tirsdag 15. januar 2013

LESEGLEDER: PAUSE FØR INNSPURTEN

I fjor begynte eg på ein serie som eg kalla lesegleder. Det var ikkje ulikt meg å sjå tilbake til yngre år, til den tida då eg var ein fyrig lesehest. No er eg meir som ein kjepphest, kanskje ein sengehest som står seint opp om morgonane, eller som Jakob Sandes grå og slitne Gideon legdeblakk. Eg les nok litt enno, men ikkje med den same appetitten som i mine glansdagar. Det burde eg skjemmast over. No eg er pensjonist, har eg tid. Eg brukar forresten meir tid på aviser no enn før. Det skal eg ha.
   Etter at eg kom i gang med funderingane omkring lesinga mi, bestemte eg meg for å avgrense meg til ti innlegg. Dette eg kjem med i dag, vert unummerert, sidan det handlar om laust og fast. Og med nokre tankar om utvalet mitt. Eg burde jo ha teke med han som er nemnd lenger oppe, sidan han sikkert er den diktaren som er vanskelegast å kome utanom for oss sunnfjordingar. Det er fleire andre som eg har kome på undervegs, som absolutt burde ha vore representert. No er ikkje dette eit rettferdig meisterskap i diktekunsten, det er meir som eit lotteri, urimeleg og tilfeldig. Det får du hugse på når du (dersom du) les dei tre siste tekstane, som kjem utetter veka.
   Så undrast du kanskje på kvifor eg har teke så lang bloggpause før eg avsluttar serien. Me kallar det latskap.

3 kommentarer:

  1. Latskapen er ein trugen følgesvenn, som ikkje er lett å skilja seg frå.
    Men eg skjønar du gjer eit forsøk nå. Er det eit nyttårsforsett?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, greitt. Iallfall skal eg skrive ein og annan blogg. Så les eg arabisk historie. At du må heilt til Thailand for å få krefter til å blogge, er tankevekkjande.

      Slett
  2. "Den late sit i Sengi og ynskjer han hadde leget" (Ivar Aasen, Norske ordtak).

    SvarSlett