Utpå morgonkvisten fann islendingane det for godt å få oss om bord i flyet og starte opp. Eg kan ikkje hugse at dei kom med nokon forklaringar på det lange avbrotet. Kanskje pilotane hamna på fylla i heimbyen? Eg trur det må ha vore ei laurdagsnatt. Kanskje bensinbutikken var stengd den natta, så dei ikkje fekk bunkre for ferda over Atlanteren? Eller hadde dei mista ein propell? Eller noko heilt anna? Skal tru om me sat oskefast? Det var då berre nokre månader sidan landet fekk ei ny øy med ein eldsprutande vulkan i midten: Surtsey ved Vestmannaeyjar.
Me letta, men no var det berre nokre minuttars sveving før me landa på Keflavik. Så sat me og venta der eit par timar. Omsider tok flyet av, og me fauk mot vest utover Atlanteren.
Eg burde ha hugsa meir frå flyferda enn eg gjer. Det var jo mange timar å sitje der. Kanskje eg sov litegrann? Det hadde eg knapt fått gjort den natta eg sat på toget på veg til Oslo. Og slett ikkje den natta i Reykjavik.
Etter nokre timar såg me land, vide vidder med skog og øydemark. Me var i Nord-Canada. Der var me nede ein tur, men etter ein god halvtime drog me vidare mot sørvest.
Utpå kvelden, eg trur det var i åttetida, landa me på Kennedy Airport ved New York. Ute var det begynt å mørkne, noko som eg ikkje var van med i juli månad heime i Flekke, der sola framleis skein på denne tida av døgnet. Nei, det gjorde ho sikkert ikkje denne julikvelden, for sommaren 1964 var ein av dei våtaste og suraste i manns minne der heime. Men det var varmt i lufta, formeleg lummert var det.
Så var det eit hurlumhei av folk, passkontroll og toll. Tollmannen fatta interesse for kofferten min, forlangte å få han opna, tukla litt med underbuksene mine som låg der og sleppte meg gjennom porten og inn i God's own Country.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar