søndag 28. september 2014

AMERIKATUREN 10: CHEVROLET IMPALA


Då eg vakna til live utpå dagen etter ei skikkeleg sovenatt, fann eg vegen opp i stova til dei to systrene Thora og Marie. Thora var frua i huset, to-tre og seksti år, trur eg. Den ugifte systera Marie, lærar i mellom anna latin, var eit par-tre år yngre. Dei stappa i meg mat og tok i det heile pent imot meg. Så kom pappa Cliff (Clifford) og sonen Dave heim frå jobb. Familien dreiv eit vaskeri i byen. Dessutan eigde Dave eit vaskeri i ein naboby, Red Wing. Cliff var seksti år, lubben og godsleg, og med eit lite hjarteproblem. Men godhjarta var han. Sonen Dave var ti år eldre enn eg. 
   Kva skulle Dave finne på for å kombinere underhaldning, bli-kjent-prat og sight-seeing? Jau, han bad meg med på biltur. Ikkje med seg sjølv bak rattet; eg skulle få lærekøyre bilen hans! Det var ein Chevrolet Impala med automatgir. Lat meg straks få skyte inn at det gjekk 49 år før eg sjølv vart medeigar i ein bil med automatgir. Det hende for halvtanna år sidan då me kjøpte vår Subaru Forester.
   Så fekk me prate om laust og fast, og eg fekk sjå litt av landskapet i Wisconsin. Eg lærte ikkje så lite om bilkøyring, trafikkreglar og skilting. Når du kom til eit STOP-skilt, skulle du stoppe og sjå deg om, og ikkje køyre vidare før du var sikker på å ha fri bane. For nokre få år sidan fekk me eit slikt Stop-skilt på Husnes, men det er ikkje alle som skjønar at stopp betyr stopp.
  Eg sat mykje og svært mange mil i bilen til Dave dei neste vekene, men som regel sat eg i høgre setet med armen oppe i det opne vindauget. Det førte med seg at eg vart mykje brunare på høgre armen enn på venstre. 
   Eg oppdaga fort at USA var eit billand, at bilen var viktig for land og folk, og at dei gjerne sette seg i bilen når dei skulle eit lite ærend. Eg sa mange gonger "nei takk" når eg ville gå ein snartur ned til by'n (nokre hundre meter frå huset), og dei  tilbaud meg bilskyss.
   Men det var kjekt å få køyre Chevrolet Impala med Dave som sjåførlærar.

2 kommentarer:

  1. Hei likkjebror. Eg er litt treg å fylgje skriveria dine her på nettet, men dette var kjøle kjekk lesnad. Særleg ettersom det var stor hending også i mitt unge liv. Eg trur eg hugsar meir frå ferda di den gongen enn eg gjer frå menge av mine eigne reiser seinare, der eg også har fare litt i dine fotefar. Men så er det bestefaren vår. Hans eventyr skulle ein gjerne visst meir om...

    SvarSlett
    Svar
    1. Femti år er ikkje så lang tid, veit du, og eg òg hugsar nok meir frå denne ferda enn frå mange av dei andre reisene mine. Og der minnet sviktar, kan eg jo lyge litt ...

      Slett