinare riksveg 57, seinare fylkesveg, eller Nyevegen, som me sa). Så følgde dei denne vegen ned att til Flekke, tok av over Finnbrua, gjennom Finntunet og Garatunet ut til skulehuset og  opp om bøgarden ved kalvehuset til Garagutane, og deretter langs bøgarden heilt til kalvehuset til Finn, og så ned att til ungdomshuset. Skal tru om dei kanskje la til ein ekstra runde og sprang den aller siste sløyfa to gonger så Olav Sande skulle få sikre sigeren? Denne blide skoringen var den beste langdistanseløparen i fylket og hevda seg i landstoppen, må me hugse. Når så Olav passerte målstreken, hadde Svint drege sigeren i hamn. Heile bygda stod og jubla i det vakre vårvêret. Etterpå var det premieutdeling og fest i  ungdomshuset.
   Men eitt år skar det seg. Olav gløymde å ta av ved Finn-kalvehuset og sprang vidare innover utmarka i retning Grønekvia og Årelia. Dei som kom bak han, følgde på. Ingen rekna med at ankermannen på heimelaget skulle ta så feil. Så vart tabben oppklara, og ei gruppe andpustne, sveitte og tafatte idrettsgutar labba tilbake til kalvehuset, stansa opp, stod og såg på kvarandre og lurte på kva dei no skulle gjere. Dei tok like godt og stilte seg opp, sa "Klar, ferdig, gå!" og la på sprang dei siste to-tre hundre meterane ned til mål. Og stakkars Olav, som ikkje var nokon sprinter, måtte sjå seg slått av tre-fire andre.
   Eg anar ikkje korleis dei takla premieutdelinga den dagen.

onsdag 18. januar 2017

SVINT MOT LUNGEBETENNELSE

Eg kan ikkje dy meg. Sidan eg presenterte Svint-drakta frå sekstitalet i går, vil eg få syne fram ein av dei unge, lovande stafettdeltakane som hausta ære og fagnad på fleire tevlingar der Idrottslaget Svint stilte opp. Då dette biletet var teke, var nok løparkarriera hans på hell. Derimot hadde han pådrege seg ei lei sykje og laut halde senga i Krybbesmuget 2 i Bergen by. Eg trur det var i januar 1969 eller der omkring. Olemann, bror Steinar og eg delte ei leiligheit ein periode. Seinare på våren gifta eg meg og flytte etter kvart ut, mens dei andre to heldt det gåande endå ei tid. Men dette hende før eg flytte, bror Steinar hadde sikkert fare ute i januarkulda utan langt ullunderty, hue og sjal og hamna i senga med lungebetennelse, stygg hoste og flammande febertokter. Eg fekk pleie storebroren min etter fattige evner, eg ringde etter dokter og ringde ein gong til og kjefta fordi visitasen drog ut. Men så kom dokteren omsider, han lytta på pasienten, medisin kom i hus, og feberen minka. Og no, som du ser, har Steinar fått på seg Svint-drakta med den umiddelbare verknaden at feberen dalar ned mot trettisjutalet. Så her ser me den trufaste Svint-guten stire nøgd på febertermometeret og konstaterer at han er "på bedringens rand," som ein fyr så presist uttrykte ein gong.
   Det var ei fin og god drakt, og god for helsa.

tirsdag 17. januar 2017

IDROTTSLAGET SVINT


I dei godt og vel fem hundre blogginnlegga eg har hatt her på denne nettstaden, har eg visstnok enno ikkje skrive om Idrottslaget Svint. Det er ei alvorleg forsømming. Så etter ei lang, lang bloggpause skal eg no bøte litt på denne stygge slurveferda mi.
   Inspirasjonen har eg fått frå  nokre gledelege kunngjeringar på feisbukk, som syner at laget er i beste velgåande. I barne- og ungsomsåra heime i Flekke var Svint eit heidersnamn, idrettslaget som femnde om Skor, heile Guddalsdalføret og Flekke-krinsen. Seinare breidde det seg visstnok langt ut langs fjorden.
   Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynne, men då presenterer eg den første idrettsdrakta som hadde namnet på laget godt synleg på ryggtavla. Det var ei flott drakt, friskare i designet og fargevalet enn dei vanlege blåkvite draktene folk gjekk med viss dei hadde råd til å kjøpe seg treningsdrakt. Trøya ser du her, kvit, raud og svarte bokstavar. Broka var svart, kan eg nemne. Flott, ikkje sant?
   Då drakta var ny, var eg og ein guddøling i Høyanger og sprang. Eg trur det var sommaren 1965.  Me gjorde stor lukke. Ikkje for det at me la beslag på dei to siste plassane på både firehundre og femtenhundre i juniorklassa. Nei, men me vart hylla for dei vene idrettsdraktene våre.
   Om lag femten år seinare grov eg fram drakta, som låg svært langt nede i kleskåpet vårt på Husnes. Det var ein fin vårkveld, og eg fekk for meg at det ikkje var for seint å prøve seg med ein joggetur etter gammalt. Så eg kom meg av garde og jogga pent og pynteleg langs Kaldestadvegen. Nokre gutlarvar såg meg og las høgt og skingrande: "Sviiiin...(t)!" Siste bokstaven var nesten ikkje høyrbar.


torsdag 19. mai 2016

MERKEÅRET 1956

På denne dagen, seksti år tilbake i tida, fekk dei to brørne mine og eg ei syster, som me gjorde vårt beste for å skjemme vekk. Til ære for henne tillet eg meg å klyppe litt frå to gamle skriftstykke. Aller først noko som eg produserte for snart tjue år sidan, og som handla om hundane i Flekke og litt til. Åra mellom 1956 og 1960 var hundelause. Derimot var det så mykje anna spennande som gjekk føre seg i Flekke, og som kom med i hundeboka. Stort sett er dette uredigert. Fleire av dei eg skriv om, er døde no. Folk frå andre byar og bygder som måtte finne på å lese dette, får ha meg orsaka om det finst namn og ord som er ukjende for dei.

Me er ikkje ferdige med merkeåret 1956. Den 30 april, ein halvgrå vårsundag, sa mamma farvel og reiste med dampen til by’n for å få den store magen av seg. Ein heil månad var ho vekke, den lengste ferien ho nokon gong har hatt. Ola Espedal og Arne var på hyttetur den helga, og vel heimkommen vakna bror Arne den 2. mai med ein masse raude prikkar i ansiktet. Så skreiv eg til mamma - kanskje ho har brevet framleis, ho har gøymt på masse brev - då skreiv eg at  han hadde fått ein brote med  raude, små, fine bissevovvar. 
   Dagane gjekk, og me feira syttande mai. Den 18. vakna Steinar og eg  og måtte stå opp og gå på skulen, endå så trøtte me var etter feiringa. Ikkje misforstå, me var nok i seng ved midnatt etter skodespelet og fyrverkeriet. Men likevel. Då oppdaga den eine av oss at den andre hadde fått raude hundar om natta, og ved nærmare ettersyn hadde me såmenn fått sykja begge to! Sjuke kjende me oss slett ikkje, men no kunne me glade og med godt samvit halle oss ned att i senga og ta det med ro. Å gå på skulen vart ikkje aktuelt den dagen![1]
   Det som hende dagen etter, fekk me ikkje greie på før dagen etter det att. Då kom det telefonisk beskjed om at me hadde fått ei syste. Nett så uventa var det ikkje, men det kunne like gjerne ha vorte ein bror til, slik eg ønskte meg. Nett det ønsket vart fort fortrengt eller gløymt[2]. Papen var så gild at han visste ikkje kva fot han skulle stå på, derfor brukte han begge føtene og gjekk til Ilkjens med meg på slep for å fortelje om nyhendet. Dei raude hundane var allereie på retur.
   På Ilkjen spreidde ryktet seg fort, men Asbjørn var ikkje heime nett då. Då han kom heim, fortalde tante Målfrid han at no hadde Arne,  Steinar og Reidar fått ei syster, dei og. Asbjørn vart vilt begeistra og ville gjerne bere nyhendet vidare. Først opp på loftet til besteforeldra, men dei visste alt om det. Så på Kvia, men dei og hadde frett det. Då kom han på noko lurt: “Men tante Lisbet, ho er i by’n, ho veit sikkert ikkje om det!”
   For broder Steinar vart denne pinsehelga ein blanda fornøyelse. Han skamsykla ned gamle Gota på det vis at han ikkje greidde svingen ved gamle Storakerbruna og kolla så kragebeinet gjekk tvers av. Det hadde vore mykje likare om han hadde halde seg i ro og pleia dei raude hundane sine. Men så fekk han komme til Dale til dokter og vart bandasjert etter kunstens reglar. No vart det ikkje slutt på syklinga for denne helga. Det var pinsehelg med to helgedagar, må me hugse. Og kanskje det var andre pinsedag at det var damp. Mamma i by’n hadde ordna med kjøp av ny, dvs. brukt, sykkel til Steinar. Og så kom sykkelen med dampen lenge før herda var grodd. Sjølvsagt kunne ikkje katen dy seg, han laut prøve det nye vedunderet.
   Torsdag den 31. mai var eg på Ilkjen ein tur. Mens me sat der på kjøkkenet og åt non, reiv tante Målfrid av kalenderen så juni månad kom fram. “Korfor gjer du det no, det er ikkje  juni før i morgon,” innvende  Peter Kåre. “Jau, for då er det nett som om det ikkje er så lenge til tante Lisbet kjem heim med den nye systa deira,” var svaret.
Og tidleg, tidleg fredags morgonen var Steinar og eg på bryggja og skulle ta imot dei. Me var ute i god tid, men det var ikkje dampen. Han var noko slikt som to timar for sein. Me gjekk der og trakka ei god stund, men så laut Steinar på skulen[3].
   Omsider kom båten, mamma kom med ei aldeles nydeleg lita jente sovande i ei vogn, og eg fekk æra av å trille henne heim. No var papen kommen til og, han var vel ferdig med mjølking og slikt, tenkjer eg.
   Same dagen troppa Asbjørn opp og måtte sjå. Men sundagen etterpå, eller kanskje sundagen deretter, tenkte dei på Ilkjen seg inn om Hogjen med barsengmat og skulle sjå den nye systa vår. Spørsmålet var om heile hurven skulle vere med denne første gongen. Då sa Ove: “Du Asbjørn treng ikkje vere med, for du har sett Else Karin deira hos tante Lisbet før!





[1] Slik er det eg synest å hugse det. Men det kan knapt stemme at begge skulle på skulen, for eg gjekk  fjerde og Steinaren sjuande året, så me hadde nok Årøyen begge og gjekk kvar sine dagar. 18. mai trefte forresten på ein fredag det året.
[2]  Eg sa ikkje, slik dei seier i vitsane, når ein av syskena vert konfrontert med utsikter til å få ein bror eller ei syster: “Eg vil mykje heller ha ein hund!” Men skal eg tru tante Gerd,  så sa Bjarne nett det då han fekk vite at dei venta Pettermann.
[3] At han og ikkje eg skulle på skulen denne fredagen, er ein sterk indikasjon på at fotnoten min om kven som slapp å gå på skulen den 18. mai er korrekt.

Så tillet meg ganske enkelt å leggje inn peikaren til ei gammal bloggside:





