Flyet eg sat i, var eit propellfly som etter planen skulle
ta meg til New York på sytten timar med ei mellomlanding i Reykjavik og ei i
Nord-Canada. Det tilhøyrde eit islandsk flyselskap, ikkje det velkjende Loftleiðir,
men eit selskap som heitte Icelandair. At det var eit stort passasjerfly med
propellar, var ingen sensasjon i 1964.
Utpå kvelden landa
me rett ved Reykjavik, ikkje på Keflavik, men endå nærare byen. Me vart skyssa
inn til eit venterom og fekk beskjed om å vente ein halv time. Då halvtimen var
gått, fekk me høyre at det ville ta endå ein halvtime. Så begynte dei å ta i så
det monna: To timar til. Me som skulle byte fly i New York, kunne berre gløyme tidsskjemaet.
Og utpå natta kom det ny melding: Endå fire timars forseinking! Inga
forklaring.
Me fekk oss ein
kopp kaffi og ei suppe som me diskuterte namnet på og innhaldet i. Og me fekk
sendt telegram til folk som burde få vite at me sat der og venta. Så Dave og familien
fekk eit hint om årsaka til at eg ikkje dukka opp i Minneapolis då eg skulle.
Eg nytta høvet til
å sjå meg om i Reykjavik by i dei seine nattetimane. Det var lite folk å sjå,
men eg høyrde nokre ungdommar som skråla borte i ei gate. Artig å lese
gatenamna på eit språk som både likna og ikkje likna på alderdommeleg nynorsk.
Så fekk eg helse på
ein kjenning heimanfrå, eller nesten heimanfrå: Ingólfr Arnarson. Han stod på
sin sokkel i framstamnen på skipet sitt og skoda, nett som på statuen i
grannebygda Rivedal. Den gongen høyrde jo Rivedal til Fjaler kommune, så eg kan
vel seie at me var sambygdingar. Han var den første landnåmsmannen på Island og
kom ifølgje islandske soger i året 874. Rivedølene meiner han kom frå Rivedal.
I sogene står det at han kom frå Dalsfjorden i Fjaler, men ikkje meir nøyaktig
lokalisert.
I studietida mi i
Bergen var eg på ei gjesteførelesing der ein islandsk professor snakka om
stadnamn i heimlandet sitt. Hovudpoenget hans var at mange av namnetydingane i
islendingesogene er svært tvilsame, og at det ofte er naturformasjonar og ikkje
namnet på landnåmsmenn som har gitt opphav til ei rekkje islandske stadnamn. Ja,
han meinte at det ofte var omvendt: Stadamnet gav grunnlag for reint oppdikta namnesegner
om påståtte landnåmsmenn og ymse hendingar. Og han gjekk så langt at han ymta
varsamt om at sjølvaste Ingolv kunne vere ein oppdikta figur.
Dette nemnde eg med
papen ein gong. Han var stille nokre sekund, men svarte: "Ta no ikkje han
Ingolv frå oss!"
Så det gjer eg
ikkje. Me slår fast at han har levd, at han innleidde det islandske landnåmet, at
han var frå Fjaler, og at han står støypt i bronse både i Reykjavik og i
Rivedal!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar