Viser innlegg sorter etter datoen for søket nordanger. Sorter etter relevans Vis alle innlegg
Viser innlegg sorter etter datoen for søket nordanger. Sorter etter relevans Vis alle innlegg

lørdag 24. oktober 2026

KATARSIS OG SYNTESE

Aristoteles var ein vismann som mellom mykje meir gav oss ein modell for framdrifta i ein klassisk tragedie, og for den saks skuld fasar me kan gjennomgå i livsofsen. Han viste til ein tredelt prosess: hybris-nemesis-katarsis. Mennesket - eller den tragiske helten - gjer seg skuldig i overmot, hybris. Gudane straffar overmotet med ein mørk lagnad, nemesis. Dette kan ende i ein reinsingsprosess, katarsis, som fører til noko betre og edlare. 

Godt og vel to tusen år seinare kom Hegel med ein modell som liknar: dialektikken. Ei utsegn, eit tilhøve eller ein tilstand (tesen) møter si motsetning (antitesen), og endar dermed i ei høgare eining (syntesen). 

Kva har så dette med meg og bøllefrøsoga å gjere? Me kan sjå på Aristoteles først: Mitt overmot var den tilstanden eg var inne i då eg var ferdig med gymnaset og meinte at verda låg open og at alt var mogeleg. Altså hybris. Så viste det seg at alt ikkje var så lett, eg vart forbigått og fekk ingen lærarjobb på Flekke skule. Nemesis. Men eg hadde sendt fleire søknader og vart tilsett på Nordanger skule på Radøy, eit par timars tur frå Bergen by. Katarsis. For det viste seg å vere eit lykkeleg val. Eg budde i ei romsleg, billig leiligheit på loftet i skulehuset, koste meg med kjekke skuleborn, fekk nye vener, god råd (tykte eg) og rimeleg kort veg til Bergen, der eg hadde massevis av slekt og vener, til dømes tidlegare skulekameratar som no studerte på universitet. Det vart nokre byturar, og det vart gjenvisittar frå by'n til Nordanger. Eg fekk smak på både bergensmiljøet og studentlivet. Så då eg sa farvel til Radøy, visste eg at eg skulle immatrikulere meg og gje meg i kast med filologien ved Universitas Bergensis.

Svært forenkla kunne Hegel kanskje ha stilt opp eit dialektisk skjema slik: Tesen: Søknad Flekke skule. Antitesen: Avslag på søknaden. Syntese: Jobb på Nordanger skule.



I morgon skal eg drøfte i kor stor grad eit smededikt frå Harald Kjølås fekk avgjerande verknad på livsvegen min.


søndag 6. september 2015

OMVEND HUSJAKT

Som forklart i går, eg søkte ikkje etter hybel i Bergen for femti år sidan, det var eg som vart oppsøkt. Og slik har det vore for meg dei fleste gongene. Til dømes var det eit lærarhusvære i skulehuset på Nordanger, og det var knapt nokon diskusjon om eg skulle bu der eller ikkje, det året eg var der som lærar. Det var berre å flytte inn og begynne å bu.
   Hausten 1967 flytte tre av kompisane mine inn i eit husvære oppe på Lægdene i Bergen by.  Utpå hausten flytte ein av dei ut av ekteskaplege grunnar. (Nygift.) Og eg som framleis etter godt og vel to år budde på kvisten i Tartargaten 16, fekk klar melding frå dei to andre at no måtte eg flytte inn istadenfor den nygifte. Der oppe var det mykje meir komfortabelt enn på kvisten; me delte eit romsleg kjøkken og bad med både dass og dusj. Til gjengjeld var det nok litt dyrare, og no var det altfor langt å gå til Sydneshaugen på lesesal eller forelesingar.
   Det kunne vere mykje å fortelje om tida på Lægdene. Men eg hoppar eit år fram og presenterer den neste etappe i bustadhistoria. Bror Steinar og Olemann, ein felles ven av oss, hadde fått kloa i eit husvære like ved Fløybanen. Ei dobbel stove, eit separat soverom, kjøkken med kjøleskåp av alle ting, bad, gong og kjellarrom. Dei to karane påla meg å flytte inn saman med dei, for det vart litt dyrt for berre to. Eg aksepterte på vilkår av at eg fekk soverommet. Dei andre to låg i den romslege spisestova, om eg ikkje hugsar feil.
   No var det kort veg til sentrum og Universitetet, og endå kortare til ho som eg på det tidspunktet var ringforlova med (og som eg no har vore gift med i 46 år!)
   Men sidan me to gifte oss utpå våren, ville me bu for oss sjølve, og då laut eg søkje på Fantoft. Ei kurant sak; då neste semester byrja, var me på plass i E-blokka, som var nesten ny og topp moderne.
   Og kva hende då me hamna på Husnes i 1973, der eg hadde fått lærarjobb? Kommunen opna dørene for eit nybygd rekkjehus med hage, berre å flytte inn.
   Men då me flytte ut derifrå etter ti år, laut me byggje oss hus sjølve. Her på Valen. Bortsett frå det har husværa stort sett søkt meg som leigebuar, ikkje omvendt.

onsdag 5. november 2014

AMERIKA - AMERIKA (1)

Jau, bror Reidar har vore i Amerika! Og han har dokumentert det i søkk og kav via 30 velskrivne blogginlegg, som det sømer seg ein pensjonert lærar. No veit ikkje eg om han skreiv dagbok eller i det minste gjorde notatar dei 6 vekene han var borte, men 50 år er ein monaleg tidsepoke, mykje har hendt og mangt vil det vera å minnast. Går me endå 50 år attende, er me i 1914, det året papen vart fødd, bestefar vår motviljug drog heim til gamlelandet for å gifte seg og ta over farsgarden, og skotet i Sarajevo som utløyste første verdskrigen var enno ikkje avfyrt.

Her heime var me i 1964 midt i ei brytningstid: På garden heime vart den nye driftsbygningen teken i bruk, traktor og siloslått avløyste kilometervis med hesjar og det vart god plass til turrhøyet, det som før var til hovudbry korleis ein skulle få det i hus.

Men no var det Amerika som var temaet, ikkje slåtten og turrhøyet som bror Reidar slapp unna denne sommaren. No var det ikkje noko særsyn at Flekkingar hadde vore i Amerika. Før er nemnt bestefaren på »Ilkjen», men både Berenten på Vellereina og Johannesen i Gara, og ikkje å gløyme Jørgina «Ovaihogja» hadde vore der. Jørgina fekk tæring og kom heim att for å døy. Ho var ei tid på Luster Sanatorium, og levde sidan i beste velgåande til ho døydde 50 år seinare.

På biletet sit Jørgina midt i baksetet, bestefar Peter med krosslagde armar i framsetet– dei hine er ukjende.

Det var ikkje fritt at me var litt nyfikne etter å høyra korleis bror Reidar hadde hatt det i Amerika. Han har nemnt at han kom heim i kvite sokkar, og at det vekte noko åtgaum, men no var det derimot ikkje mote å stille med hatt, slik biletet viser at det var 50 år før. Litt likskap med Daniel Davidson som Jakob Sande hadde sendt ut i verda, var det nok – begge hadde utvilsamt mykje å fortelje. Reidar hadde dessutan kjøpt seg fotoapparat og kunne dermed levandegjera mykje av det han hadde sett – endåtil på ljosbilete i fargar, det høyrer me ikkje at Daniel hadde rådd seg til.  
Så hadde han skaffa seg ein platespelar. Men medan me har 230 volt har amerikanarane 110 volt straum, derimot har dei ein frekvens på 60 medan me har 50. Korleis fikse platespelaren til å gå med rett fart? Om Reidaren kom på det sjølv, som berre har engelslina på gymnaset, eller om andre som har reallina visste råd, veit eg ikkje, men ved hjelp av ei serie-kopla lyspære med høveleg styrke vart det lyd i heimen og på hybelen.

Reidar hadde hatt meir enn lang nok ferie, og tok til i lærargjerninga 14 dagar etter skulestart ved Nordanger skule på Radøy. Hybel hadde han i skulehuset, så skulevegen vart enno kortare enn ved barneskulen heime. Det var sikkert godt etter den lange Amerikaturen….

søndag 8. januar 2012

SKJØNNSKRIFT

I serien om den unyttige lærdommen eg har slite med ut gjennom livet, vil eg ta for meg skjønnskrift. På Flekke skule lærte me å skrive, javisst. Skrivereiskapen var eit kapittel for seg: Pennhaldar, stålpenn, blekkhus med blekk, dyppe pennen i blekkhuset og føre han over papiret utan å søle for mykje. Bruke trekkpapiret med faste mellomrom, og ikkje ha att skriveboka før blekket var turka. Eg lærte det så nokolunde, men ein del småflekker og undødvendige blå strimer vart verande i skriveboka og let seg ikkje viske vekk med særleg hell.  Denne kunsten er det lenge sidan eg har hatt bruk for. I nostalgiske stunder drøymer eg nok om å kunne skrive på denne måten, men det er bra at eg heller kan skrive på maskin: Av omsyn til dei som skal lese. For det var ikkje nok finmotorikk i fingrane mine til at eg nokon gong fekk meir enn Godt i skriving på barneskulen. Og særleg betre er det ikkje i dag med den tamen.
   Men skrivekunsten skulle førast vidare, me skulle skrive vakkert. Her var det at eg mislukkast, om ein då ikkje roar seg med at karakteren Godt er godt. Skrivetimane på skulen var forresten ikkje så verst. Me fekk utdelt skrivebøker med noko som likna notelinjer, og det stod ein tekst me skulle kopiere. Annakvar remse med hjelpelinjer var blank, og der skulle me skrive. Linjene skulle hjelpe oss til å halde rett dimensjon på bokstavane. Eg skreiv og skreiv, og lærar Årøy kom med ei ny skrivebok når eg hadde skrive ut den gamle.
   Men dei tekstane me skulle skrive av, var slett ikkje dumme. Diktet "Då Olav lærde lesa" frå Storegut av Aasmund Olavsson Vinje var ein av dei. Då eg hadde skrive ut ei mengd skrivebøker, kunne eg diktet så godt som utanåt. Ein del sit att framleis:
   "Dei seier at tidi ho lid og ho skrid og fram mot eit betre seg søker. Min ungdom fall inn i ei underleg tid då fyrst upp til oss det kom bøker" ... "Ei bok var ei æra, eg minnest det tidt, i høgsetet sat ho som gjesten..."
   Og meire til. Det kom altså noko ut av skrivetimane. Det som ikkje hang att, var skjønnskrifta. Den lirka eg og lempa eg på i åra som kom, men skjønn vart ho aldri.
   Nokre år seinare stod eg faktisk på Nordanger skule på Radøy og underviste i skriftforming. Ikkje le, eg laut berre ta det som kom i denne sjetteklassen eg hadde hovudansvaret for. Det einaste eg slapp unna, var rekning og sløyd. Eg doserte både bibelkunnskap og song med dei. Men dei hadde ikkje skjønnskrift, dei skulle skrive formskrift. Eg apa etter mønsterbokstavane av fattige evner og viste dei på tavla, og ungane klaga ikkje.
   På timeplanen stod det skriving, men mesteparten av innsatsen min  i skrivetimane gjekk til høgtlesing. Eg las høgt frå barnebøker eg sjølv hadde likt då eg var unge. Halvor Floden, Ragnvald Vaage og meire til. Reine gutebøker som eg hadde likt, gjekk ikkje godt. Då protesterte jentene. Det laut vere bøker som handla om både jenter og gutar. Der lærte eg noko. Så der sat eg bak kateteret og las, mens dei små balte og forma bokstavar i skrivebøkene sine. Stundom datt pennen ned og munnen opna seg når forteljinga vart altfor spennande.
   Skrivetimane var av dei kjekkaste timane me hadde. Og så lærte eg litt formskrift.

tirsdag 12. oktober 2010

KVIT SKJORTE OG SLIPS

Eg putla med nokre gamel bilete og møtte meg sjølv som skulemeister og nittenåring på Nordanger skule på Radøy. Eg legg merke til at eg faktisk har kvit skjorte og slips på meg under den fine jakka som mamma har spøta.
   Nei, kvit skjorte og slips har aldri vore arbeidshabitten min. Langt ut på syttitalet og sikkert endå lenger var det ein heil del lærarar på vidaregåande skular som dressa seg svært opp når dei gjekk på jobb. Iallfall på det som før i tida heitte gymnas. Dei var jo lektorar eller til nød (slik som eg) adjunktar. Dei var med i Embedsmennenes landsforbund. Dei var embetsmenn. På sett og vis er eg ein av dei siste embetsmennene, om vi set godviljen til. Etter tre år som lærar eitt år i slengen var det departementet som i 1976 tilsette meg som adjunkt på Kvinnherad gymnas. Men det trur eg var siste året at departementet hadde det endelege ordet. Sidan den tid har fylka fiksa denslags sjølve. Og no er det fleire år sidan me vart utelukka frå statleg tariffoppgjer og flytte over til KS.
   Men kvit skjorte og slips vart ikkje uniforma vår på Kvinnherad gymnas. Rektor Leiv Døssland gjekk støtt i blå busserull, og dei fleste av oss andre gjekk nokså halvkvardagsleg kledde. Slik har me halde fram. Skulen miste forresten den akademiske dominansen etter få år. Det vart ein kombinert vidaregåande skule med eit breitt spekter av både lærarar og elevar. Også i klesvegen. Dressar ser me lite til.
   Men kvifor går den unge jyplingelæraren på Nordanger med kvit skjorte og slips? Sanninga er at biletet er arrangert. Bror Steinar besøkte meg denne helga, og no er det sundag. Det er berre oss to i klasserommet. Det med kleskodane på femti- og tidleg sekstital fortener nokre ord. Me stasa oss opp med kvit skjorte og slips både laurdags kvelden viss me skulle på dans, og om sundagane. Det var helg. Helg var noko anna enn kvardag. Til og med me unggutane dressa oss litt opp då.
   Men eg gjekk trass i alt med strikkejakke denne sundagen.

