Eg hadde med som gåve til han ei jakke som mamma hadde spøta. Den hadde han på seg då han kom uventa til Flekke to-tre år seinare, så mamma slapp lure på kven som stod på trappa.
Midt på sekstitalet gifte han seg med Carmen, og dei fekk sonen Eric.
Papen hans heitte Clifford (Cliff) og var minst like godsleg som han ser ut på biletet. Han òg hadde visstnok norske anar, men han visste ikkje noko særleg om dei, trur eg. Han var seksti år då eg var der. Ein ekte amerikanar, blid, jovial og litt konservativ.
Mamma i huset heitte Thora og var eit par år eldre enn kallen sin. Ho var altså den eldste av døtrene til den før omtalte Mathias Flekke, og ho kunne aldri så lite norsk (kanskje meir enn ho fekk demonstrere). Ei blid, roleg og omsorgsfull dame! Eg vil tru at Dave likna mest på mor si.
Og så må de få sjå Marie, den ugifte lærartanta til Dave. Ho var eit par år yngre enn storesyster Thora. Marie verka alvorleg og tenksam, og ho hadde eit visst lærarinnepreg, tykte eg. Det var på ingen måte til plage! Marie budde i Boise, Idaho, men heile denne sommaren mens eg var "over there", heldt ho til hos syster Thora med familie.(Til ære for meg, kanskje?) To gonger etter at eg var der borte, vitja Marie Noreg og Flekke. Onkelen hennar (Karl Flekke, "Nesa-Karl'n") levde første gongen, andre gongen kom ho same dagen som Karl skulle gravleggjast. Ho budde hos onkelen og kona hans, Marta. Dei budde på Neset ved bryggja i Flekke. Marie greidde så nokolunde å bruke den norsken som sat att frå barndommen til å kommunisere med dei.
Cliff i godstolen |
Thora |