søndag 15. august 2010

DYR OG TUNGVINT MATLAGING

Sjølvsagt skal me grille, det er framleis sommar, og no er godvêret kome. Men me manglar tennvæske, det er sundag og butikkstengt. Nei, ikkje bensinstasjonane. Me har to å velje mellom her i nærleiken, og eg vel den som ligg lengst vekke fordi eg skal prøve den nye bilen til son min, og då duger det ikkje berre å køyre ein kilometer opp på Reset; eg fer fem kilometer til Husnes.
   Eg har god tid i dag, hundre kroner i lommeboka og ikkje så mykje å klage over, så særleg ærerikt er ikkje dette. Hadde eg no fyrt opp med eldstål, knusk og kvister og kvas for å steikje nokre nytrekte, nysløgde aurar, hadde eg hatt litt å skrive om. Men så er det altså kjøpelaks frå Rema, ferdig slakta, filetert og pent oppdelt i  serveringsstykke. Litt villmann skal ein likevel vere, så fram med grillen!
   Men altså: Snart står eg med ei flaske tennvæske på Statoil Husnes og viser fram til ei blid dame bak kassen. "49,50 takk!" "Hæ, er det så dyrt?" datt det ut or meg. "Det er bensinstasjonspris, veit du," sa dama og var like blid der ho talde opp vekslepengane eg skulle ha. På vegen heim spør eg meg kvifor dei må ha meir enn dobbelt så mykje for ei  flaske tennvæske på ein bensinstasjon som på ein butikk. Eg kan tenkje meg at same vara kostar om lag tjue på Rema. Ja ja, til pass åt meg når eg er så fiks i idéane mine at eg absolutt skal grille desse laksestykka istadenfor å gjere det enkelt og billeg og steikje dei på steikjepanna inne på kjøkkenet. Me har faktisk ei grillsteikjepanne med riflete botn. Noko arbeid å spare er det slett ikkje, no må eg springe att og fram, att og fram mellom kjøkken og terrasse for å få alt til å verte ferdig i nokolunde same tid, og det skulle ha teke seg ut om laksen hadde vorte brend.
   No er det måltidet over, maten er fortært, og eg har jamvel vaska grillrista - ein heil jobb, berre det. Og me har meir tennvæske att på flaska. Så kanskje det vert meir grilling i sommar.
  

2 kommentarer:

  1. Du skulle satsa på bensin, når du først var på bensinstasjonen. Då hadde du fått literen for under 13 kroner idag. Og bensin får fart på grillfesten, den brenn jysligt godt

    SvarSlett
  2. Ja, du seier noko. Og så tek eg til å lure på om dei sel bensin til halve prisen på Rema.

    SvarSlett