lørdag 31. mars 2012

RESIRKULERING

Det kan godt ha hendt same sommaren som då Jan Harald og eg stal novabåten. Me utforska verda høgt og lågt, til dømes løa vår. Der låg det ein del tomme kraftfôrsekker og haugevis med  merkelappar som hadde tent sin funksjon, men som såg heilt fine ut. Det var no for gale om dei skulle verte kasta eller brende, tenkte me, kanskje me kunne levere dei inn og få pengar for dei? Nett det med pengar var noko me hadde lite av. Me var ikkje så dumme at me ikkje forstod at det gjekk an å byte pengar mot snop. Og snop var godt. Eller brus? Det var endå betre.
   Me plukka og plukka, og snart hadde me lommane fulle med merkelappar frå kraftforsekkene. Så gjekk me på Odd-butikken og gjorde oss viktige. Kor mykje kosta ein slik merkelapp? "Fem øre, kanskje...," rusa Odd handelsmann i farten.  Me såg for oss rikdommen kome sildrande over oss, me klemde fast om dei verdfulle lappane og  kjende snev av sjokoladesmak i munnen.
   Men Odd'n  hadde det travelt og vørde oss knapt. Ville han ikkje snart telje lappane og opne kassaapparatet for oss?  I hylla bak låg det haugar med karameller og sjokolade, i kassen borte ved veggen bogna det av brunt kandissukker på snøre, og me skimta brusflaskene inne i  bakrommet.
   Me gjekk der og knika og keik, men fekk etter kvart forståing for at det ikkje vart nokon handel likevel. Om han Odd sa det til oss direkte, eller om me kom oss til sannheits erkjennelse av oss sjølve, hugsar eg ikkje
   Eg trur ikkje ein gong me hadde lappane med oss då me rusla heim, like fattige som då me kom.

fredag 30. mars 2012

MI KRIMINELLE FORTID

I mine tidlege barneår kom familien Pedersen frå by'n på sommarferie og installerte seg i gamlestova vår. Mora var syskenbarnet til mamma, og dei hadde tre små ungar. Den eldste heitte Jan Harald og var nesten jamgammal med meg, om lag eitt år yngre.  Dermed hadde eg leikekamerat ei veke eller to, og me brukte tida godt.  Eg var van med sterk sosial kontroll frå to eldre brør, men no vart eg sjefen. Dette handlar om ein vågal ekspedisjon ein fager sommardag då eg var sju år og Jan Harald seks.
   For eit par år sidan skreiv eg nokre stykke om herr og fru Noven, som nyleg var flytte til Flekke og hadde ein robåt som låg og duva i stranda. Eg hadde vore i robåt før og visste alt om korleis ei slik skute kunne handterast. Dessutan var eg stor gut, skulle begynne på skulen om eit par-tre veker. Me løyste tauet, kom oss om bord, fiksa ilen og fekk årane ut. Så byrja ferda, Jan Harald i skuten og eg ved årane. Sola blenkte, det glitra i krusingane, måsane song og me var lukkelege.
   Heilt til me høyrde eit vræl inne i stranda. Resten av familien Pedersen skulle ha seg ein dukkert i det lunka vatnet og hadde fått auge på piratane. Eg trur at bror Steinar var med dei òg. Så då var det berre å kare seg inn att.  Det var fort gjort, me var dessverre (ok, heldigvis, då ...) berre komne nokre få meter frå land.
   No gjekk det opp for oss at me var på ville og ulovlege vegar. Det er sikkert einaste gongen eg såg Harald Pedersen verkeleg bøs. Jan Harald sutra og orsaka oss: "Men Reidar er jo så flink å ro." Sjølv la eg på sprang og gøymde meg.
   Ei stund seinare fann papen og mellomstebror Steinar meg sovande i høystålet. Papen smilte då eg vakna.

tirsdag 27. mars 2012

BLÅTANN

"Varför man valde namnet Bluetooth var för att forskarne bakom denna tekniska framgång hade ett intresse för medeltiden, speciellt för dess vikingar och kungar. Vikingen kung Harald Blåtand enade Norge och Danmark och var känd som en stor talare och duktig att få människor att enas och prata med varandra. Just därför valde forskarna att använda hans namn och direktöversatte Blåtand till "Bluetooth". Vad som länkar ihop denna gamla vikingakungen med dagens moderna teknik mer är att själva symbolen för bluetooth är en runa."   Dette seier den svenske wikipediaen. Så då det svenske Ericsson utvikla blåtannteknologien som gjer at me enkelt og lett kan flytte data trådlaust, gjekk dei til Jelling i Danmark, grov fram minnet om den  gamle kongen som ligg der og svalgde rått sjølvskrytet hans på Jellingsteinen.
   Lenge før Bluetooth-teknologien dukka opp, dukka det opp ei blå tann i kjeften min. Ei mjølketann som sikkert hadde fått seg ein kakk og tok ein tydeleg blåfarge. Ikkje berre det: Det var ei  framtann i  øvste rekkja, så ho vart godt synleg. Men så begynte det å vekse opp ei ny tann bakom blåtanna. Då den kom til syne, tenkte nok dei omsorgsfulle foreldra mine at det var best å få blåtanna vekk, slik at den nye tanna kunne få gode vokstervilkår, og at yngsteguten deira ikkje vart gåande livet ut med skeive framtenner. Turen gjekk til Dale og opp til doktor Østby, som henta fram ei  stor, blank tang, lirka  litt i blåtanna slik at ho losna, og den nye tanna kom tydeleg fram i dagen.
   Ho heng der enno, nøyaktig på rett plass attmed nabotanna.

