
For yngre generasjonar og andre utan allmennkunnskapar kan eg opplyse at hesjane vart brukte til høyturking. Merra, sauene, kyrne og kalvane levde av høyet i vinterhalvåret, og turt måtte det vere skulle det halde seg. Seinare kom siloane og overtok mykje av strevet med hesjing og turrhøy. Og då forhaustaren kom, var slåtten knapt noka skikkeleg onn lenger. For ikkje å snakke om rundballealderen, som me no er inne i.
Når me hadde stabilt høgtrykk og godvêr, turka me på bakken, me brøydde. Så oppe i bakkane har me sloppe dei lange hesjane i 1956, då dette andre biletet vart teke. (Dette biletet har eg vist fram før, sjå august i fjor.) Dei lengste hesjane du ser midt oppe i bakkane, er vel på tett oppunder hundre rom. Eg er lei meg, eg trur ikkje me har bilete av rekordhesa eller noka hes tett oppunder den lengda. Men du kan no sjå på biletet og tenkje deg om lag kvar ho strekte seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar