No må eg tilstå at eg har brote lova. Freistinga vart for stor.
Her i Hordaland ligg mange av ferjeleia slik til at dei er omkransa av blanda krattskog, deriblant hatl. I helga var me innom åtte ferjeleie, og det kunne lett ha vorte to til viss me ikkje av praktiske årsaker hadde køyrt om Tysse på veg til by'n. Det er hatlar og nataskog like ved dei fleste av desse åtte ferjeleia, iallfall ved sju av dei. I Bergen var me og Tore av garde og opplevde komikarane Rune Andersen og Espen Beranek Holm, overnatta hos Tore og for til Austevoll laurdag. Der tok me opp potetene, eit par bytter med Kerrs Pink og mandelpoteter. Men så var det desse netene då. Når det er strålande haustvêr, du har litt for god tid til ferja og du ser at det er nataskog like ved, vert freistinga for stor. Eg kom i skade for å ta med nokre neter i lommane mine og heim til nataknekkjaren. Tenner er så dyre i vår tid at eg helst ikkje vil øydeleggje fleire enn eg har gjort i år. Eg laut ut med ein liten formue i sommar for å få erstatta ein toårsjeksel som var betent i rota og knakk sund i kruna. Hadde tennene våre vore unge og sterke, kunne me ha ete netene på staden utan å bryte lova.
Eg vurderer å skulde på freistarinna som minte meg på denne haustlege delikatessen i ein kommentar til ein tidlegare blogg. Og den freistarinna heiter ikkje Eva, det er systera, ho heiter Randi.
mandag 27. september 2010
tirsdag 21. september 2010
NYELUKKIEN
For tretten år sidan skreiv eg ei lita avhandling om hundane i heimbygda mi. Dette skrivet har vore distribuert i papirformat til eit fåtal utvalde. Eg har vore sterkt innstilt på at eg ikkje skal gjenta noko frå den boka i bloggen min. Men no har eg rekna ut at det i desse dagar er akkurat femti år sidan me fekk i hus den hunden som er omtalt nedanfor. Då gjer eg eit prinsippavvik og kopierer direkte frå "Hundeliv i Flekke". Dei som har denne trykksaken, kan sleppe å lese.
NYELUKKIEN
Ein fin haustsundag i 1960 kom mamma or Hoja med stjerner i auga. Frøya hadde to halvvaksne hundsungar, og den eine av dei hadde ho tinga, for han var så lik den Lukki som me hadde hatt, kvit og fin. Eg kunne reise opp dagen etter og hente han. Eg var ikkje nokon smågut lenger, gjekk andre året på realskulen og greier, men å få ny hund var ei kjøle god nyheit. Så etter middag steig eg på sykkelen og trødde opp i Grønneset, ropte “Båååt!” tre gonger, til Teodor’n kom fykande ned bakkane og skauv båten ut. Litt seinare på ettermiddagen var hunden plassert oppi ein dynamittkasse med nokre fjølbitar spikra over, så eg kunne få han med meg på sykkelen. Eg kan godt røpe med ein gong at dette var ein makelaust snill hund som fann seg i det aller meste.
Turen gjekk utan komplikasjonar av noko slag. Verst var det for litjesysta, som no var fire år og hadde fått lov å gå ned til Anne-Sofie og vente på meg der nede. Det vart ulideleg lenge å vente for ein fireåring, som dessmeir vart øye pissetrengd og laut late det gå i buksa til slutt. Men der kom broren syklande med ein kasse på bagasjeberaren, og lukka var uendeleg då ho fekk sjå eit kvitt hundefjes med ein brun snut under loket.
Det var ikkje diskusjonar eingong. Hunden skulle heite Lukki etter mormora. Han (no og kjem eg til å bruke hankjønnsformene, trass i at dette og var ein hohund) – han var nesten like kvit som bestemora, men ikkje heilt. Då han kom, var han strengt teke for stor til å verte opplært på ein ny plass. Hundsungar vart helst leverte lenge før dei var så store; Lukki var nesten utvaksen.
Første natta fekk han overnatte på lemmen der eg sov. Såpass omtanke måtte nykomlingen få. Det gjekk bra. Eit par gonger var han bort til senga mi og peip, men stort sett roa han seg. Og det var likt til at han fort fann seg til rette i den nye heimen. Men treninga for å verte sauehund gjekk berre så måteleg. Han var for snill til å gøy noko særleg, sprang helst etter sauene og heldt kjeft. Dessutan berekna han ikkje så godt kva tid sauene var komne langt nok så det kunne passe å snu. Men ein viktig grunn til at Lukki ikkje vart den sauehunden me vona, var etter mitt syn Finnsauen.
Finnsauen tok ikkje tukt. Han gjekk ovanom garden på vår side av merket, og tok det ikkje nøye om me prøvde å jage han. Han tasla motvillig inn att om gjerdet, men kom att med ein gong. Men no hadde me altså fått hund, og den prøvde me mot det forbaska beistet. Ikkje tale om. No prøvde Lukki så godt han kunne å gøy, stod ein meter frå Finnsauen med kjeften vend mot han og nigøydde. Sauen stod like forherda og beitte. Og etter eit bel vende han seg mot den stakkars hunden og stampa bestemt i bakken så hunden kvapp attlengs tre-fire meter. Enno gav ikkje Lukki opp, men prøvde å bruke målet sitt på nytt. Ingenting nytta. Og det skulle ikkje undre meg om hundesjølvkjensla fekk ein alvorleg knekk av dette.
Det er og det å seie om nye-Lukkien at han var makelaust snill og godlidande, faktisk endå snillare enn mormora. I alle fall med meg, som vart utropt (av meg sjølv) som eigarmann til dyret. Såpass måtte eg ha sidan eg sykla han heim den gongen og tok meg mykje av han det første året han var Ovaihoja. Det einaste høvet eg hugsa at gamle-Lukkien glekste og ville bite, var når han hadde nyfødde hundsungar og eg kom og ville sjå dei. Men nye-Lukkien fann seg i det og.
Lukki fekk seg mykje mosjon av å springe etter fugl. Om sommaren når det kom måsar på bøen, sleit han og sprang langs etter bakkane og gøydde på fuglen, sjølv om dei fauk høgt over han. Eg veit ikkje om det var med ei lita von om å fange ein måse ein vakker dag, eller om det berre var for å kompensere for det dårlege inntrykket han gav som sauehund. Det hende seg når han skulle skunde seg under ei hes at han skalla i ein hesjestaur så det song. Men han gav ikkje opp, han tana og sleit seg vidare.
Sprintertaktene synte han og når eg hadde vore vekke og kom heim. Først gøydde han slik han skulle når det kom framandfolk til gards, men når han hadde identifisert meg, vart han så gild at han sprang i full fart lange stykke i sikksakk etter bøen før han roa seg.
Noko av det kjekkaste han visste, var å vere med papen til Flekke. Det fekk han ikkje lov til, og når papen var kommen bort med Storehogen med hunden diltande etter, jaga papen han heim. Men i staden for å lyde og halde seg med husa smaug Lukki seg bakom Gamlestaua, ålte seg langs Ospåkeren og lurte seg på ei eller anna vis over i Tunbakkurda og ned til Flekke. Så kom han glad og fegen med halen i hundre til møtes med papen når han kom ned i vegeskiftet.
Nyelukkien fekk og hundsungar, men eg kan ikkje hugse at me avhenda nokon av dei. Marknaden for slike dyr var slakkare i sekstiåra enn i femtiåra. For det første vart det mindre vanleg med hund på gardane, for det andre fekk folk finare vanar og kjøpte seg rasehundar. Som om det har funnest likare og reinare rasehundar enn Lukkiane våre med avkom! Men det var stadig snakk om å setje på ein ny hund som kunne alast opp til ein skikkeleg sauehund. Stakkars Lukki, eg håpar ho var lukkeleg uvitande om den brutale sanninga: At borna hennar etter kvart vart eit dødeleg trugsmål mot henne.

Mor Lukki ("Nyelukkien"), dotter Bassa og katten Mons
mandag 20. september 2010
HEIM FRÅ FEST
Ein liten analyse har konkludert med at dette som kjem no, kan ha hendt i desse dagar for femti år sidan. Men eg kan ta feil. Det kan ha vore på vårparten i 1961. I alle fall må det ha vore skuleåret før eg begynte på gymnaset i august 1961.
Det var laurdagskveld, og lite aktivitet i bygda. Ikkje var det dans i Dale eingong. Bror Steinar gjekk siste året på gymnas i Bergen og var heime på månadslov. Knut David, Peter Kåre, Kåre Hellevik, Steinar og eg gjekk og trødde nede i vegen og lurte på kva me skulle finne på. Det var dans i Bjordalen, men opp dit var det halvanna mil, og me var ikkje særleg mobile nokon av oss. Hadde me vore rike, kunne me ha teke drosje, men ...På ein eller annan måte dukka det opp ei løysing. Ein lastebil dukka opp og skulle den vegen. Kåre, Knut, Steinar og eg slo følgje. Me vagla oss bak på lasteplanet. Siste biten til det nedlagde skulehuset i Bjordal laut me gå. Det var mørkt og vått, me bomma på vegen, og Kåre steig ut i ei grøft. Han vart dyvåt, men kva gjorde vel det? No såg me danselokalet rett der framme, og Kåre, framleis ein framifrå dansar, dansa sikkert av seg væta.
Så hugsar eg eigentleg ikkje noko særleg, me såg vel på livet, dansa og skravla slik me brukte å gjere i slike høve. Nei, det som gjer at eg minnest nett denne turen, er at me slett ikkje hadde fiksa oss skyss heim Og ingen med bil skulle vår veg, iallfall ikkje nokon som hadde plass til fleire. Så me tok beina fat då festen var slutt og klokka var nærmare fire.
Men unge og spreke som me var, gjekk den halvanna mila unna før dagslyset braut skikkeleg igjennom. Og då Steinar og eg gjekk gjennom grannetunet og var nesten heime,var Olai'en i Gara på veg og skulle mjølke kyrne.

fredag 17. september 2010
ALDER, AKT OG ÆRE
No skal eg krype til korset. Eg har gått rundt og kunngjort i aust og vest (og litt i nord òg) at eg er den eldste på arbeidsplassen. Folk kan undrast på om det er skryt eller syting. Så fekk eg greie på i dag at så ikkje er tilfelle. Eg har loge for dykk. I god tru. Her er ei dame, jamvel kollega, som er eit par månader eldre. Det visste eg ikkje. Ho ser no ut som ho er mykje yngre enn eg. Ikkje kan eg fortelje kven det er heller, eg likar ikkje å utlevere folk på det viset. Og så skal me ikkje syngje ut om alderen på damer, har eg lært. Dama har ikkje vore så mange år på skulen vår, så eg er framleis den som har lengst tenestetid her, gu'beire.
Det gjer godt å vite at eg har folk kring meg som ikkje er så unge som eg. Får berre vone at det ikkje går ut over ære og aktelse. Me ungdommar vert så lett oversedde, eller hundsa og jagde på. Men eg må jo ta det og, no når eg slepp det tunge ansvaret med å vere nestoren på huset. Heretter skal eg helse med eit djupt bukk når eg treffer Marit Helvik og halde henne høgt i akt og ære.

onsdag 15. september 2010
TEPPEFALL
Først vil eg fortelje om ein episode då me var på turne med russerevyen vår i hine hårde dage. Eg hadde mellom anna som fast jobb å passe sceneteppet. Spesielt viktig var det å få teppet på plass etter kvart nummer, så dei på scena ikkje vart ståande der og gape. Eg trur det var på Folkets Hus i Høyanger at dei hadde teppet på ein rull, nett som eit rullegardin, berre mykje større og tyngre. Til vanleg var det noko tungt å få det opp, mens det kunne gå litt for raskt den andre vegen. Under eit nummer i den utmerka revyen vår merka eg at teppet hang fast høgt der oppe på rullen. Eg hadde vel teke litt for hardt i då eg heiste det opp. Her var gode dyr rå, som papen stundom sa. Eller at rådyr var gode. Han spelte seg litt med denne vendinga, papen. Eg greidde på ein eller annan måte å klatre opp langs scenekanten og fekk lirka laus teppet akkurat då det måtte ned. Ingen merka noko, verken i salen eller på scena, bortsett frå mine gode kolllegaer og russevener som heldt til bak scena med ymse praktiske oppgåver i kulissane. Dei såg på klatringa mi som ein heltedåd.
Ei av fleire manndomsprøver me vart konfronterte med i ungdomslaget då me kom der som fjorten-femtenåringar, var å lage program på lagsmøte og medlemsfestar. Dermed måtte me opptre med både lånte og heimespøta innlegg. Ein gong hadde Knut David Hustveit og eg laga ein sketsj med nokre småmuntre innslag og replikkar det var råd å humre av. Men me hadde ikkje eit sluttpoeng, slik ein vellukka sketsj bør ha. Og Peter Kåre Igelkjøn, som skulle dra teppet, hadde sikkkert ikkje fått gode nok instruksar. Så då Knut david og eg strengt teke var ferdige, vart ikkje teppet drege føre. Me prøvde fortvila å spele vidare, seie noko glupt, før endeleg Peter'n - full i flir - fekk farten opp. Det var flautt, og folk i salen lo visst meir av fiaskobiten av framføringa enn av sjølve innhaldet i sketsjen. Men dei var gilde og sa etterpå at sketsjen var god den, det gjorde ingen ting om finalen vart som han vart.

tirsdag 14. september 2010
LIVETS DANS
Å vere med i ungdomslaget førte til tøffe utfordringar for fjortenåringen den gongen ved inngangen til sekstiåra. Å ha ansvar for lagsavisa Bondeguten var ein tøff start, og meir kom etter kvart. Men det var ei sak som ungdomslaget åleine ikkje kunne ta ansvar for. Tvert imot var laget ein medhjelpar, ein som tok del i problemløysing. Det hadde seg slik at kunsten å danse og kunsten å halde om ei jente var tvingande nødvendige skulle ein vere ein fullgod mann. Og den første av desse kunstane var eit nødvendig vilkår for å få oppleve den andre, slik eg såg det. Men korleis i all verda skulle eg greie å tileigne meg slik lærdom? Eg hugsar at bror Arne hadde ei lærebok i dans med heim ein gong, anten han no hadde lånt eller kjøpt henne. Han nynna med seg sjølv og prøvde å trø etter anvisningane i boka. Slike bøker hadde ikkje eg fått fat i. Så då ungdomslaget klemde til med kurs i folkedans første vinteren eg var med, møtte eg opp med glede og store forventningar. Det gjekk vel nokolunde, eg hugsar verken store triumfar eller sviande nederlag frå desse kurskveldane.
Overføringsverdien til den praksisen me møtte på laurdagsdansane, var avgrensa. Ikkje heilt irrelevant, men heller ikkje fullgod. Ein og annan rheinlenderen spelte dei, og vals, sjølvsagt. Valsen var forresten ikkje heilt enkel i førstninga. Og songdansar som ”Eg ser på deg” og ”Eg veit ei lita jente” var ikkje aktuelle på dansefestane. Swing og tango var me ikkje borti på kurskveldane, men dei var populære på laurdagsdansane.
Ei anna tøff utfordring for oss gutane var at det var me som laut by opp. Det kosta ein del. Iallfall når du visste at det kunne verte meir stauring enn dansing. Jentene slapp billeg, tykte eg og fleire med meg. Dei dansa med kvarandreog lærte på det viset, men det kvidde me gutane oss på. Og jentene vart oppbydde. Dei fleste. Dei kunne seie ja eller nei. Dei kunne seie at ”du får føre, eg e’kje så flinke” viss guten var ein smule erfaren på golvet.
Ja vel, det gjekk seg til etter kvart med dans og jenter, trass alt. Og no kan me innrømme at dei jentene som sat og ikkje vart oppbydde, truleg hadde det verst. Eller kanskje dei gutane som aldri våga tenkje seg tanken å danse med ei jente.
Men korleis finn ungdommen kvarandre notildags, når dei ikkje dansar lenger?

mandag 13. september 2010
GUTAR OG KJØLNE KATAR
I går då eg skreiv om lagsavisa i Flekke ungdomslag, tenkte eg fælt på det namnet avisa fekk då ho vart skapt for godt hundre år sidan. (Viss eg ikkje hugsar feil, var det i 1909. Nei, eg hugsar sjølvsagt ikkje at ho vart til, men eg har bladd i den eldste handskrivne avisprotokollen!) Det er den haken med namnet Bondeguten at me ungar av hankjønn i Flekke, var ikkje gutar. Me var katar, anten me no var bønder eller ikkje. Ein kate-katen-kata-katanje. Eg har ikkje granska utbreiinga av dette målføreordet, men eg tvilar på at det var særleg kjent utanfor heimekommunen vår. Og om det var utbeidd i heile Fjaler, er eg òg usikker på. Kanskje lesarar av dette kan supplere med opplysningar? (Sjå kommentarfeltet nedanfor.) Derimot har eg snappa opp at ordet har funnest i fleire bygder på Nordvestlandet, utan at eg har høyrt det i bruk andre stader. I Flekke var ordet gutar stundom brukt om ungkarar, men sjeldan om ungar. Dei tre gamle ugifte brørne på grannebruket ”i Gara” kalla me ofte for garagutane. Forresten er det sagt at gamle far deira, Søren, kalla eldste sonen Ola for sveinen og dei to andre for gutane.
Viss eg her i Kvinnherad – til dømes i historietimen i morgon – tiltalar ein elev og seier at ”du er ein kjølen kate”, vert nok dei som høyrer etter kva eg seier, nokså undrande i blikket. Adjektivet og gradsadverbet kjøle er sterkt utbreidd blant dei som seier kate. Som adjektiv tyder det fæl, som adverb svært. Det går an å seie at ”dæ kjøle hett” ein glovarm sommardag. Og me kan seie ”ein kjølen varme” utan at me motseier oss sjølve. Det er eit sømmelegare synonym for ordet jævla. Men me flekkingar har ikkje monopol på ordet kjøle. Svigerdotter mi frå Surnadal på Nordmøre brukar kjøle (med tjukk l) i tide og utide. Flott!
No sit eg her i god avstand frå barndomsbygda Flekke, der eg ikkje har budd fast på 49 år. Kanskje alt dette eg har skrive om ovanfor har endra seg. Kanskje hugsar eg feil på somme punkt. Så viss du har rettingar eller tilleggsopplysningar, lyt du berre bruke kommentarfeltet. Det er forresten fullt lovleg og hjartans velkome for deg som ikkje er flekking å bruke det òg.

søndag 12. september 2010
BONDEGUTEN
I fjor på denne tida nemnde eg i bloggen at det var femti år sidan eg var nykonfirmert, og då kunne jyplingen begynne å gå på dans og vere med i ungdomslaget i Flekke. Vegen var kort, ungdomshuset ligg i lett høyrbar avstand frå heimetunet. Men eg trur ikkje eg skreiv om Bondeguten i fjor.
Laget hadde ei lagsavis i form av ein tjukk, handskriven protokoll. På kvart lagsmøte var det eit høgdepunkt når siste nummer av bladet vart opplese. Mykje av innhaldet var bygdesladder i kraftig parodiert form. For sarte sjeler var det stundom for mykje, eg vil tru det var enkelte som kvidde seg på å gå og høyre korleis dei vart uthengde. Pressens faglige utvalg vart ikkje kopla inn, men burde stundom ha vore det.
Redaksjonsansvaret gjekk på omgang, men det var ikkje alle som hadde særleg skriveevne eller fantasi, så innhaldet ymsa litt. Det hende seg at det dukka opp ei avskrift av ei Norsk Ukeblad-novelle. Men det var og folk som knapt hadde fått meir enn Godt i stil hos lærar Årøy, som blomstra når dei sat og dikta i hop skrøner i Bondeguten.
Lagsbladet til Flekke ungdomslag er ikkje eineståande. Tvertimot, eg har seinare fått høyrt om mange ungsomslag som har hatt nærsagt identiske lagsaviser: tjukk handskriven protokoll, masse sladder, parodiar og satiriske innslag og redaktøransvar på omgang.
Utpå vinteren 59/60 var det min tur. Eg fekk den tjukke boka med dei mange tomme sidene med meg heim. Men kva skulle eg skrive om? Eg var tom for idear og full av prestasjonsangst. Så det enda med at eg skofta neste lagsmøte, og der sat folket og gjekk glipp av Bondeguten den sundagen, mens eg gjekk glipp av møtet. Eit par av dei eldre ungdommane tykte nok at dette var for gale og ville hjelpe den stakkars jyplingen, så ein vakker dag kom det ein tjukk konvolutt i posten med ein godt ihoptråkla satirisk reportasje om nyhende i bygda. Men då hadde den ferske lagslemen allereie kvitta seg med skrivekrampen. Eg hadde loge i hop ei lang historie om korleis flekkingane gjorde det i vinterleikane i Squaw Valley. Dei fleste som sat i salen, hadde vore med på ei eller fleire øvingar og hevda seg bra. Dermed vart det ein lang og rikhaldig Bondegut denne sundags kvelden. Ein av dei snille.

onsdag 8. september 2010
MØNSTERMAST
Anne og eg er på ein liten kvelds- og sopptur rett ovanfor riksvegen her på Eikeland. Der snor den gamle postvegen seg opp gjennom skogen og over Eikelandshaugen. Kvelden er mjuk og mild, men me må skunde oss før det vert for mørkt til å finne sopp. Forresten, det kunne nesten ha vore det same med soppen, me finn nesten ingen ting. Me får likevel med oss nokre få eksemplar så me får ein smakebit til kvelds og fylt eit lite beger til frysing.
Men inne i skogen er det noko anna som dukkar opp. Ein telefonstolpe i eit gammaldags steinfundament. Slik såg pålane ut der dei stod på line innetter Stavsdalen attmed postvegen heime i Flekke. Og her står dei attmed den gamle postvegen mellom Bergen og Stavanger. ”Jag har bott ved den postveg i hela mitt liv…,” kunne eg ha sunge. Det slår meg at fundamentet er av den gamle sorten, men stolpen er nokså ny, er fullrigga med kablar og gjer nytte for seg. Pålen fell heilt naturleg inn mellom dei ranke furetrea omkring. Steinmuren som kviler kring foten hans, er lødd opp i ein pynteleg firkant, og steinane kan godt ha vore henta på staden. Mosen gror over dei, nett som på knausane omkring. Kultur og natur i skjønn harmoni.
Ei mønstermast, etter mitt syn.
mandag 6. september 2010
MYKJE LØYE I SJØEN
Dæ mykkje stykt i sjyen, sa gubben, han såg kjerringa bada. Ein idiotisk og ufin vits, meiner du, og eg er hjartans einig.
Å setje garn er ein terapeutisk hobby, og på slike solfylte dagar som i dag var det ein fest å dra garna og plukke ut fisk og skaldyr. Berre synd at det har vore lite mat i krabbane me har fått i det siste.
I dag kom det opp eit vesen som eg først trudde var ei flyndre. Men då eg såg den lange halen, skjønte eg at det var noko anna. Fisken har venger, men flyge kan han ikkje. Det var ei lita rokke, også kalla skate. Flat som ei flyndre, men med augehol og kjeft på undersida av hovudet. Piggane på den lange halen skal ein akte seg for.
Ei dame eg snakka med i dag, fortalde at dei hadde fått ei skate heime hos henne ein gong, men då dei skulle dra henne opp i båten, begynte ho å yngle. Den skatearten før levande ungar, fann dei ut. Så dei vart så rørte at dei sleppte fisken og ungane utpå att.
Eg er så forherda at eg avliva dyret, skar av hovud og hale, fjerna magen (ikkje teikn til ungar i denne kroppen, nei) og tok beistet med heim. No er ho djupfrosen, og ein vakker dag skal Anne prøve å forvandle henne til ein lekker rett. Skatevenger skal vere ein delikatesse, har me høyrt.
Men middagen i dag, då? Jau, då var det nytrekt torsk, ein som i storleik var perfekt tilpassa appetitten vår. Endå var det nokre fiskar til ... Og kveldsmat.

søndag 5. september 2010
EPLEHAUSTEN
Eplehausten i år er så som så, og på biletet ovanfor ser du heile avlinga. Håkonsapalen er på full fart opp att etter at han for to år sidan vart skoren ned nesten til bakkenivå. Den halvmeter høge stuven har skote mange nye renningar, og kvar av dei har produsert mange nye skot. Trass i omhyggjeleg beskjering i vår er han tett og frodig. Men det kom ikkje ein einaste blome på han i vår, og såleis er det ikkje å undrast at han ikkje ber frukt
Den vesle nyplanta discoveryapalen produserte tre vakre og gode eple i fjor, første året me hadde han. Då skreiv eg i bloggen at det vert nok fleire i åra som kjem. I vår blomstra han pent, og det laga seg til nokre knytingar. Men ein sein julidag bles det opp til stiv kuling. Apalen stod og stritta imot lenge, så sleppte han det eine eplet etter det andre før vindròsene tok slutt. Att heng det eitt einsleg eple, og eg fryktar at det attpå til er makkete. Men det heng der no. Så me lyt berre vente til neste haust. Kanskje det vert eit kronår for begge aplane?
lørdag 4. september 2010
NATAKNEKKJARSUITEN, TREDJE SATS: I NATASKOG
Då eg voks opp, var sundagane om hausten fulle av sol og frukter. Folk gjekk i flokk og rad langs den trondhjemske postvegen og inn i natateigen vår, som ligg like ved vegen inst i utmarka til Randi niese og gudbarn. Dei fylte lommene, ja, somme hadde med seg ryggsekk eller posar og raska i hop. Det kom til og med folk frå Dale og forsynte seg. Papen mumla rett som det var om kva lova sa om slik åtferd, det var jamvel straffbart. Folk hadde lov å plukke neter som dei åt på staden, men ikkje lov å plukke med seg heim. Sant nok, berrre sjå i straffelova, § 400: Den, som paa uindhegnet Sted plukker vilde Nødder, som paa Stedet fortæres, eller vilde Bær, Sop eller Blomster eller optager Rødder af vilde Urter, bliver ikke at straffe. Bær og sopp kan du ta med deg, men ikkje neter. Basta! Slik er det framleis. Men eg trur knapt papen hevda sin rett overfor straumen av gode grannar som hadde lyst på neter. Og truleg var det nok til oss alle.
Papen vart tikjend eigedomsretten over desse skrinne urdene med hatleskog ved utskiftinga av utmarka midt på trettitalet, og var berre småfornøgd med det. Han ville heller hatt meir tømmerskog eller godt beiteland. Men i dei gode nataåra under krigen tente dei seg nokre kroner på nataplukking. Papen fekk jamvel ordna med kjøp av eit par beksaumarar då han selde ein slump neter til disponenten på skofabrikken. Neter var ei bra salsvare før i tida, og det er nok ein grunn til at neter har eit sterkare rettsvern enn bær. I utgravingane på Bryggen i Bergen har dei funne mengder med nataskal frå mellomalderen. Forskarar har snakka om å analysere skala og prøve å finne ut kvar dei kom frå.
Den enklaste måten å plukke netene på når dei var bra modne, var å riste godt på hatlane så netene datt av. Viss ikkje urda var for grov, kunne me lett plukke netene opp frå grunnen. Heilt oppe under fjellsida, i merket mellom oss og Stav, stod sjølvaste Spanskehatlen, kjend for sine store, flotte neter. Namnet alluderer til dei store kjøpenetene frå Spania som kom i butikkane til jul.
Når vårsol i bakkane blenkte og snøen forsvann i natateigen, kunne me og finne neter som hadde overvintra. Ikornet, dalingane og flekkingane hadde sjeldan fått med seg alt. Eg var fleire gonger inn i teigen på vårparten og fylte lommane. Dei var nett like gode som om hausten, tykte eg.
Men no er nataknekkjarsuiten min over. Lukke til med natahausten, Randi!

fredag 3. september 2010
NATAKNEKKJARSUITEN, ANDRE SATS: GRISEMAT OG JULEKNASK
Når netene blir brune og kulda setter inn...ja, då går det mot jul. Og då må me ha neter på bordet. Både valneter, paraneter og hatleneter. Helst sjølvplukka norske, men til nød importerte frå mellomhavsland som Spania, Italia, Marokko eller Tyrkia. Dei norske er sjølvsagt best, men dei er mindre, så me må knekkje desto fleire. Det kan me trygt ta oss tid til i jula.
Netene haustar me i månadsskiftet september-oktober, eller når dei begynner å sleppe hamsen. Då har dei fått eit vakkert solbrunt skjær og er godt etande. Alle treng ikkje ha sleppt hamsen enno, du raskar med deg det du får opp i sekken din, går heim og spreier dei ut på ein turrlun og luftig stad. Legg dei t.d. opp på nokre gamle eksemplar av bladet Firda eller til nød Bergens Tidende. Etter eit par veker modnast dei slik at du lett får alle netene ut or hamsen. Dei som framleis sit fast, kan du trygt hive; dei er mest truleg tomme.
No har du minst tre løysingar vidare:
1) Du kan late dei liggje og turke vidare fram til julafta, ta dei fram og knekkje i veg. Då er kjernene bra innturka, men svært aromatiske.
2) Du kan faktisk fryse dei. Då vert dei ikkje fullt så innturka, smaken vert friskare, men ikkje så konsentrert og kraftig som om dei får turke i fred. Skal du ha neter til påske, kan dette vere ein tanke.
3) Du kan ta fram ein høveleg slump innturka neter likkjejulafta og leggje i vatn. Storejulafta om morgonen siler du av vatnet og let dei liggje til om kvelden etter at du har opna pakkane. Då får dei og litt av den ferske smaken som dei hadde då dei var nyplukka, eller om du hadde frose dei.
Smak og behag får avgjere her. Eg ville nok ha valt gamlemetoden, altså nr. 1. Uansett: Knekk dei helst ikkje med tennene, iallfall viss du har gamle og slitne tenner, eller nykjøpte spinndyre.
Men grisemat, kva har det med hatleneter å gjere? Jau, i nokre tronge bygder i Møre og Romsdal (kanskje andre stader òg) er det ein del lune, sørvende bratter med mykje hatl. Meir enn folk brydde seg med å hauste. Så tok dei grisene sine og flytte dei ut i marka så dei fekk gå og godgjere seg med neter. Svina kosa seg svært, nøffa, grov, åt og smatta, og feita seg opp på det reinaste kraftfôret før kraftfôr var oppfunne. Bøndene slapp å mòke og mate dei nokre veker, og når tida var mogen (netene hadde vore mogne lenge), fekk grisene kome heim for å verte slakta oppunder jul. Flesket smakte framifrå, det beste flesket sunnmøringane visste.
Så då vart det dobbelt opp med natasmak på julebordet!

torsdag 2. september 2010
NATAKNEKKJARSUITEN, FØRSTE SATS: HASLAR, HATLAR, NETER OG NØTTER
Randi gudbarn og niese vil at eg skal skrive om temaet i overskrifta. Ikkje underleg; ho er eigar av den kanskje største nataskogen i Flekke. Javel, brått kan det kome minst to bloggar om dette spennande temaet, kanskje tre. Veit du kva du har stelt i stand, Randi?
I dag vil eg først klargjere nokre språklege tilhøve. Då er eg på trygg fagleg grunn; dette byggjer på eigne røynsler, på timelange studium på Nordisk institutt, Universitas Bergensis, pluss litt ferske oppslag i faglitteraturen min.
På gammalnorsk var ordet not (eldre norrønt og islandsk: hnot) forma i nominativ eintal, natar i genitiv. I fleirtal heitte det netr eller nøtr i nominativ, i genitiv fleirtal nata. Mange dialektar kallar derfor denne velsmakande godbiten for ei nòt, og har du fleire, vert det neter. Om lag akkurat som i gammalnorsk. Men den norrøne sideforma i fleirtal gav somme stader grunnlag for systemet med nøtt-nøtter, og dermed har dei som rår over rettskrivinga i nynorsk, valt den varianten som hovudform. Kanskje fordi dette er eineformene i bokmål, og så har dei tenkt at det er praktisk å ha det likt. Så nòt-neter er klammeform i nynorsk, altså fullt "lovleg" i til dømes elevarbeid. Dette var godt språk i dialekten som Randi og eg vart oppflaska med, så heretter i utgreiingar om neter, brukar eg dei formene.
I samansetjingar brukar me sunnfjordingar (og mange andre for den del) nata- i første leddet: nataskog, natakjenne (nøttekjerne) og nataskal. I svært mange samansette ord er det genitivsforma som slår gjennom i første leddet. Og sjå ovanfor kva genitivsformene i eintal og fleirtal var i gammalnorsk!
