tirsdag 10. august 2010

GRASKLYPPAREN

For svært mange år sidan kjøpte læraren heime i Flekke ein liten grasklyppar som han gjekk og skubba på. Eg tykte det såg latterleg ut. Kunne han ikkje bruke ljå, han som andre folk?
   Mange år etter dette budde me på Husnes og hadde ein svær grasbakke å stelle. Då vart det nok til at me og fekk oss grasklyppar, sjølv om eg også hadde skaffa meg ein stuttorv.
   Etter nokre år på Eikeland gjekk me over til elektrisk, ein klyppar som me har hatt i mange år no. Når eg brukar vendinga "mange år", er det fordi eg ikkje har peiling på om det er ti, femten eller nærmare tjue, slikt flyt i hop for meg.
   I det siste har denne klypparen knurra og murra ein del. Han likar ikkje det lett kuperte terrenget her i hagen, der han rett som det er vert lurt til å sneie ein stein eller stubbe så det brakar. Så trass i at bøen er liten, er påkjenningane store. For nokre veker sidan skrudde eg og vølte han litt sidan motor og skjerearmar hang og slang meir eller mindre ukontrollert inne i godset. Eg fekk han ikkje til nett slik eg ønskte, men eg auka innsikta mi i oppbygnad og funksjon av ein elektrisk klyppar, og han  skikka seg brukande ei tid. Men han knurra framleis.
   Det gjorde han sist eg klypte og, heilt til han skambraka i møte med ein bergknatt som eg hadde gløymt låg under det altfor lange ugraset nede på eigedommen. Etter det mol han penare enn på lenge. Men berre til i dag då han sneia nedi ei rot. Så sette eg meg ned, gav meg god tid og skrudde endå meir enn sist. Innsikta mi i det indre livet til klypparen auka sterkt, og no trur eg eg har skrudd han i hop så godt som det let seg gjere. I grunnen skulle eg ha sveisa litt eit par plassar, men det kan eg ikkje. Men no funkar han betre enn på lenge og held truleg ut sesongen iallfall.
   Då Flymoen nærma seg toårsdagen og garantien framleis gjaldt, henta eg han ut or kjellaren, kopla på den raude leidningen og starta for å ta første slåtten den våren. Det kom eit grynt, så var han heilt taus. Heilt daud. Eg stima til Sjø og Land på Husnes, klaga mi naud og viste til garantien. Eg trur eg let skine igjennom at eg var misnøgd med eit produkt som ikkje heldt meir enn knappe to år. Nokre dagar etterpå kom eg att og ville ha klyparen heim, nyvølt og i skikkeleg stand. "Men me fann ikkje nokon feil, han virka då me prøvde han," sa dei. Kva skulle eg seie? Eg tok han heim, full i tvil, prøvde å starte, utan hell. Vel, lat meg no sjekke den raude leidningen, tenkte eg. Dæven! Eit nesten usynleg brot like ved kontakten
   Eg kutta av eit par desimeter av leidningen, sette på ny kontakt, og sidan har både den raude leidningen og den raude glasklypparen fungert. Dagen etter var eg innom Sjø og Land, ba om forlatelse og forklarte tabben.
   Klypparen er altså i beste velgåande, men Sjø og Land er nedlagt for fleire år sidan.

1 kommentar:

  1. Slike klypparar er lunefulle vesen. Dei går når dei vil, ikkje alltid når eg vil.
    Her i Haugavegen går naboane sine klypparar alltid når eg skal sova middag. Det likar eg ikkje. Å klippa leidningen var eit godt tips for å få dei til å halda kjeft. Det held vel med eit lite, nesten usynleg brot i tennpluggleidningen og

    SvarSlett