onsdag 11. august 2010

KLAUSTROFOBI

Eg tykkjer det same som folk flest at tortur, lemlesting, avhogging av bein, armar og hovud  så blodet sprutar er ekkelt og motbydeleg, viss eg ein henda gong treffer til å sjå ein film med slike skrekkscenar. Men er det noko som får meg til å gyse og kaldsveitte, er det viss eg ser ein stakkar bli plassert eller plasserer seg på ein stad som er så trong at han knapt kan røre på seg, og slett ikkje reise seg. Viss du vil meg skikkeleg ilt, kan du bakbinde meg, kneble meg, hive meg inn i bagasjerommet på bilen, smekke panseret att og gå derifrå. Eg kaldsveittar med tanken. Det same gjer eg når eg ser på fjernsynet ein holeforskar som pressar kroppen sin inn gjennom ein trong sprekk for å kome seg inn i eit mørkt, kaldt rom der han heller ikkje kan gå oppreist. Eg tykte det var meir enn nok då eg i lag med Anne og to små gutar i si tid følgde gruvetoget inn i sølvgruva ved Kongsberg, to-tre kilometer sitjande i ei vogn som fylte gruvegangen så nokolunde, og der det ikkje var råd å reise seg.
   Og så skriv eg endå litt til om høyet i gamleløa heime. Når det leid på sommmaren og me hadde fylt løa med godt turrhøy eit stykke over betane, oppstod det spennande og hemmelege tunnelar. Ein gong eg kraup under beten, var det litt trongt, noko som sikkert medverka til at eg kom ut av kurs. Eg vasa meg inn i trongare og tettare lende, det var kolmørkt, timoteistråa stakk meg i ansiktet, og eg kava meir og meir, som om eg skulle drukne. Det var ingen å rope til om hjelp, om eg hadde greidd å fylle lungene med såpass luft at eg kunne ha utstøytt eit angstskrik. Puste fekk eg på eit vis, med små, hakkete drag, og pulsen gjekk over to hundre. Det varte ei evigheit, sikkert minst ti sekund, så opna det seg og eg var ute i friluft.
   Nei, takke meg til frie, opne rom.
  
  

2 kommentarer:

  1. Då er du nok ein slik Ulf Lundell type. Han trivst og best i öpna landskap.
    Iallfal bør du absolutt slutta å hoppa i høyet. Då kan du fort komma på avveier.
    Eg minnest du fortalde å ha blitt rana, var det i Paris? Då du vart halden pinnefast rundt beina av den eine ranaren, og du lot deg berre bli rana av den andre. Godt dei ikkje bakbatt deg, knebla deg og heiv deg inn i bagasjerommet på bilen sin og smekka panseret att og.
    Då måtte me vel ha endra adressa di til ein annan stad på Valen.

    SvarSlett
  2. Akk ja. Nei, den gongen var eg ikkje redd, men sinna, så eg banna og kjefta på norsk. Men så kunne eg stå oppreist, ser du!

    SvarSlett