onsdag 21. mars 2012

FRU GARMIN

Me var til Haugesund i går att, Anne og eg. Der har Helse Fonna sin maktbase med kommandosentral, operasjonsrom og sjefsstab. Med i bilen hadde me Garmin-navigatoren vår. Ut or den kjem det ei myndig kvinnerøyst, så me kallar dama for fru Garmin.
   Me treng ikkje nett ha med apparaturet for å finne vegen til Haugesund. Men det er greitt å sjå kva tid me er framme, for det er dingsen flink til å opplyse om. Når me rullar i land i Skånevik, står det på skjermen at me er framme klokka då og då, og dette stemmer til vanleg godt.
   Derimot rotar fru Garmin ein del når ho skal dirigere oss. Då me trilla ned på ferjekaia på Utåker, ville ho ha oss til å svinge til høgre og om bord i ferja. For det første laut me svinge litt til venstre for å finne rett ferjefil, og dessutan var ferja framleis berre midtfjords. Det skulle ha teke seg ut om me hadde lystra.
   På heimvegen begynte ho å geberde seg då me passerte krysset mot Utbjoa. Ho ville absolutt ha oss til å køyre dit og ta ferja til Sydnes. Det kunne me ha gjort, men då hadde me måtta vente halvannan time på kaia. Då me passerte krysset, vart ho heilt ifrå seg og ville ha oss til å snu. Me var nesten komne til Ølen før ho roa seg og foreslo at me likså godt kunne køyre til Skånevik.
   For snart to år sidan tok me fru Garmin med på langtur i Europa, og det må seiast at ho gjorde ofte ein bra jobb. Men det hende seg at ho svikta. Som då me nærma oss Dresden, og det var anleggsarbeid og Umleitung på motorvegen. Truleg oversåg me eit skilt, og me hamna ute på småvegar på landsbygda i det som før heitte DDR. Det er rein overtru at alle vegar i Tyskland er så flotte. Fru Garmin kava og ville ha oss tilbake på den stengde Autobahn. Me gjorde fleire forsøk på å køyre litt på måfå i von om å finne eit skilt som kunne gje oss hjelp. Fru Garmin stod på sitt. Til slutt laut det store Tyskland-kartet fram, me sikta oss inn på ein småby eit stykke lenger framme, og då me kom dit, hadde fru Garmin teke til fornuft og foreslo ei fornuftig løysing fram til campingplassen utanfor Dresden.
   Dagen etter imponerte ho meg. Me var innom ein liten filleby på vår veg mot sør og vest etter den bedårande vakre Dresden. Her var det korte, tronge gater, men fru Garmin losa oss trygt igjennom, gate for gate, kryss for kryss. Der må ho ha vore før, tenkjer eg. Der var ho lommekjend.
   Men du skal høyre henne når me skal til det nye ferjestøet på Årsnes, og me passerer det gamle på Løfallstrand.

fredag 16. mars 2012

SØRGJELEG SESONGDEBUT


Det handlar om sjømat. Skuta Sofie Karoline har dessverre lege gjerandslaus i hamna i månadsvis. Men i går kveld henta eg garna i naustet, løyste båten, drog i startsnora og opplevde at motoren starta utan protestar. Eit garn kom i sjøen, dei andre to hadde vasa seg i hop og får vente til ein annan gong. I dag tidleg drog eg opp garnet. Heilt tomt. Ikkje så mykje som ei sjøstjerne. Men pytt! Meininga var å hente ein heilt annan og svært så delikat matrett etter garntrekkinga.
   Blåskjel er nokon forunderlege dyr. Eg trur ikkje dei er så dumme som dei ser ut til. I årevis kunne eg berre gå ned i stranda vår og på berga rett nedanfor heimen og hauste eit drusteleg kveldsmåltid på under halvtimen. I fjor og i år har det nesten ingen ting vore å sjå. Ikkje eingong den talrike flokken med småskjel som klamra seg fast nedanfor stupebrettet, er der lenger. Eg trur dei har rømt. Ryktet om farlege blåskjeletarar har spreidd seg langs stranda, og så har dei søkt ei tryggare hamn ein annan stad i fjorden.
   Det har ikkje dei flotte koloniane med storvaksne, lekre skjel ute med Kolsøya. Der kryr det av desse hardhuda dyra, der kan eg berre ta. Båten og eg sette kursen mot sør, og berre sjå kva me kom heim med etter ei kort økt der ute.
   Men så var det ei sak, då. Dei siste vekene har det kome positive blåskjelvarsel frå Sydnessund, som ligg rett på i hi sida av Halsnøy: Kan spise skjell!  Slik kunngjorde blåskjelvarselet på tekst-TV side 697 då eg i dag drog til sjøs, rett nok i påvente av nytt varsel i dag. For ordens skuld sjekka eg det nye varselet i kveld då eg skulle til å stelle maten. Og korleis lydde bodskapen frå Sydnessund no?  Ikke spis skjell!
   No står fangsten i bøtta nede i kjellarhalsen og lengtar mot havet.
  

onsdag 14. mars 2012

MOCHTEZUMAS HEMN

Eg sit og rettar historieprøver og er på det viset midt inne i ei slik stode som eg skildra for to dagar sidan. Men som eg skreiv, retting og blogging skal ikkje vare lenger enn til midnatt, maksimum.
   Det handlar mellom anna om koloniseringa av Amerika for fem hundre år sidan. Elevane skriv om likt og ulikt. Somme skriv om lag som når eg ein hende gong kjem til eit overdådig kaldtbord, eg plukkar på måfå litt her, litt der, og før eg veit av det, er eg mett og ferdig. Då ser eg kanskje både ein og to retter som eg absolutt skulle ha forska ut.
   Men dei fleste elevane har lagt merke til dei grimme herjingane til dei spanske conquistadorane, til dømes då dei fekk has på aztekarhovdingen Mochtezuma og øydela den overdådig vakre hovudstaden som låg der Mexico by voks fram etter kvart.
   Indianarane hadde ein skikk og eit nytingsmiddel som var ukjent for europearane. Dei drog til seg røyk frå eit innturka bladverk, ein røyk med ei særprega lukt og ein tiltalande smak. Dei neste hundreåra anla europearane tobakksplantasjar over uendelege vidder i både den gamle og den nye verda. Industrien produserte millionar av snadder og milliardar av sigarettar og skubba på forbruket med utspekulert reklame. ("Ja, nå røker også jeg Teddy, alle manns venn.")
   Sidan klokka nærmar seg midnatt, får eg kome til konklusjonane. Ettrer kvart vart det meir og meir tydeleg at millionar av menneske pådrog seg sjukdom og død takka vere den fredsæle indianarvara. Folketapet i indianarlanda på femtenhundretalet var skremmande stort på grunn av den europeiske invasjonen. Kanskje førti-femti millionar. Men somme granskarar seier at det har døydd fleire menneske av tobakk kring om i verda berre dei siste hundre åra.
   Mochtezumas hemn.
 

tirsdag 13. mars 2012

VÅTT BADEGOLV

Har du nokon gong vore på eit hotell der du slepp at vatnet renn ut frå dusjen og utover heile badegolvet? Vel, det har nok hendt. Men hovudinntrykket er at dei som innreier hotellbad, ikkje har noka god oppskrift for å gå klar problemet.
   Som hotell Neptun i Haugesund, der me av ymse grunnar budde ei natt i førre veke, Anne og eg. Rommet var passeleg stort, koseleg og lunt, badet likeså. Men dusjen var altså ei slags glasboble i hjørnet på baderommet der den ovale veggen kunne skiljast i to og dragast ut til kvar side. Inn der kunne me smette, dusje oss reine, og så ut att til turking og påkleding. Desse to dørene - eller kva eg skal kalle dei - hadde jamvel ein pakning mot golvet som skulle hindre vatnet frå å sive ut. Det heldt ikkje heilt, og då eg ville ut att, laut eg sjølvsagt opne dørene slik at resten av vatnet fossa ut. Rett nok stod der ein løvangskost så eg kunne skubbe mesteparten av vatnet inn att i dusjen, men likevel klaga Anne over at det var vått på badegolvet då ho skulle inn og pynte seg før me gjekk i frukostsalen. Frukosten var forresten god, og det var god plass i matsalen.
   Eg vil på ingen måte hengje ut hotell Neptun i Haugesund. Våte badegolv og verre tilhøve enn det eg har skildra, har eg støytt på mange gonger på mine hotellopphald. Ja, jamvel i pyntelege, private heimar eksisterer problemet.
   Då me innreidde kjellarbadet vårt, bestemte eg meg for å lage eit fysisk skilje mellom inste delen av rommet der dusjen heng, og resten av det knøttvesle badet. Då me støypte golvet, konstrurerte eg ein liten kant, om lag sju-åtte centimeter høg og tilsvarande brei. Røyrleggjaren vår riste på hovudet. Dette kom nok ikkje til å halde, fortalde han. Vatn er ei utruleg lei sak. Det finn seg gangar og hol der ingen skulle tru, trengjer inn over alt, og før du veit av det, er kanten din laus. Meinte røyrleggjaren.
   Men framleis, etter tjueåtte år, ligg kanten der og møter vatnet frå dusjen, så eg kan gå turrføtt omkring på den vesle golvflekken utanfor. Så sant eg har dusjforhenget skikkeleg på plass, då.
   Eg skal lage ein hotellgaid der etablissement skal få ei ekstra stjerne viss dei har bad der du slepp væte ut heile golvet når du tek deg ein aldri så liten dusj.

mandag 12. mars 2012

Å LOVE BOT OG BETRING

Du har heilt rett i at det har vore puslete med innlegg frå meg i det siste. Eg har ikkje gode unnskyldningar. Tvert imot, eg har hatt god tid til skriveri, jamvel om eg har vore litt ute og reist i det siste. Nei, eg har verken vore i Paris eller på Kanariøyane, berre til Austevoll, Trondheim og Haugesund.
   No skal eg love å skrive oftare ei stund framover. Når eg lovar slikt, brukar eg å halde det. Dette knepet har eg stundom brukt som lærar når eg tek til å skjemmast over seindrektig retting. Viss prøvebunken har lege for lenge og elevane masar, lovar eg dei at "i  morgon den dag er eg ferdig, då skal de få att makkverka dykkar!" Og når dette er sagt, kan eg ikkje for skams skuld late vere å få rettearbeidet unna.
   I gamle dagar, lat oss seie i førre tusenåret, hende det at eg sat til klokka var både tre og halv fire og retta stilar. Det var stilt i huset, mørkt ute, kaffi på kanna, og arbeidet gleid sakte, men sikkert unna. Når eg omsider la meg og visste at eg kunne halde lovnaden, kjende eg ei intens lukke i heile kroppen. Trass i svevnmangel. Neste dag kunne eg med godt samvit unne meg ei lang middagskvild.
   Slike nattlege bravadar har det vorte lite av dei siste åra. Men så har eg ikkje  undervist i norsk på nokre år, og eg har vorte flinkare til å kome meg i gang med bunkane før dei tek til å mygle, der dei ligg.
   Når det gjeld blogging, hender det framleis at eg sit og skriv mens klokka går mot midnatt. Der ein stad går grensa. Og no når eg har lova å verte flittigare, må eg altså leve opp til lovnaden.
  Om det så vert seine kvelden.

fredag 24. februar 2012

MORMONS BOK

Amerikanarane kan få ein presidentkandidat som er mormonar. Mitt Romney er ein søkkrik forretningsmann og vil bruke ein del av pengane sine i valkampar: Først vil han stå på for å verte kandidaten til republikanarane, dernest ta kampen opp mot Obama til hausten og kanskje få det ærefulle kvite huset i  Washington som bustad nokre år.
   Slik det ser ut no, har han gode sjansar til å nå det første målet. Det andre vert verre. Men du skal aldri seie aldri når det gjeld amerikansk politikk. Viss du hadde våga pengar på Obama for godt fire år sidan, hadde du sopt inn ein pen gevinst.
   Hadde Mitt dukka opp med meiningane sine i ein norsk valkamp, ville jamvel Frp ha rygga litt. I dei konservative krinsane i USA er han likevel sett på som ein radikal fusentast. I tillegg har han ein tvilsam religion. Men i motsetning til enkelte republikanarar snakkar han ikkje så mykje om kva han trur på. Han er i det heile ein høfleg og danna type som dei superkonservative synest er altfor kjedeleg. Rik og glatt. Då er det noko anna med råskinnet med det vanskelege namnet Newt Gingrich (håpar det vart rett), ein ubehøvla horebukk og flåkjeft som får sjølvaste C.I. Hagen til å framstå som ein sundagsskulegut. I motsetning til mormonaren Romney har han hatt opptil fleire fruer og sikkert like mange elskarinner. Mormonarane meiner som kjent at Gud synest det er greitt med fleirkoneri. Men det er Mitt og ikkje Newt som er mormonar.
   Republikanarane har fleire eksentriske kandidatar, og han som for tida er mest i vinden, er den fanatiske bibelfundamentalisten Rick Santorum, ei slags krysning av Finn Jarle Sæle og Børre Knudsen. I desse dagar leier han over Romney på meiningsmålingane. Enn så lenge. Men ekspertane trur at det er mormonaren Mitt som er den einaste som kan slå Obana i det endelege oppgjeret.
   Religionen til mormonarane er eit underleg ihopekok. For om lag 180 år sidan skreiv amerikanaren Smith ei tjukk bok og påstod at ho var omsett frå eit oldtidsspråk og skrive på gamle gulltavler som ein engel skaffa han. Boka handlar om eit samfunn på austkysten av dagens USA for eit par tusen år sidan og var etterkomarar av ein  utvandra stamme frå Jødeland. På mirakuløs vis hadde dei hamna i "God's own country" der mellom anna Jesus stakk innom rett etter døden og oppstoda, før han slo seg ned for godt i himmelen. Engelen sytte for at gulltavlene forsvann så snart Joseph Smith hadde omsett stoffet til gangbar engelsk: Mormons bok.
   Mens eg studerte i Bergen, vart eg ein dag hukka av eit par venlege ungdomar som ville selje meg Mormons bok i norsk utgåve. Prisen var latterleg låg, og eg slo til. Eg hadde framleis bra plass i bokhylla mi. "Men du må be Gud om å hjelpe deg til å forstå teksten skikkeleg når du les,"  sa dei velmeinande ungdommane.
   Eg hadde så nær spurt om boka var så dårleg skriven at det var nødvendig  med hjelp ovanfrå. Men det sa eg ikkje, eg takka og bukka.
  Boka har kvite permar, og eg tok ho fram og bladde litt i henne her om dagen. Eg treng tydelegvis guddommeleg hjelp for å få utbyte av lesinga. Likevel tykkjer eg at Mitt Romney er den einaste tilnærma normale kandidaten på republikansk side.

tirsdag 21. februar 2012

DEN SØRGJELEGE SOGA OM POSTKASSEN TIL RAGNAR HOVLAND

Me har hatt kulturfestival her i Kvinnherad, og eitt av innslaga var bokbad med forfattaren Ragnar Hovland.  Det første han spurde meg om då me treftest, var om eg hadde noko nytt å melde om den forsvunne postkassen hans.
   Då Sabine og Ragnar bygde seg hus og flytte inn her på berget for om lag tjueåtte år sidan, skaffa dei seg eigen postkasse, dei  til liks med oss andre. Ein pen, grøn og stor postkasse som kunne hyse tjukke manus i  retur. Etter nokre få år flytte Ragnar ut, og Sabine ikkje lenge etter. Huset vart selt, og nye eigarar flytte inn. Men postkassen til Sabine og Ragnar hang att, påskriven med store blokkbokstavar: HOVLAND. I mange og lange år hang han der, til åte for rev og ramn, som eigaren nyleg uttrykte det i eit  avisinnlegg om saka.
   Åra gjekk, og eg la merke til at postkassen etter kvart var smikkfull av reklame, hadde fått stygge bulkar og hang lite grann skeivt. Difor varsla  eg eigaren om den vanskjøtta postkassen og åtvara mot Posttjuven. Han som herja i Todalen på femtitalet, vart sett bak lås og slå med god hjelp frå Vangsgutane etter at han prøvde å stele ein hest på marknad i Trondheim, men som sikkert har sona straffa og kanskje er på frifot att.
   For om lag fem år sidan var Ragnar og kompani i Kvinnherad på turne med Vestlandsrevyen   (ikkje NRK sin, men ein ekte vaserevy med fem lystige vestlendingar). Ragnar gaida dei rundt i bygda, og sjølvsagt var dei på Eikelandsberget, såg  huset som Ragnar bygde i sine velmaktsdagar, og hadde ei stille stund med fotografering ved postkassen hans, som framleis hang på postkassestativet. På scena i kulturhuset same kvelden handla eitt av nummera om det grøne klenodiet, som ifølgje Halvor Folgerø no var kome inn på Unescos verdsarvliste.
   Så langt, så bra. Men ikkje lenge etter var kassen vekke. Ikkje å sjå. Eg varsla Ragnar per elektronisk  brev, og han tok det sjølvsagt tungt. To gonger har han teke opp saka i Innside-spaltene sine i Dag og Tid, siste gongen jamvel med bilete (DoT nr. 4, 27.1.2012). Det var såleis ikkje å undrast at han i spent forventning og blank i blikket spurde meg om eg hadde funne ut meir. Eg sa som sant var, at eg var på sporet.
   Sidan det har eg ikkje lege på latsida. Og no veit eg korleis det gjekk med postkassen til Sabine og Ragnar.  Nei, det var ikkje Posttjuven frå Nordmøre.

fredag 3. februar 2012

KJÆRE TANTE MÅLFRID: TIL LUKKE MED DAGEN!

 1964: Onkel Anders og tante Målfrid kjem heim til oss i juleselskap 


I dag fyller ho nitti år. Denne tanta som eg ikkje er i slekt med reint biologisk, men som gifte seg med onkel Anders det året  eg vart fødd.
   Ein gong sa eg til henne at ho hadde vore minst like mykje tante for meg som systrene til pappa og mamma.
"Ja, eg sku vel meine da!" sa ho.. "Eg he vaska doke i ræva alle i hop, både deg og  syskena dine!" I den flotte heimen din har eg vore høgt og lågt og gjort mykje ugagn opp gjennom åra. Viss eg ikkje har  uttrykt mi takksemd for tantegjerninga di før, gjer eg det no!
   Til lukke med dagen, tante Målfrid!



onsdag 1. februar 2012

ULOVLEG SKIPSLAST

Dette skal òg handle om livet på bryggja i Flekke, men om noko som skilde seg litt ut. På realskulen til Oddleif Fagerheim i Dale kom det elevar frå alle kantar av landet, i alle fall frå dei større byane. Der gjekk dei under strengt oppsyn, og respekten for "Liffen" - kjælenamnet dei  hadde på skuleeigaren - var sterk og ekte. På si side hadde Oddleifen og fru Thora klare og greie reglar og rutinar. Ei av ordningane var at jentene og gutane ikkje skulle reise i lag når dei drog på ferie. For mange av dei byrja ferien med ein tur til Bergen, anten fordi dei kom frå by'n, eller fordi dei skulle vidare derifrå. Så denne gongen eg no skal utdjupe, skulle jentene ta bussen til Leirvik eller Lavik og sognebåten derifrå til Bergen, mens gutane vart sende med dalsfjordbåten.
   Dermed kom dampen sigande til kai i Flekke ein vakker sundag fullasta med vevangelevar som skulle på ferie. Eg undrast på om det kunne vere påskeferie eller sommarferie. Nok om det, her kom det i land både gutar og jenter som hadde gått på båten i Dale! Dei var blide og omgjengelege, helste på flekkingane, fekk ei rask orientering om bygda, ein tur på Flekke kafé og ein prat med skulekameratar frå Flekke. Blant dei var eldste bror min, Arne, som no fekk høve til å presentere minstebroren sin for klassevenene sine.
   Brått kom det ein bil trillande, og ut skreid sjølvaste Oddleif Fagerheim! "Hjelp! Liffen kommer!" skreik dei, og jentene (trur eg) som etter opplegget frå skulestyraren ikkje skulle vere med båten, fauk over landgangen og gøymde seg om bord. Men eit par stykke vart for seine, eg tippar dei sat på kafeen. Dei gøymde seg i busk og kratt ovanfor kaia. Stoda var håplaus. Ikkje kunne dei gå om bord utan å verte oppdaga, og ikkje kunne dei verte att i bygda.
   Oddleif prata jovialt med guteelevane og med bygdefolket, og tykte nok at opplegget hans funka flott. Bak i buskane var det derimot full krise. Men eit par av gutane som hadde mest omsorg for dei ulukkelege jentene, klekka ut ein idé. Dei vende seg til bror min, som var lommekjend både på og kring kaia.  "Du Arne, du må knabbe en båt og ro jentene over på utsiden av rutebåten."  Bror Arne, vel oppseda og rettskaffen, vreid seg: "Eg ha'kje lyst å knabbe noken båt," kvinka han. Men etter eit par rundar med seg sjølv fann han ei råd. Ein robåt vart løyst, jentene kom seg om bord og la seg flate på tiljene i trygg avstand frå utsikta frå bryggja, og båten lurte seg rundt og til hi sida av dampen der hjelpsame gutehender drog jentene om bord.
   Alle var nøgde; ferien var der, dampen fekk ei røys med passasjerar, vevangelevane fekk kose seg i lag utan strenge lærarblikk, Oddleifen kunne dra heim og skryte av opplegget, Arne  fekk båten pent på plass og var dagens helt, og me som var vitne til spelet, vart ei oppleving rikare.

mandag 30. januar 2012

GJENSTRIDIG KALV

Grannebonden Dagfinn bad meg om hjelp med ein oksekalv som skulle på si siste reis med dampen til by'n. Eller like gjerne den første reisa hans. Kalven hadde vel knapt nokon sinne vore utanfor Finn-floren då me kom og la grime på han for å geleide han til bryggja, der dampen no kom ulande og la seg til. Det var sommar og sundag, så me hadde mange tilskodarar.
   Dette kunne ha vore ei fredeleg og ærerik ferd, men kalven ville det annleis. Eit stykke på vegen gjekk det greitt, sjølv om stuteposen ikkje var nokon racer. Men Dagfinn og eg halte og drog, skubba og skjente, så me kom oss steg for steg nærmare kaia. Heilt til kalven fann ut at no er det nok. Då hjelpte det ikkje kor me halte og sleit, lokka og truga. Folkehopen ute på bryggja venta spent. Skipperen på dampen såg på klokka og riste på hovudet.
   Då  tok ekspeditør Audun affære. Han tok tralla som dei trilla varer med, og med sigaretten mellom lippene la han i veg innover mot oss som framleis hadde vona hangande i snøret. Snart  var han inne der me og kalven dreiv og motarbeidde kvarandre, og no var det inga bøn. Me tre karane vippa kalven opp på tralla og fekk han ut på kaia, der beistet fekk seg ein luftetur og kasta eit sårt blikk heim til  Finn-floren før han hamna i lasterommet. Endeleg kunne dampen seie dingelingelinng og leggje frå kai.
   Oddvar'n fortalde om opptrinnnet etterpå og skildra meg slik: "Håret  te Reidar'n sto ende te vêrs, å i enden tå kvert hårstrå  hång da ennj svettedrope!"
   Nett slik kjende eg meg òg.

lørdag 28. januar 2012

FLEKKE KAFE

Sidan eg har kome i skade for å love fleire opplysningar om Flekke kafé, må eg vel gjere det, då. Kafélivet har teke seg monaleg opp att her landet, og kaffistover finn me over alt. Nei, dei heiter ikkje kaffistover lenger, no er det kaffibarar, der dei sel kaffi i hundre ulike variantar. Viss dei har italienske namn, er dei særskilt gjeve. Då fenomenet kafé oppstod, var det ein stad der du kunne setje deg ned og  kjøpe ein kopp av denne vidunderlege drykken. Eg reknar med at me har lånt ordet frå fransk, der café kan tyde både kaffi og kafé. Og om eg no ser på eigne røynsler, må eg tilstå at eg har drukke mange gode koppar kaffi på mange gode kafear.
   I mine tidlege ungdomsår var det haugevis av kafear i nabobygda Dale, så dei hadde visseleg mange kaffidrikkarar. Ja, og i tillegg må der har vore flust opp av folk som kjøpte seg lapskaus istadenfor å gå heim og ete. Dei hadde Firda billag-kafeen, Stjernen og Ungdomsheimen. Og så var der gjestgjeveri og pensjonat. Og du kunne setje deg ned med tebrød og bollar både på Øvste- og Nedstebakeriet. Ei stund var det meierikafe og, viss eg ikkje hugsar feil. Her eg bur no, i Valo (=på Valen i meir offisiell målbruk) bur det vel så mange menneske som det gjorde i Dale for femti år sidan, men kafé har me ikkje. Me lyt koke kaffien vår sjølve, heime på kjøkkenet. Me lyt òg lage til middagen vår sjølv, om me då ikkje går på gatekjøkken på Husnes.
   Men så var det altså Flekke kafé eg skulle skrive om. Marta og Karl hadde huset sitt så å seie nede på kaia der dampen la til. I eldre tider hadde det vore butikk i kjellaren, noko me kunne sjå spor etter om me keik inn glasa. Ved alle nedlagde rutebåtkaiar på Vestlandet ser du spor etter nedlagde butikkar. Oppe på veggen hang det eit pent og instruktivt skilt: Flekke kafé. Når framandfolk prøve å finne kafeen, vart dei litt i villreie. Kvar var døra? Jau, du måtte opp på baksida og banke på, og då kom Marta og Karl og viste deg veg inn i kleven. Så opna dei kjøkkendøra, skubba eit bord bortåt, sette nokre øskjer med snop fram på bordet og spurde kva du ville ha. Eg kan ikkje hugse at eg kjøpte noko anna enn karameller, femøres viss det var knapt med kontantar, tiøres viss eg skulle flotte meg litt. Dixie eller Smørbukk. Knut David assosierte dette snopet så sterkt til Marta og Karl at han på spøk kalla dei for karlameller. Ein hende gong tok eg meg råd til ei lita flaske brus. Denne nymotens brunsvarte brusen som no var å få, kalla Karl for Kosakola. Stort sett var det slike menyar me ungar satsa på. Vaksne karar kjøpte lagerøl, noko me såg på med skrekkblanda fryd: Verte dei fullje, skatru? Eg har høyrt rykte om at folk til og med kjøpte seg speilegg. Men viss nokon som les dette, har kjøpt andre retter, tykkjer eg dei bør leggje inn ein  kommentar, slik at biletet vert komplett.
   Ikkje le av Flekke kafé, slik utanbygds verdsvane gjester kunne finne på. Når dampen la frå kai og folk rusla derifrå, kanskje for å treffast med ein kopp kaffi i ei stove, gjekk nok me yngre inn i kleven til Marta og Karl, kjøpte vår karamell og kanskje ei lita brus, og så sat me lunt og godt og let praten gå.
   Det var nett det me trong der og då.

mandag 23. januar 2012

DAR KJEM DAMPEN

Me her vest har to fedrelandssongar. Den eldste og beste heiter Nordmannen, men me seier helst Mellom bakkar og berg. Den andre er like god og heiter Dar kjem dampen.
   Dette med rutebåten og vestlendingen var eg innom i går. I dag må eg nesten skrive meir om dampen, og atter ein gong går tankane til barndomsbygda Flekke, som miste rutebåten for vel førti år sidan. For ordens skuld: Her sleng kanskje ein og annan ung lesar innom sida mi som ikkje har fylt seksti eingong. Dei treng ei presisering: Dampbåtar var ikkje lenger vanleg ved bryggja heime, og heller ikkje ved andre bryggjer på femti- og sekstitalet. Men av gammal vane sa alle dampen, jamvel om det lukta diesel og solarolje frå maskina, og røyken frå skorsteinen var sparsam. Så veit du det.
   Dampen seig inn Flekkefjorden fleire dagar i veka, men det var om sundagane han var mest populær. Når folk hadde ete middag og strekt seg ei stund på sofaen, rusla dei på kaia, alle som ein. Og dar kjem dampen! "Her kjem eg!" signaliserte han med eit langt, mandig ul. Roleg og sindig som fjordagampen la han seg til kaia, fekk trosser og landgang på plass og starta opp vinsjen. Så var det å få mjølsekker og posten på land, kanskje òg ein sofa eller ein motorsykkel,  og så heiste dei slakteferdige oksekalvar og utmjølka kyr om bord. Dei fekk seg ein luftetur med vinsjen og hang og dingla ei stund høgt til vêrs med eit teppe under magen og sende forundra blikk til oss som stod på land. Stundom dukka det jamvel opp ein passasjer eller to, men i velmaktsdagane mine reiste me helst med buss til Sogn og tok MS Sognefjord.
   Etter ein times tid sa dampen farvel med ein serie bjølleslag: DING... DING...DING... DINGELINGELINGELINGELINGELIN... DING ... DING .....DINNNG og seig vørdeleg ut på fjorden og forsvann på vegen til nye bryggjer, nye folkemøte. Dar for dampen!
   Att stod me og let praten gå. Nokre avtalte nonsbesøk etter at Torkjell hadde sortert og delt ut posten, andre stakk opp på Flekke Kafé.
   Kafé i Flekke? Den lyt eg nemne i neste blogg.

søndag 22. januar 2012

TEK DU BÅTEN FRÅ EIN GJENNOMSNITTS VESTLENDING

... skreiv ikkje Ibsen om, men han burde ha gjort det. Han kunne ha skapt eit høgreist skjebnedrama, ein tragedie som hadde gjort han endå meir udødeleg, iallfall i kyst-Noreg.
   Å miste rutebåten er som å ta vekk litt av sjela vår. For nokre dagar sidan gjorde fylkesrådmannen seg tankar om å spare nokre millionar ved å fjerne snøggbåttilbodet mellom Bergen og Sunnhordland. Politikarane greidde å kvele ideen ved fødselen, ære vere dei for det. Hadde dei ikkje gripe inn, ville me ha fått eit folkeopprør her i Sunnhordland som ville fått sjauen i Egypt i fjor til å minne om eit landsens syttandemaitog.
   For ein del år sidan miste Sunde ferja. Rett nok vart det bygt nytt ferjestø i Opsangerneset, så det var ikkje det aller verste som kunne skje. Men for sundebuen var det eit hogg mot hjarteregionen. Kort tid etter følgde snøggbåtane med. Så miste me Os-båten her i ytre Kvinnherad for at indrelutarane skulle få eit båtsamband med Bergen. Det hjelpte ikkje kor me gret og skar tenner her i ytre luten.
   Verkeleg stormfullt vart det då ferja slutta å gå om Opsangerneset då Halsnøytunnelen kom. Det nye ferjestøet ligg der som ein diger parkeringsplass. For snøggbåtane går der enno, gudskjelov, og no har pendlarane god plass til bilane sine der på kaia. Så litevetta godt har det sive ut av det fælslege ferjerovet.
   Hin dagen laut ferja gå dit, sidan Halsnøytunnelen vart stengd i nokre få timar. Hadde me vore litt vakne, burde me ha mobilisert mannskoret (som ligg på sotteseng), skulekorpset og trekkspelklubben og teke imot henne med fagnad og flagg.
   I staden får me halde eit auge med fylkesrådmannen.

lørdag 21. januar 2012

MEININGA MED LIVET

No dreg eg det for langt. men det er av og til lurt å ha ei fengjande overskrift når det ein skriv, er tull og vas. Eg skriv likevel, så får du sjølv avgjere om dette har noko med overskrifta å gjere.
   Eg avsluttar hermed - i allefall for overskodeleg framtid - serien om bortkasta og unyttig lærdom. Men først vil eg nemne litt om ein altfor lite påakta roman frå 1985,  "Professor Moreaus løyndom" av Ragnar Hovland. Det er litt av ein røvarroman, eit herleg samansurium av galne påfunn. Mot slutten av boka kjem hovudpersonen kaptein Margalo fram til professor Moreau og får oppleve den fantastiske oppfinninga hans. Det er ei diger maskin, seks meter høg og tolv meter lang, samansett av "fleire tusen delar som eigentleg ikkje hadde noko med kvarandre å gjere, men som likevel greip fullkome inn i kvarandre."  Så får me ei opprekning av nokre av dei merkelege komponentane, alt frå ein egyptisk mumie, ei symaskin, femti munnspel til ei rad med cockailglas. Professoren startar maskina, ymse figurar livnar til, og det kjem ut ei rad ulike lydar, lys og fargar. Kaptein Margalo er mållaus, gripen av ein eufori. Poenget med maskinen, fortel professoren, er at ho er totalt nyttelaus. Rett nok kan ho mikse herlege drinkar, elles kan ho ikkje brukast til noko som helst. Bortsett frå å sjå på. Og ei slik flott verdsmaskin som er utan ein kvar nytteverdi, er så farleg for stormaktene at dei set alt inn på å få henne øydelagd.
   Tilbake til røynslene mine med unyttig og bortkasta kunnskap. Eg gjev til slutt ordet til den kloke storebroren min, som skreiv i ein kommentar: "... det er noko som kallast "livsvisdom", og som er samansett av nyttige og unyttige element i komplekse strukturar."
   Sant nok, Steinar!

onsdag 18. januar 2012

MEIR UNYTTIG TULL

Eg må snart gje meg med dette pratet om unyttig lærdom. Eg har mange moment på lista mi som eg ikkje skal utdjupe. Eg seier berre at hadde det ikkje vore for at eg vart lærar i fleire meir eller mindre unyttige fag, kunne eg nemne:
- Gammalnorsk. Eller norrønt, som me vande oss til å seie på universitetet. Eller gammalislandsk, som islendingane meiner er den rette nemninga.
- Litteraturkunnskap.  Kva skal me vel med dette? Ikkje nok med at eg har lese mengder med oppdikta historier om havet, kjærleiken, døden og meininga med livet. I tillegg har eg forsøkt både å lære meg sjølv og å lære andre korleis desse tullehistoriene skal tolkast.
- Fransk. Det har eg nemnt før. No har eg faktisk fått bruk for språket, ikkje berre fordi eg vart fransklærar, men fordi franskmenn helst snakkar og skriv fransk. Hadde dei gjort som engelskmennene og halde seg til engelsk, hadde me sloppe dette. Aller helst burde dei ha gjort som sunnfjordingane, snakka sunnfjordmål og skrive nynorsk. Hadde dei berre gjort det, hadde fransken vore heilt unødvendig og bortkasta. Men den gong ei.
- Historie. Det har eg forklart og grunngitt før.
- Shakespeare. Han måtte me lese om og av på gymnaset. Jau, eg fekk bruk for dette ein gong: eksamen på engelsklinja på Firda i hine hårde dage.
- Avlyd.
- Werners lov.
- Weber-tesane.
- Spinoza.
- Meininga med livet.
   No begynner det å gå rundt for den gamle bloggaren, god kveld! (Nei, du tek feil: Eg er klin edru!)

