Dette året vart eg fotografert i fløyelsdressen min borte ved ungdomshuset i Flekke. Eg hadde jamvel ein flokk interesserte tilskodarar ved den høgtidssame handlinga.
Eg hugsar ikkje hendinga, kan du vite, eg var ikkje fylt to år. Men bestedressen min hugsar eg. Han vart nedpakka og sendt til Korea tre-fire år seinare, då han av naturlege årsaker var for liten for meg. Der var det krig og naud, og eg håpar han kom til nytte.
Til lukke med nasjonaldagen vår!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar