For femti år sidan var det stemne i Dale. Og eg, som var trent i å sykle til og frå Dale på konfirmasjonsopplæring ein gong i veka, tok fram sykkelen sundagen og trødde i veg. Det er ikkje stort eg hugsar frå dei mest kulturelle sidene ved stemna. I jubileumsskriftet til Sunnfjord ungdomslag kan eg lese at fransklæraren min på gymnaset var stemnetalar. Johannes Aursland. Det har eg ikkje visst om før no.
Derimot hugsar eg at eg sat utanfor ungdomshuset då dansen begynte, saman med konfirmantvenen Odd frå Sveien og eit par andre og såg på livet. På ei eller anna vis fekk me tak i ein billett som me byttest om å bruke. Inne i salen trefte eg på bror Steinar, som sjølvsagt burde ha jaga meg heim. Men han tykte det var svært at likkjebroren var på dans sjølv om han ikkje var heilt konfirmert. Han prøvde derimot å skaffe fram ei jente som eg kunne danse med. Det vart ikkje noko av, eg kom meg ut og på heimveg før han fekk ordna noko.
Klokka var mellom ti og elleve den fagre sommarkvelden då eg trilla til tuns. Papen stod på toppen av Storehògen og speida etter den fortapte sonen. Men han var sikkert gild for at eg kom då - altfor seint, men ikkje uforskamma seint. Så eg trur ikkje det vart noka saftig skrape den gongen heller.
Stemne var det også i 1949, den gongen i Holmedal. Trur kanskje det var fyrste gongen me fekk is.
SvarSlettDå me kom heim att, tømde Reidar bukselommane for småstein han hadde samle i Holmedal for å ha på tunet heime - venteleg som eit minne om 4-årsdagen som vart feira så langt heimanfrå. Men det har han kanskje gløymt, og finn han att steinane, tru??
Ta da mæ ro, kjære bror, eg he lenje tenkt å skrive om dinnja stemna på sjølve sekstiårsdajen, å poenja dine ska mæ.
SvarSlettForresten opna eg bloggen no for å rette årstalet for den første stemna, som var i 1939. Det kom eg på etter at eg hadde lagt meg i går kveld.