tirsdag 24. august 2010

GAMMAL GUBBE?

I mange år var eg yngstebarnet i heimen, heilt til systa kom då eg var nesten elleve år. I klassen min på gymnaset var eg ein av dei tre yngste. Då eg begynte å studere, var eg fleire år yngre enn dei to kameratane eg hadde mest lag med. Eg var ein av dei yngste i den lærargjengen som var pionerar på Kvinnherad gymnas midt på nitten sytti-talet. Derfor trur eg framleis at eg er relativt ung (når eg ikkje ser meg i spegelen, då.)
   Men åra går, og no er eg den eldste på arbeidsplassen. Slik kan det gå. I tur og orden har kollegaer eg har hatt i mange, mange år takka av og pensjonert seg. Enkelte gjer det allereie som sekstitoåringar. Eg går på AFP med om lag 60 % jobb. Det beste med den løysinga er at eg har fri om måndagane. Tenk, då kjenner eg meg fri når fredagen er over og slepp å gå i gang med grubling og førebuing i helga, slik eg har gjort i fleire tiår. Sundagane har ofte vore nokså halvtrasige, især utetter ettermiddagen og kvelden når eg har kjent på at no er skuleveka snart i gang og eg må gjere klart for undervisninga om måndagen.
   Halvt på spøk seier eg til kollegaer at dei må ta meg til sides og finsnakke med meg på tomannshand når dei merkar at seniliteten min er komen for langt, til dømes viss eg går til feil klasse eller begynner å undervise i feil fag - eller begge delar. Så kan dei seie på ein fin måte at det er på tide at eg gjev meg. Så spørst det om eg skjønar alvoret viss dei tek meg på ordet. Forresten er det irriterande at det knapt går ein dag utan at nokon spør meg om kor lenge eg vil halde på. No er eg stundom så frekk at eg læst som eg ikkje forstår spørsmålet. Til dømes slik: "Har du snart tenkt å pensjonere deg heilt, Reidar?"
"Nei, korfor skulle eg det?" Då vert dei ein smule forvirra, og eg lyt trøyste dei med å seie at eg tek eit år i slengen.
   Men eg er berre sekstifem. Eg snakka med ein gammal kjenning på ein annan skule for eit par år sidan, og der hadde den eldre garde på det nærmaste vorte einige om å halde ut til dei når den vanlege pensjonsalderen. "Og korfor sku'kje me det?" la han til. "Far min var bussjåfør og småbrukar og jobba til han var sekstisju."
   I skrivande stund tur eg at det vert løysinga mi og. Den siste veka har eg kome i gang med nytt skuleår og berre nye elevar, nokre i første, nokre i andre og nokre i tredje klasse. Smilande, søte, venlege og kjekke ungdomar til no! Eg gler meg til å halde fram i lag med dei. (Men til våren er me nok luta lei kvarandre...)

3 kommentarer:

  1. Eg er blitt spurd om å vera vikar ved skulen i veke 42. Har ikkje gitt positivt svar til det ennå, men for å gi deg kjensla av ikkje å vera den eldste gubben, bør eg kanskje det.

    SvarSlett
  2. Måndagsfri er heilt fantastisk! Eg òg har fri måndagar i år (kosar meg heime med "babyen" min to dagar i veka), og for fyrste gong i mi lærarkarriere slepp eg bruke sundagane til jobb - utruleg godt!

    Elles er det vel omtrent 35 år til eg kan gå av med pensjon......

    SvarSlett
  3. Mari, Mari! Du er no svært ung, men ikkje lyg deg yngre enn du er! (Eller er det matematikkunnskapane som sviktar?)

    SvarSlett