Dei gode kollegaene mine, ekteparet Anne Dorthea og Olav, kjefta ofte på meg for at eg sykla utan hjelm. Dei kom frå Utåker og trilla varsamt forbi meg i bilen sin, mens eg trødde meg opp dei knappe, smale svingane mot Reset, og uvørdne bilar pressa seg framom. Dei tykte eg var skøytelaus og tankelaus som ikkje hadde hjelm på meg: "Du er ikkje mykje redd for liv og helse!" "Eg har ikkje hjelm, og eg har ikkje vit til å vere redd," unnskylda eg meg med.
Så tenkte eg på alle dei åra i oppveksten og i gymnastida, då sykkelen var eit hovudinnslag i dagssyklusen. Ramla eg av sykkelen? Sykla eg meg overende? Tja, det har vel hendt. Men eg kan ikkje skryte av særlege skadar. Ikkje hugsar eg andre som slo seg i hovudet etter sykkelvelt. Det verste uhellet var nok då bror Steinar braut kragebeinet i mai 1956, og som han har skildra for nokre dagar sidan her på bloggsida.
Ein dag på skulen stod det ei pent innpakka øskje på arbeidspulten min på skulen. Gjevaren var anonym, men det følgde med ei helsing som handla om å ta vare på vitale kroppsdelar. Eg pakka ut, og skjønte straks kven som var donoren. Eg var eigar av ein sykkelhjelm!
Olav nekta ikkje rolla si då eg takka pent, han ønskte meg lukke til. Rett nok laut eg byte hjelmen, for eg er utstyrt med stort haue og lite vit. Men det let seg raskt ordne, og endeleg var eg på heimveg - min aller første sykkeltur med hjelm.
I hellinga ned mot Podlen (før Halsnøytunnelen og rundkøyringa kom på plass) var det eitt eller anna på sykkelstien eg ikkje ville få under hjulet. I staden kom eg for nær autovernet og tryna så det foreslo. Eg fauk med hovudet rett mot ein autovernstolpe så det song i hjelmen. Hjelmen heldt, det same gjorde hovudet. Litt omtåka og tankefull kunne eg samle opp meg sjølv og sykkelen og trø vidare.
Dorthea og Olav er kloke menneske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar