Ei stund seinare låg eg på benken hos dokter Østby, som saumfor og fann ut at eg hadde vore svineheldig. Såret var heilt ufarleg, ljåen hadde ikkje rørt hovudpulsåra, som gjekk like ved, og senane var heller ikkje skadde. Meir midt i kunne ikkje Steinar treffe. Dermed sydde dokteren såret saman med to sting, bandasjerte og sende papen og meg heim att.
Eg fekk nokre rolege dagar og rikeleg med omsorg. Rett nok klødde det litt, men når eg klaga meg for det, fekk eg høyre at "då gror det!" Men så skulle dei skifte bandasje, og der sat det ein feit flått og godgjorde seg attmed såret.
Snart vart det ny tur til Dale, stinga vart fjerna, og eg kom heim med berre ein liten plasterlapp. Ivar Aasen har heilt rett. I Gamle grendi og Flekke var det slik at når einkvan kom ut for eitkvart, "brått det spurdest i bygdi rundt og alle tykte det var ille." Somme tykte synd i mamma og papen som vart hefte i høyonna: "D'æ no mångt slag, å so mitt i slåtta!" Men eg fekk stor merksemd og medkjensle, og når dei spurde, vreid eg om foten og synte arret, som framleis minner om teiknet som ber oss syngje noko to gonger: ein strek med to prikkar på kvar side. Men Steinar har aldri meir vore borti meg med ein ljå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar