onsdag 16. juni 2010

GJEST FRÅ HAMBURG?


I dag har me prøvemontert teltet vårt, noko me vanlegvis gjer før me dreg på tur med det. Og så plar me slå det opp når me kjem heim frå tur, lufte det og gjere det reint om det trengst.
   For nokre år sidan var det som om det eksploderte med ein ny ugrasvekst i hagen. Me kunne ikkje seie at me hadde sett blomen før, og brått låg han som eit teppe kring solbær- og ripsbuskene. Me prøvde å identifiserte han etter floraen og kom fram til at han heiter korsknapp. I folkemedisin har han gjort underverk, men eg vil helst ha han vekk. Og korfor kom han til oss når naboane ikkje hadde sett han i hagane sine?
   Litt seinare på sommaren var me på campingplassen Wunderbrunnen ved Hamburg. Det var ikkje første gongen me var der. Men denne gongen la eg merke til ein kjend blom som breidde seg i buskaset bak teltet.  I rikelege mengder! Eg ser ikkje bort frå at han har følgt teltet vårt heim frå ferietur. Teorien er at det gamle, tjukke bomullsteltet har fanga opp ein liten slump frø, frakta dei med seg og gitt slepp på dei då det vart lufta og medstelt etter heimkomsten. Me kallar iallfall planten for ugraset frå Wunderbrunnen.
  
  

2 kommentarer:

  1. Prøv å gleda deg over denne korsknappen. Kan jo vera som plaster på såret som tagetesen gav deg :)

    SvarSlett
  2. Ja, og takka vere krossen på overleppa held han hekseri og djevelskap på lang avstand, heiter det seg.

    SvarSlett