Busken som netene veks på, heiter mange stader hatl-hatlar. Derfor har me bygda Hatlestrand her i Kvinnherad. I offisiell rettskriving både på nynorsk og bokmål heiter det ein hassel, fleire haslar. Me må tilstå at formene har god heimel i gammalnorsk: hasl. Men å uttale lydane s+l i slutten av eit ord, er ikkje lett, og ein gong for kanskje fem-seks hundre år sidan slutta dei med det. Somme skaut inn ein hjelpevokal, ein e, mellom desse to konsonantane. Dei begynte å seie hassel. Og det skal seiast med tonefall 1 (tonem 1, einstava tonelag) som minner oss på at det opphavleg var eit einstavingsord. På store delar av Vestlandet derimot drog dei tungespissen opp i ganen nesten i l-posisjonen istadenfor å seie s. Dermed vart det tl i staden for sl. Berre prøv! Plasser tungespissen opp i ganen og sei tl. Du treng ikkje ta bryet med å flytte tungespissen, slik du må når du seier sl. Nei, eg tullar ikkje, fenomenet er kjent i fonetikken under nemninga assimilasjon. Når austlendingar ikkje greier å seie vatn, men assimilerer til vann, er det uttrykk for ein liknande latskap.
Men nordfjordingane gjorde noko merkeleg: Dei laga ein lyd som er svært sjeldan. Mens me flytte tunga til ein t, fann dei opp ein ustemt l framfor den vanlege l i ordet der dei før sa s. Ustemt l? Jau, sei l, berre syng på han litt, så slår du av stemmebanda, og ut kjem ei slags kvesing. Denne kvesinga er den ustemte l-lyden som dei brukar i ordet hatl eller hatlerunnar.
Til slutt i denne språklege klargjeringa seier eg frå om at eg kjem til å bruke dei ikkje-offisielle formene ein hatl-hatlen-hatlar-hatlane i seinare utgreiingar om emnet på bloggen. Meir lovlydig er eg ikkje. På tavla i klasserommet skal eg skrive hassel. Det same skal eg gjere viss eg skulle kome meir bort i lærebokarbeid eller såvore.
Det var vel ikkje dette du ønskte deg, Randi, men eg får heller kome tilbake til realia knytt til emnet i morgon.

onsdag 1. september 2010
ENDÅ EIT FEMTIÅRSMINNE
Yngsteguten min har påpeikt at det er dårleg balanse mellom no og då i dei tankane eg kunngjer på denne nettstaden. Her er lite om notida og mykje om gamle dagar. Det får så vere. Eg er vel snart tom for stoff frå femti- og sekstitalet, for ikkje å seie førtitalet.
Så var det denne gamle sjuande-sansen-dagboka mi frå 1960 då, som opplyser om lite anna enn bursdagar og høylass. Men i dag for femti år sidan står det at eg tok til på nytt skuleår på realskulen/den linedelte ungdomsskulen. I klasse 9g3b, står det. At det var niande skuleåret er greitt, og at det var ein a- og b-klasse hugsar eg. Men kva tretalet står for, er meg ei gåte. Svaret er kanskje at det var ein treårig realskule. Sikker er eg ikkje. I fjor på denne tida skreiv eg fleire innlegg om det første realskuleåret, så det vert ikkje repetert her. No i andre klasse (eller niande, dei var ikkje konsekvente med nemningane) kom eg i lag med ein del av dei som eg hadde gått i klasse med året før, men det var og ein del frå den andre klassen. Så kom det nokre heilt nye fjes, elevar frå ulike kantar av landet som var innlosjerte på gamle Vevang og var pensjonatskuleelevar.
Denne hausten flytte me inn i det nye, flotte skulebygget til Fjaler linedelte ungdomsskule. Det meiner eg bestemt, sjølv om det på heimesida til skulen står at skulen vart teken i bruk etter jul i 1961. No hugsar eg fint lite av det som hende og ikkje hende hausten 1960. Det var kanskje slik at me flytte inn så småningom tidleg på hausten, men at skulen var fiks ferdig og feira seg sjølv med ein opningsfest etter jul. Eg har eit svakt minne til ei slik høgtid, men eg hugsar slett ikkje kva tid det var.
Den viktigaste endringa eg greier å grave fram or nokre av dei gamle hjernecellene mine langt der bak i skolten, var at me ikkje fekk kaste vekk ein sløydtime med å gå dei bratte bakkane opp til folkeskulen på Dingemoane og ha sløyd i den kritisk tronge kjellaren der oppe. Der måtte du ha griseflaks om du fann att det produktet du var i gang med å lage veka før. No fekk me fine, nye formingsrom, mellom anna med ein ambolt som me dreiv vektløfting med. Her skulle ein få drive med meir enn berre tresløyd.
Ei sak til: Då skulen vart opna som ein av dei første ungdomsskulane i landet, stod det ei overskrift i ei osloavis: "Sogn fikk flott skole" ... Ei overskrift som vekte mykje sinne i bygda og i bladet Firda.

Abonner på:
Innlegg (Atom)