onsdag 11. januar 2012

UNYTTIG NATURFAG

No dristar eg meg til å seie at eg opplevde mykje av undervisninga i naturfag for unyttig, keisam og bortkasta. Det galdt delvis på folkeskulen og iallfall både på realskulen og på gymnaset. Me skulle til dømes lære oss korleis tre, plantar og ekle dyr såg ut inni, lære namna på kvar minste bit og helst kunne teikne dei. Eg slong med, men tykte ikkje om det.
   Inst inne såg eg nok ein viss nytteverdi i litt av dette faget og meinte ikkje at det var berre unyttig. Men det var vel helst karakteren som gjorde at eg la arbeid i lekser og konsentrasjon i timane.  Eg leverte jamvel inn herbariet på ungdomsskulen fullt av flatklemde blomar, men såg det aldri att.
   Så må eg endå ein gong fortelje om året som erstatningslærar på Radøy, der eg kom fersk frå gymnaset og underviste fjerde- til sjetteklassingar i mangt og mykje. Mellom anna naturfag. Brått fekk eg bruk for litt av det eg halvt medvitslaust hadde konsumert. Ikkje berre det. Nokre av elevane likte faget og vel så det. Skulehuset låg som bygdeskular flest lagleg til, omkransa av skog, mark, bø og bakkar. Så fleire naturfagtimar kunne gjerast unna ute, me kunne plukke blomar, sjå på tre, busker og småkryp. 
   I bygda var det dessutan ein 4H-klubb som hadde møte i skulehuset, og som eg vart lokka til å ha eit visst oppsyn med når dei var samla. Her gjekk det òg på kjennskap til og stell av plantar og dyr.
   Eg hugsar ein av elevane mine. Han sleit fælt med lesing og skriving, var skrøpeleg i engelsk, men ein kjekk plugg. Han var ein ivrig 4H-ar, han dyrka blomar og grønsaker, og han var blant dei glupaste i naturfag. Eg tillet meg ein gong å prøve å forklare kolsyreassimilasjonen og fotosyntesen, dette smarte krinslaupet mellom plantar og dyr med vatn, luft og sol som hovudelement. Det var ein teoritime som var vanskeleg nok for lærarjyplingen og sikkert for mange av dei håpefulle radværingane. Men han guten som eg nemnde, og som sleit i mange fag, sat med lysande auge og forstod.
   Jamen trur eg at naturfagtimane var dei aller kjekkaste både for elevane og meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar