Viss du blar tilbake til bloggen min den 27. januar, finn du meir om revolusjonar og om skeiserevolusjonen i 1963. No kunne eg ha venta nokre veker med dette innlegget til femtiårsjubileet for den helga eg skal dvele ved. Men det er like greitt å få det sagt. Alle revolusjonar som det har vore litt tak i, møter veggen og må svelgje nokre usle nederlag.
Etter skeise-EM i Göteborg den første helga i februar 1963 såg me med begeistring og spenning fram til VM i Japan. Nei, spenninga var ikkje så svært stor. Me visste jo at dei norske triumfane skulle kome, spørsmålet var berre kor overlegne gutane våre skulle verte denne gongen, og kva for ein av dei som skulle stå øvst på sigerspallen. Kunne det verte den pur unge nye stjerna Per Ivar Moe? Eg vona sjølvsagt på Kupper'n, min store helt.
I Karuizawa var klokka allereie tolv om dagen når ho ikkje var meir enn fire om natta heime. Skulle me følgje med på direktesendingar, laut me velje mellom å vakje rundt eller å stå grytidleg opp. Eg trur eg kom meg til sengs og stod opp i otta, for dette var det viktig å få med seg, og litt utkvild burde ein vere. Laurdagen gjekk slett ikkje som me hadde tenkt. Han der svensken, Jonny Nilsson, han som snytte oss for distansesigeren på mila i EM, gjekk sigrande i mål på halvmila og stal den nye verdsrekorden til Kupper'n. Og verre skulle det verte. Dagen etter utmanøvrerte han det fem-mannsterke norske laget, snytte oss for laurbærkransen og attpåtil sette to nye verdsrekordar, på mila og samanlagt. Ja, han slo Kupper'n sin uslåelege 15.46.6 frå Squaw Valley! Vår store helt hadde mista tre verdsrekordar på to dagar og måtte nøye seg med andreplassen samanlagt
No var rett nok den norske laginnsatsen heiderleg: fem blant dei sju beste. Men det var ikkje ein lagkonkurranse.
Namnet Karuizawa smakar ekkelt den dag i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar