søndag 8. august 2010

BLOGGTØRKE OG MATAUK

Stundom går det dagevis utan at eg skriv blogg. Andre gonger kjem det tekstar så å seie dagstøtt. Du kan med andre ord ikkje heilt stole på om her er noko nytt å lese.
   Grunnen til bloggtørke kan vere at eg er utan tilgang på tastatur og nett. Slik var det i veka som gjekk, då me var nokre dagar i Austevoll og stelte hus og hage. Andre forklaringar er at eg ikkje gidd eller ikkje kjem på noko glupt å skrive om. (Om eg nokonsinne skriv noko glupt, kan saktens diskuterast.)  Ei årsak ken vere tidsnaud, men det kan eg ikkje seie eg har hatt i det siste. Vel - både før og etter opphaldet i Bekkjarvik dreiv eg hardt med bærsanking og safting. No er det knapt eit solbær att i hagen, men derimot ei fin samling saftflasker i kjellaren. Dessutan skal me ha nokre porsjonar med sukra rips i frysaren. Og i går kom det på plass ein bra slump blåbærsyltety i den same fryseboksen etter at me hadde hatt oss ein tur opp i sjukehusmarka. Pluss ein boks med forvella sopp. Det skal kome fleire. Kanskje eg nemner det neste gong eg skriv.

5 kommentarer:

  1. Ja nå skjønar eg. Trudde mest du hadde emigrert til eit U-land. Godt det berre var til Austevoll. Men i datasamnheng er vel det som eit U-land å rekna, iallfall for deg.

    SvarSlett
  2. Det er godt at Anne nesten aldri ser på bloggsida mi. (Men dine bloggar les ho med god appetitt!)

    SvarSlett
  3. Bør eg stryka den kommentaren kanskje?

    SvarSlett
  4. Nei, ikkje ver feig. Ikkje du!

    SvarSlett
  5. Ok, eg tek det som ei støtteerklæring frå deg.

    SvarSlett