mandag 16. januar 2012

GERUNDIUM OG GERUNDIV

Denne latinen som eg skreiv om sist, fortener ein ekstra bloggtekst. Trass alt kosta det meg litt strev og møye å ta den eksamen. Så sjølv om faget var bortkasta og unyttig, må eg kunne bruke det til bloggmat.
   Då eg kjende på kroppen og såg på kalenderen at eksamen nærma seg, fekk eg farten opp på lesinga og pugginga. Eg tapetserte innsida på hybeldøra mi med store papirark der eg hadde skrive opp mønster på bøying av verb og substantiv i alle slags deklinasjonar og konjugasjonar. Så kunne eg stå der og høyre meg sjølv kvar gong eg skulle ut på do, ut etter kaffivatn eller ut på by'n. Det var ein kvisthybel som mange andre; me laut på gangen og bort ein lang korridor for å gjere vårt fornødne eller hente vatn. Kaldt vatn. Skulle eg ha varmt, måtte eg verme det på plata. Dette var ikkje så verst etter 1965-standard: Kamerat Roald laut gå frå kjellaren og til tredje etasje for å få gjort frå seg. Då eg budde på Radøy som erstatsningslærar, laut eg gå ned trappa, ut på garden, rundt skulehuset og inn på utedassen der.
   No må eg ikkje gløyme at dette skal handle om latin. Siste par dagane før eksamen sette eg meg ned i lag med Dagfinn og Roald, to gilde nordfjordingar som eg begynte å studere i lag med. Me samarbeidde oss gjennom tekst etter tekst, omsette og kommenterte kvar minste grammatiske snurrepiperi og kjende kor motet voks. Ein av dei aller siste tekstane me greip tak i, var eit stykke frå De bello Gallico av salige Iulius Gaius Caesar. Midt i forteljinga om dei underlege gallarane som han kriga med, dukka det opp eit snurrig uttrykk. Me vart samde om at dette var ein gerundiv. Så viss me får dette til eksamen, skriv me at det er gerundiv, sa me i kor.
    På eksamen fekk me stykket frå De bello Gallico. Me gneid oss i hendene, for dette kunne me. Me omsette, kommenterte og synte at me kunne meisle ut nokre setningar på latin som ei omsetjing frå ein kort, lett norsk tekst.Men då eg kom til den før omtalte grammatiske nøtta. fekk eg anfektelsar. Eg drog i tvil vurderinga vår frå kvelden i førevegen og bestemte meg for å skrive at det var gerundium. Så då skreiv eg det, grunngav og leverte inn.
   Etterpå hadde me ei lita oppsummering oss imellom. Då tilstod eg at eg hadde skrive at det var gerundium, ikkje gerundiv, og at eg hadde gode grunnar for å meine det. "Kva!" ropte Dagfinn og Roald og skulte stygt. "Var vi ikkje einige om å skrive gerundiv?"  Eg vart skulda for å vere usolidarisk og det som verre var. Eit ord er eit ord, ein mann er ein mann.
   Me greidde eksamen, alle tre. Rett nok var Roald frykteleg bange, for han meinte at han hadde kome i skade for å bøye posse feil.
   I så fall var det ikkje min feil.

torsdag 12. januar 2012

UNYTTIG LATIN

I serien min om bortkasta innsats på unyttig lærdom er turen komen til latin. Her har eg solid støtte i klassisk norsk litteratur. Alexander Kielland tok nærmast livet av ein sympatisk ung mann for å prove at latinen var livsfarleg: "Mensa rotunda," svarede lille Marius og døde. (Romanen Gift, kap. 7.)
   Eg gav meg i kast med filologistudiet hausten 1965, og opplevde at første året stort sett skulle gå til nokre førebuande fag: filosofihistorie, psykologi, logikk, fonetikk, språkvitskap og latin. Me prøvde å bille oss inn at alt dette var hyggjeleg og nyttig, og me deklinerte og konjugerte etter fattige evner. Kvart einaste jævla verb kunne finnast i om lag 140 ulike former. Og dette ettertrakta verbet dukka ofte ikkje opp før mot slutten av setninga. At romarane var eit utspekulert og vondskapsfullt herskarfolk, er velkjent. Og språket dei tok med seg og prakka på dei undertrykte folka, var ein svært utspekulert torturreiskap. Ikkje berre det, på same vis som arvesynda har det heimsøkt mange generasjonar i ettertid, berre endå verre enn omtalte synd, som kun skulle gå i tre-fire ættledd. Jamvel me, opp i det høge og frie Nord, som slapp åket frå romarane, laut kjempe med språket deira om ein ville opp og fram.
   Eg var nett akkurat så gammal at eg ikkje slapp unna, men kort tid etter min eksamen, avskaffa dei den obligatoriske latinen for filologar. Dei som styrte på haugen, oppdaga brått kor unyttig og bortkasta denne kunnskapen var.
   Så kunne eg nok seie med Per degn at eg ikkje ville unnvere latinkunnskapane mine for nokon pris. Det er berre det at mesteparten har hamna i den ovtjukke gløymeboka, saman med store mengder av alt det andre eg har prøvd å lese eller lytte meg til fram gjennom åra.
   Eg hadde ein inspirerande, flink lærar på begynnarkurset i latin. Han begynte kvar førelesing med eit latinsk ordtak. Somme av dei var både festlege og tankevekkjande. Oportet nos omnia nescire. (Hugsar eg rett no?) Då eg var heime på juleferie og snakka om mine nyvunne latinkunnskapar med døme frå slike ordtak, vart bror Arne interessert. Han delte lærarrom med soknepresten, som likte å slå om seg med ymse sitat, gjerne på latin. "Eg må lære nokre slike så eg kan dupere presten," sa han. Til dømes ordtaket som eg nett har sitert.
   Det er rimeleg at me ikkje veit alt.