Godt nytt år!
Først lyt eg få takke bror Reidar for gild bloggomtale
jolaftan i fjor. Dette fekk tankane mine til å gå attende til første jula eg
kan minnast, då var eg nok 65 år yngre enn no, og såleis om lag på den alderen
biletet viser. Eldstebror, Arne, var to år eldre og var vorten skulegut. Eg
fekk ein stor pengesetel, og vart tilkjend den tillit å skulle ordna med
julegåver. Pengesetelen var raud, pålydande 2 kroner – året var 1947.
På butikken til Odden var litt av kvart å finne, og eg valde
ut ein blyantkvessar til Arne – det hadde han sikkert bruk for, og han kosta 40
øre, så enno hadde eg att rikeleg med pengar. Kva eg kjøpte til Reidarbror, kan
eg ikkje minnast, men han var jo så liten at han var sikkert nøgd med det han
fekk …
Så vidt eg hugsar var det ”Butikk-Helena” som ekspederte då
eg eit par dagar seinare var på butikken att for å få julepapir til
blyantkvessaren og til ein hekla serviett eg hadde vunne på ein basar, og som
mamma skulle få. Eg var blyg, og torde ikkje seie stopp då ho rulla ut meter på
meter av fint, og sikkert dyrt julepapir, og var redd for kostnadene – eg hadde
jo hatt meir enn nok med ein halvmeter… No gjekk det likevel bra, ho skulle berre
ha 5 øre, og eg pusta letta ut, sjølv om eg nok kunne fått 5 eittøres eller 3
eittogeithalvøres fiskeonglar for femøringen.
Ho var forresten litt rar, den same ”Butikk-Helena”. Eg
hugsar første gongen eg handla med henne, eg skulle eit butikkærend for eit
kvart lite. ”Versågod!”, sa ho. Dette skjøna eg lite av – var jo opplærd til å
seie ”Takk” når eg fekk noko, og at den som gav noko gjerne sa ”Versågod”. Eg hadde slett ikkje fått noko,
og visste ikkje kva eg skulle seie. ”Versågod” sa ho ein gong til, og eg kunne ikkje
takke, men så hadde ho heldigvis vit til å spørje kva eg skulle ha, og då ordna
det seg!
No er eg vorten vis med at di eldre ein blir, di meir tek
langtidsminnet over etter kvart som korttidsminnet skrantar. Førebels er eg
såleis ikkje komen lenger enn til fem-årsalderen, men det kjem venteleg med
tida - eller???
Ja, godt nytt år! Bror Steinar har ikkje presentert karane som poserer på siste biletet. Til høgre står eldstebror Arne, som på biletet er irriterande lik sonesonen min.Alle kan vel sjå at han til venstre er den same som han som vart presentert julafta. Nyårskviss: Kven står då i midten?
SvarSlettDet spørst om tokroningen Steinar har avbilda, er den same som han kjøpte julegåver for. Papirpengane frå krigen måtte innløysast etter 1945: http://www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/Andre-verdenskrig/Naeringslivet/Bankvesen-kroner-og-Reichskreditkassenscheine
Nei, kjære bror! Ved at det var produsert ca 68 100 000 slike setlar i tida 1940 - 1950, er det statistisk liten sjanse for at det var akkurat denne setelen.
SlettMen det var skilnad på setlar som vart sanerte og skillemyntsetlar. Og om eg hadde hatt setelen no, ville han vore ugyldig fråå 13.07.1999, men visseleg hatt ein samlarverdi hjå ein mynthandlar!
(ref: http://www.norges-bank.no/no/sedler-og-mynter/sedler/skillemyntsedler/)
"
Myntmangel oppstod raskt også under annen verdenskrig, så skillemyntsedler ble laget allerede i 1940. De var gyldige til 1950.
1-kroneseddel
Utgitt 1940-50, ugyldig fra 13.07.1999. Antall 131 500 000. Ca. 100 x 64 mm.
Forside Bakside
Forside: Teksten 1 KRONE, vignett med valørangivelse.
Bakside: Vignett med valørangivelse.
2-kroneseddel
Utgitt 1940-50, ugyldig fra 13.07.1999. Antall 68 100 000. Ca. 100 x 64 mm.
Forside Bakside
Forside: Teksten 2 KRONER, vignett med valørangivelse.
Bakside: Vignett med valørangivelse.
Flott! Då veit me det ... Eg er lei meg for at eg ikkje etterrøkte godt nok og såleis drog orda dine i tvil på ein urettvis måte. Unnskyld!
SlettDu treng ikkje vere lei deg, Reidar, men eg ventar på oppfylgjinga di om lesegleder. Reknar med at Robinson Crusoe var gild lesnad, og så vil eg tru at Detekivmagasinet med Knut Gribb, Jerven og Brede stundom vert sakna...? Eller..??
SvarSlettEg kjem med tre kapittel til, som eg har lova. Dei du nemner, burde ha vore sikre kandidatar, men må vente til ein annan gong. Eg likte forresten vel så godt moderne robinsonadar, t.d. Den løyndomsfulle øya og Ei ferieferd, begge av J. Verne, Koralløya av R.M.Ballantyne og Den norske Robinson av Otto D. Adeler. Knut Gribb og Detektivmagasinet var gromme greier!
SvarSlett