I dag er det nøyaktig femti år sidan eit markant høgdepunkt i ein markant revolusjon. Dette fortener nokre kommentarar. Ein revolusjon kan delast inn i ulike hovudfasar. Han byrjar gjerne i rolege former og med stor optimisme. Så går han over i ein radikal fase med rasande eldhug, tru på mirakel og skilsetjande gjerningar. Men etter kvart glir han over i antirevolusjonære former, vonbrot og nederlag, og dabbar av.
I dag skal eg nøye meg med å minnast dei to første fasane i den revolusjonen me opplevde vinteren 1963. Me snakkar om skeiserevolusjonen.
Etter bragdene vinteren 1960 i Squaw Valley-leikane var min store helt Knut "Kupper'n" Johannesen mest med på kjøt og flesk eit par år. Det rakk til norske meisterskap både i 61 og 62, men internasjonalt rakk han ikkje på pallen. Der stod det sovjetarar og nederlendarar. Dei andre nordmennene låg endå lenger bak.
Så kringkasta dei resultata frå nyttårsløpa på Bislett ved inngangen til året 1963. Kupper'n hadde sett ny norsk rekord på 5000-meteren! Eg hoppa i stolen: "Han er betre enn nokon sinne!" ropte eg. Det viste seg dessutan at ei heil røys med unge løparar gjekk i mål på ulike distansar med strålande resultat. Optimismen steig. Enno var ikkje heimlandet til Oscar, Ivar, Hjallis og Knut avskrive som skeisenasjon.
Festen følgde ei bratt kurve. Midt i januar vart Knut Johannesen norsk meister med flotte norske rekordar på både halv- og heilmila. Han snuste jamvel på den gamle rekorden til Sjilkov på legendariske 7.45.6. Berre eit par sekund unna, og det på norsk låglandsis! "Eg kunne nok ha greidd den òg, men me får ta ein ting om gongen," kommenterte han.
Og så! Nøyaktig femti år sidan i dag var det norsk-sovjetisk landskamp. Dei siste ti åra - etter at Hjallis la opp første gongen - hadde jo sovjetarane forsynt seg grovt av titlar, medaljar og rekordar på skeiser. Men denne gongen vart dei totalt overkøyrde. Fire nordmenn gjekk under den gamle verdsrekorden til Sjilkov på halvmila! Kupper'n sette krona på verket med 7.37.8. Jubelen ville ingen ende ta. No gledde me oss fælt til EM i Göteborg veka etter!
Der nådde festen nye høgder. Radioapparata gløda der reporterane med håse røyster ropte ut rundetider og plasseringar. Me sat og noterte for harde livet og rekna på poengsummar. Og me fekk løn for strev.
Firedobbelt norsk med Nils Aaness på topp. At det ikkje vart Kupper'n, var nok ikkje eg så glad for, men det fekk våge seg. Skeiserevolusjonen var langt inne i den radikale fasen. No trudde me at alt var mogeleg. Snart var det VM i Japan!
Det var berre ein liten hake ved Göteborg-EM: Svensken Jonny Nilsson vann mila.
Jonny Nilson var ei pest og ei plage både i VM i -63 og OL i -64. Til all lukke fjerna min store skeisehelt, Fred Anton Maier, den plagsame svensken heilt frå verdsrekordlistene med sine mange gode langdistanseløp framover til -68. Diverre var han (Fred) umåteleg treg på 500 og blei aldri den store samanlagtløparen eg vona på. Antirevolusjonen blei såleis i fyrste omgang kortvarig, og det blei vel nærast ein ny skeiserevolusjon på -70-talet med dei fire S-ane. Men etter det utrivelege proff-styret og etter at nederlendarane overtok for godt(?) har det vore triste greier for det meste (utanom Koss)
SvarSlett