tirsdag 15. juni 2010

GUDAR FOR SPÅDOMSKUNST

I dag skal eg ikkje repetere det eg skreiv for nøyaktig eit år sidan om flyttinga til Husnes den vakre sommarkvelden den 15. juni 1973. Noko av det første Rune og eg gjorde, var å kjøpe eit knippe fløyelsblomar - tagetes. At det vart nett denne blomesorten, var sikkert heilt tilfeldig og hang kanskje i hop med utvalet dei hadde på blomeutsalet. Me planta dei utanfor dei store panoramaglasa i stova og la nokre kasserte mursteinar som kant på bedet. Så vart det endå koselegare då ho mor  (med Vegard i magen) kom fire dagar seinare. Dette vart den einaste beplantninga denne første sommaren på Husnes. Fløyelsblomane levde og blomstra rikt, dei. Og det viste seg at dei sette frø, som me hausta.   
   Neste vår sådde me frøa og fekk ei mengd med tagetesstiklingar. Dermed voks det snart ei lang rekkje med fløyelsblomar langs vegen inn til huset i Furuvegen. Eg trur me hadde fløyelsblomar alle dei ti somrane på Husnes
   Her på Eikeland har me prøvd fleire gonger å plante tagetes ymse stader i hagen, men utan suksess. Ikkje vil dei vekse skikkeleg, og dessutan har svoltne sniglar lagt sin elsk på dei. Fortredeleg.
   Tages var namnet på ein etrustisk gud for spådomskunst. I fleirtal vert det tagetes. Og eg spør meg kvifor spådomsgudar ikkje likar seg her på Sjøkleiv. Er livet vårt vorte såpass forutseieleg at spåmenn kjenner seg overflødige?
   I år prøver me på ny. To stader. Enno så blømer dei småpent, iallfall desse fire som står på vestsida, litt i skuggen.  Dei andre seks står nedanfor terrassen, med sola rett i augo. Men ingen av dei veks så godt som ønskjeleg. Dei set ikkje nye blad.Er det nokon som har eit godt råd? Skal eg spå at dei er daude når me kjem heim frå ferie?

2 kommentarer:

  1. Eg har og avla tagetes av sjølvplukka frø i ei årrekke. Nett nå er eg på Karmøy hos sonen, med bilen lasta med 80 tagetesplanter. Røynsla frå i fjor er at dei veks og trivs her ute i havgapet. Men det har dei gjort i alle år i Haugavegen og.
    Eg lurer på om du har gått over til kjøpetagetes etter du flytta frå Husnes. Det er jo ikkje bra, og kan forklara ein heil del av misstrivnaden.
    Neste år kan du få planter av meg. Men då må du jo halda deg heime i sommarferien, og bruka tida på vatning, gjødsling og snegleplukking. Det er slik me pensjonistar gjere det

    SvarSlett
  2. Det var eit godt råd. Og me kuttar så gjerne ut ein sommartur til fordel for trivelege fløyelsblomar, lyg eg.

    SvarSlett