For meir enn tretti år sidan fekk me ei driftig tysk dame som kollega på den vidaregåande skulen. Ho underviste i dei framandspråka me hadde: engelsk, fransk og sjølvsagt tysk. Mannen hennar var med på lasset. Han kunne titulere seg som lektor med fransk hovudfag. Men me hadde jo så mange fransklærarar gåande der, så strengt teke trong me han ikkje. Hos oss fekk han undervise i tysk, om eg ikkje hugsar feil. Han var eit stillfarande, langt og tunt rekel, lågmælt og fredsæl og kom litt i skuggen av den geskjeftige frua.
Namnet hans var òg svært lite originalt, så eg reagerte ikkje mykje på det, sjølv om eg meinte å ha sett eller høyrt det før han dukka opp. Men etter nokre dagar eller veker kom eg over ei bok der forfattaren hadde nett same namnet som denne nye kollegaen. Om han hadde skrive boka? Jau, det kunne han ikkje nekte for.
Så då kom eg heim med Alltid fleire dagar og begynte å lese. Nokså snøgt ropte eg på fru Anne at ho måtte kome og lese med meg. Me sat ei stund i lag i sofaen og las og klukklo over dei underlege påfunna som Ragnar Hovland serverte oss. Ho hadde enno ikkje helst på fyren. "Tru korleis eg kjem til å takle det," sa ho. "Eg kjem vel til å storflire når eg ser han!"
Etter nokre år bygde me oss hus her på Eikelandsberget. Det gjorde Sabine og Ragnar òg. Han la bort lærargjerninga og sat heime og skreiv. Det sterkaste minnet eg har om dei, var då me skulle buksere pianoet til Ragnar ned frå andre etasje i huset dei budde i på Sunde dei første åra. Det var eit gammalt, trongt hus med ei smal trapp, og at me fekk pianoet ned i heilinga utan å måtte rive ned altfor mange vegger, må jo vere eit godt prov på at Gud er til. Ragnar er presteson, på same vis som Wergeland og Bjørnson. Og ein dugande musikar.
Med Ragnar si hjelp og ein god forlagsrabatt fekk eg kjøpt inn eit klassesett til skulen av den før omtalte debutboka hans. Klasse etter klasse, elevkull etter elevkull, las og sleit på bøkene så dei løyste seg opp til eit lausbladsystem etter kvart. Me dreiv òg høgtlesing frå kateteret til klassar der elevane ikkje var særleg ihuga lesarar. Då sat dei i ro og følgde med.
Etter nokre år flytte dei, først Ragnar, så Sabine. Men ei røys med bøker av denne originale skribenten står i bokhylla vår. Det er litteratur som glir lett ned, men som gjev ein underleg ettersmak. Siste romanen, Stille natt, har ein tittel som i verste fall kan tolkast som om ringen er slutta, den som byrja med Alltid fleire dagar.
Eg vonar eg tek feil. Den gode grannen vår frå åttitalet har nok meir på hjarta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar