Mamma, som til vanleg var ei forsiktig, jordnær kone, fann ein gong på noko heilt aparte. Det var sommar, og som før fortalt kunne nokon kvar verte irritert over hønene som gjekk omkring, skeit der det passa dei, var i vegen, kakla og varp i hytt og pine. Så ho fann rett og slett på at dei skulle få flytte opp om bøgarden og bu der om sommaren. Der oppe ligg to kjempesteinar, så store som hus. Me kallar dei Storestaua og Eldstaua. For ikkje-sunnfjordingar legg eg til at staue er det same som stove/stue (>gammalnorsk: stófa). Storestaua kvilte på eit par andre steinar og berg slik at det var eit godt, turt rom under henne, bra høgt fremst, og smalare lenger innunder. Her kan det ha budd folk i steinalderen, tenkte eg. Men ho kan ha rast ned frå fjellet Hellaren lenge etter den tid. Under Hellaren var det og godt mogleg å bu, der var det eit stort innhukk der regnet aldri nådde til. Men Hellaren ser du ikkje på biletet nedanfor. På toppen var Storestaua flat, og det voks blåbær og buskvekstar. På Eldstaua voks det faktisk liljekonvall. Men ho låg godt nedi bakken utan noko stort, godt opphaldsrom under seg.
Det var under Storestaua hønene skulle få bu. Dei fekk seg vagl og verpekasse med på sommarleiren, og me bar dei pent og pynteleg på plass. Mat fekk dei og. Sommardagen var på hell, det kvelda og skymdest. Men kva så? Me såg nokre kvite dottar som kom baksande ned bakkane. Hønene ville heim allereie første kvelden. Dei ville såvisst ikkje bu under Storestaua, endå så vel alt låg til rette. Snart hadde dei fleste kome seg heim att. Men det mangla ei. Dagen etter viste det seg at eitt eller anna utyske, bjørn, ulv, rev eller hønsehauk, kanskje ein røyskatt, hadde kverka henne, og berre delar av hamen låg att oppom garden.
Mamma laut erkjenne at hønsa i motsetning til sauer og kyr ikkje trong sommarferie.
Her ser du hønseruta. Storestaua ligg rett ovanfor bøgarden, og Eldstaua ligg eit lite steinkast unna.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar