søndag 6. januar 2013

KRISLING I BUKA

Det er ei påkjenning å høyre på den strålande langrennsjenta frå øvste grendene i Østerdalen. Når Therese Johaug slepp til ved mikrofonen, sit eg med spissa øyre og lyttar intenst. Men eg må tilstå at eg er meir oppteken av korleis ho seier det, enn kva ho seier. Eg veit det er ei dårleg innstilling, men slik kan ein gammal norsklærar med ei viss interesse for norske målføre oppføre seg. Og denne jenta brukar talemålet sitt så fritt og direkte at det gleder ein forherda målmann. Truleg har ho dugande medierådgjevarar som oppmuntrar henne til å bruke media slik, som ein del av merkevarebygginga av eit naturbarn, ei hulder frå ein norsk avkrok. Og så er ho flink å gå på ski, jamvel om ho ikkje nådde att Justyna Kowalczyk opp monsterbakken i dag.
   Rett før eitt av renna i Tour de Ski snakka NRK-dama med Therese og Kristin Steira og spurde Therese om korleis ho følte det no. "Jau, det krislar i buka!"  svarte jenta frå Dalsbygda med eit godt glis. Eg er ikkje sikker på om den pentsnakkande NRK-dama forstod kva ho meinte, men eg som er oppvaksen med den same dativen som Therese, var med på notane. Rett nok vert ein buk til bukjen og bukja i bunden form på min barndoms dialekt, alt etter om det er dativ eller ikkje. Og reglane for dativ er om lag dei same som på tysk i preposisjonsuttrykk. Me kan altså veksle slik: "Bukjen min æ'kje goe i dag, eg he ilt i bukja." Forresten la Kristin S. Steira til at "det krisle i buka på mæ også", men lo på ein måte som avslørte at ho apte etter Johaug.
   Hadde det vore meg, så hadde eg vel sagt: "Da kitla i maja." Viss eg hadde kome på å snakke ekte flekkemål.
 

3 kommentarer:

  1. Flott Reidar! Då eg las overskrifta sveiv det meg at trykk eigen hadde vore på ferde og kvarta ein 's', og då eg las første lina tenkte eg at kva er det med broren min - toler han ikkje sjå ei Fagernes møy utan at,.. Orsak at eg tenkte slik Reidar

    SvarSlett
  2. Ei Fagernes møy ...? Er det autofullføring i dataprogrammet som driv gjøn med deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Prentesvarten, eller "Trykkfeilsdjevelen" om du vil, likte ikkje det eg skreiv. Han endra "trykkleifen" til "trykk eigen" og "ei fager møy" til "ei Fagernes møy".
      Ikkje ville han la meg rette det heller! Kanskje var han ute og gjekk jolebukk, sidan det var trettandeaftan, og ikkje slapp inn då dørklokka mi ikkje verka fordi eg ikkje hugsar på å kjøpe nye batteri??

      Slett