torsdag 27. mai 2010

MEIR OM UGRAS OG MAT


Tidleg om sommaren stakk jordnøtta opp av bakken. Me lærte å grave opp rota, og der hang det ein liten knoll, i beste fall så stor som eit stikkelsbær. Knollen var skiten, ofte litt ruglete og kledd med eit tynt skal som var lett å flå av. Og så var det berre å ete. Om det var godt? Tja, ikkje så verst. Det smakte nesten som ei rå potet. Iallfall tok me oss tid og tiltak til å grave fram ei og anna når det var sesong.
   Midt i høgsesongen for denne ville veksten hadde eg bursdag. Det har eg framleis, så å seie kvart einaste år. Og ein gong for om lag femtifem år sidan eller  deromkring kom bror Steinar med ein uinnpakka bursdagspresang til meg. Ein neve med jordnøtter som han hadde teke bryet med å grave opp. Skal tru om han ikkje til og med hadde vaska dei. Syskenbarna mine på Ilkjen var innom og feira seinare på dagen, og Peter'n tykte det var ein kjøle lur presang. Slik presang kunne ikkje han få, han som alltid har bursdag den tjueniande januar.
   Oppe ved riksvegen her på Eikeland har eg sett ein forekomst av jordnøtter. Kanskje eg må ta meg ein tur opp der med ein gravereiskap? Dei sit ikkje djupt.

2 kommentarer:

  1. morosamt, min kjære bror. For har ikkje eg, no i ferien, medan tankane flaug eigne vegar,( og kanskje inspirert av Tematuren med fokus på blomar/planter og fuglar), nett tenkt på jordnota ?? Og på denne fantastiske broren som visste og kunne så mykje, og som fann desse herlege (slik eg hugsar det) vekstane nede i jorda under den vesle blomen??? Og på kor lenge det er sia, eller kanskje rettare sagt: kor mykje anna ein har ete sia eg sist grov opp jordnot, kneka av den og knaska i meg, ei lukkeleg lita jente, med store brora og uendelege blomeenger....

    SvarSlett
  2. Ja, eg tenkjer ikkje det var mykje jordneter på Mallorca.

    SvarSlett