tirsdag 11. mai 2010

NY HÅRSVEIS

Nei, ikkje ny i grunnen, "det er vel den gamle", som O.H.Hauge sa om nymånen. Men no er eg nyklypt og med stutt vårsveis. Ikkje så pinnkort som eit par år i tidleg barndom, då eg vart rua heilt ned, som ein nyslegen timeoteiteig eller ein vårfjelga sau. Viss du blar tilbake i bloggen til eit høyvognbilete, kan du kanskje få eit inntrykk. Eg tykte det var fritt og godt å gå rundt med ein såpass snau skolt i sommarvarmen.
   Før eg kom meg til klyppedama i går, var eg nokså lurven på toppen, slik eg lett vert når håret gror for lenge og eg ikkje får somla meg til frisør. Spesielt når det er nyvaska og eg ikkje har hårkrem. For hårkrem likar eg å ha, det er noko eg tykkjer har redda meg sidan eg var nybakt tenåring og forstod at hårsveis var viktig. Til det pinnstive håret mitt var bryltuba eit must. No lesser eg ikkje opp som ein Elvis, men ein centimeter godt innsmurd etter hårvasken held dei mest nyfikne bustene på plass. Problemet no til dags er at det nesten er uråd å få tak i gammaldags hårkrem, det vere seg Wellaform eller Bryl.  Men gå på Valen matsenter, der sel dei framleis Bryl!
   "Men kvifor ikkje bruke hårgelé?" spør du. Det spør Anne om og. Tja, eg tykkjer ikkje det er så flott. Eller er det berre gammal uvane? I Barcelona no nyleg kom eg i vande. Tenkte å kjøpe undervegs, men fann ikkje tak i. Ikkje på Flesland flyplass. Ikkje i Barcelona heller, så eg kjøpte altså gelé i ein butikk der dei selde allslags småting. Men i ein supermarknad kom eg over noko som likna. Spansken min kunne ha vore meir habil, men eg tok sjansen. Det var iallfall ein krem på tube som låg i lag med ymse sortar herrekosmetikk.
   Vel framme på hotellet om kvelden skulle eg pynte meg for Anne og halve Barcelona.  Eg vætte håret og tok eit par centimeter av tuba og gneid inn. Duverda så det skumma! Eg sprang og slo opp i den spanske ordboka mi - litt for seint: Crema de afeitar. Barberkrem! Men håret låg no brukbart det, etter at eg hadde tørka vekk det meste og kjemt meg med omhug.
 

2 kommentarer:

  1. Eg slit med same saka. Wellaform, som har vore min favoritt i mange år, er nå vekke frå butikkhyllene. På Husnes finn eg ikkje brylkrem heller lenger i butikkane. Eg har ennå ein rest i ei tube, som eg sparar svært på. Men vonde nattedraumar plagar meg. Kva gjer eg når den er tom?
    Nå veit eg det. Eg gjer som deg, går over til barberkrem. Takk for nyttig blogginnlegg.

    SvarSlett
  2. Det er ei naudløysing. Men ta ein tur til Valen matsenter, kjøp eit lager med krem og stikk nedom Eikelandsberget på vegen heim, fin og fjelga på håret!

    SvarSlett