mandag 14. september 2015

RØYSTERETTEN

For femti år sidan i går var det stortingsval, og eg fekk ikkje røyste, jamvel om eg hadde klare meiningar om kva parti som burde ha fått stemma mi. Men tjueåringar var ikkje modne for ei så alvorsam akt som å vere med og velje styringskvinner og -menn. Me såg kor det gjekk, heidersmannen Einar Gerhardsen laut gje seg og sleppe til den frittalande bonden frå Senterpartiet og Trøndelag, bestefar til oljeinvestor Ola Borten Moe. I lag med tre andre parti.
   Denne sommaren hadde eg prata med ei godt vaksen engelsk dame som eg trefte på båten til Bergen. Ho var og såg på dei vedunderlege norske fjordane, naturlegvis. Ho var ikkje heilt blank på norsk politikk. Ho hadde fått med seg at me skulle ha stortingsval, og at Arbeidarpartiet, som no hadde styrt i tjue år, såg ut til å måtte gje frå seg makta. Kva eg meinte om det? Eg sa at eg trudde ikkje det ville utgjere særleg stor forskjell for verken land eller folk. Sidan ho ikkje hadde røysterett ved det norske valet, kunne eg trygt seie det som det var; her var det ikkje røyster å hente. Ho forstod slett ikkje at eg kunne seie noko slikt. Ho hadde fått det for seg at dette var den første gongen det norske folket skulle få velje på tjue år, og at alle gledde seg til å få vekk dei sosialistiske undertrykkjarane.
   Nei, eg fekk ikkje røyste som tjueåring, fortredeleg nok. Men verre var det for mamma og papen. Røysterettsalderen var 23 år før krigen. Og då måtte du ha fylt år innan valdagen. Frå 1814 og fram til 1920-talet var grensa faktisk 25 år. Ved kommunevalet i 1937 kunne nok papen gjerne ha tenkt seg å delta, interessert i politikk som han var. Men nei då. Han fylte 23 eit par veker etter valet, så då fekk han ikkje sleppe til. Den gongen var det ikkje nok å nå grensa seinast nyårsafta i valåret slik som no. Og mamma, stakkar, var berre tjueein.
   Så gjekk åra, og i 1940 bryggja det seg opp til stortingsval. Endeleg skulle mamma og papen få gjere si samfunnsplikt. Men den gong ei. Det sytte Quisling og Hitler for. Ikkje før hausten 1945 fekk foreldra mine sleppe til. Papen var nesten 31 og mamma 29.
   Og Einar Gerhardsen fekk sitje trygt i stolen sin.

tirsdag 8. september 2015

NOMADELIV SOM STUDENTAR

Å kome til Bergen for femti år sidan for å studere, var ikkje heilt fritt for utfordringar. Noko slikt som fadderveke var ikkje oppfunne. Men me fann ut av det meste ved hjelp av kvarandre. Eit orienteringsmøte hadde dei skipa til, og då trefte eg to karar som eg kjende flyktig frå dei tre gymnasåra mine i Nordfjord. Dagfinn frå Ervikja i Eid og Roald frå Kleivedammen på Sandane. Ingen av dei hadde vore firdaelevar, men dei kom i same ærend som eg, og utetter haustsemesteret vart me godt samansveisa. For ikkje å snakke om åra som følgde, anten det no var studium, fritid eller skogplanting om somrane.
   Nett i desse åra midt på sekstitalet rann universitetet i Bergen fullt av studentar. Og enno hadde dei ikkje lært seg å stengje så mange studium. For å få systemet til å gå rundt lét dei oss studentar springe hit og dit i byen på førelesingar, kollokviegrupper, eksaminatorium og lesesalar.  Dette var heilt ulikt tida på Firda, der me hadde dei aller fleste timane våre i klasserom nummer 5 (populært kalla "Bussen").  Førelesingane til examen philosophicum vart haldne i Folkets hus. Latinkurset gjekk i Muséplass 1. Så var det eitkvart i Lars Hillesgate 20, skal tru om det var kollokvie i logikk? (Då hende det seg at me heller gjekk på Chianti over busstasjonen.) Så var det noko som dei kalla eksaminatorium i filosofi oppe på Florida. Og viss me ville på lesesal, noko som ikkje var lett på grunn av plassmangel, var det eit par-tre meir eller mindre gode alternativ her og der. På Universitetsbiblioteket var det kø allereie ved hanegal. Dette trur eg må behandlast i eit eige blogginnlegg ein gong.
   Og så hadde me hybelen min på kvisten i Tartargaten. Universitetet betalte ikkje eingong leige for dei timane me tre karane heldt kollokviemøte der.