søndag 10. oktober 2010

STRÅLANDE HAUSTTUR

Eg hamna på Nordanger skule nordaust på Radøy hausten etter at eg var ferdig på Firda gymnas. Eg var erstatningslærar, som det heitte. Mange i min generasjon hadde ein liknande karriere. Slett ikkje alle hadde såpass som artium, så eg vart ikkje møtt med så stor skepsis som eg burde ha fortent.
   Første veka i oktober hadde me månadslov både laurdagen og måndagen, og eg hadde lyst heim til Sunnfjord ein tur. Det var ikkje så enkelt. Viss eg tok buss og båt til Bergen for å hive meg på sognebåten, måtte eg skofte mesteparten av dagen. Men det dukka opp ein ide, eg hugsar ikkje om det var min eigen. Eg kunne borde Sognefjord oppe i Nordhordland. Eg skreiv brev til selskapet, og jau! Eg kunne ta ein lokalbåt frå Radøy til Rongevær, og då hadde eg god tid til å borde. Eg måtte innfinne meg ute i leia på eit oppgjeve klokkeslett. For dei som ikkje har vore med på slikt og knapt har reist med ein fjordabåt: Når du bordar, går du om bord i ein båt frå ein annan i open sjø.
   Når eg sit og skriv om dette no, kjem det seg sikkert av at me har haustferie og eit strålande vêr, nett slik som for førtiseks år sidan då eg fekk gamlelæraren på Nordanger til å køyre meg bort i Valdersneset til nordgåande damp då skuledagen var slutt fredagen. Så tøffa me langs strendene, så tøffa me langs land og rakt til havs, der eit solbada og haustfarga Rongevær dukka opp i synsranda. Det er ei klyngje med små og større øyar nord i Austrheim. Der rutebåten la til, var det ein butikk og ein huskrull. Eg rusla inn på butikken og spurde om råd: Om dei visste om nokon som kunne skysse meg ut i leia når sognebåten var ventande? ”Du lyt spørja han der borte!” sa dei og peikte på ein eldre kar i ein liten motorbåt ved kaia. Eg så gjorde, og det var ikkje nei i hans munn. ”Men fyst so gar me heim te kåno å fær oss kaffi, Sognefjord e’kje ventandes på ei goe stond,” la han til. Så vart eg med han over til naboøya, der kona med undrande blikk såg at kallen hennar kom til tuns med ein framandkar. Kaffi og kaker fekk eg, hyggjeleg og venleg var drøsen, dei hadde vel ikkje framanfolk innom dørstokken kvar dag, vil eg tru.
   Og då tida og timen var der, reiste kallen seg, henta huva og tok meg med ned i støa. Me hadde god tid der me låg og venta på Sognefjord, og imens heiv gubben ut snøret og halte opp ein fisk eller to. Der kom Sognefjord majestetisk sigande i den glitrande kveldssola, sakka farten og fekk signal frå oss, og opp ein leider kleiv eg då eg hadde betalt for meg og sagt farvel til skysskaren. Fem kroner foreslo han, men eg gav han ti. Eg trefte kjentfolk om bord, og sjølvsagt undra dei seg over at eg kom stigande rett opp frå havet, så å seie.
   Av alle turar eg har hatt, er dette ein av dei mest eventyrlege. I alle fall blenkjer han i minnet.

mandag 13. april 2009

SLUTT PÅ PÅSKEFERIEN

Det er litt vemodig. Tore drog tidleg til Bergen i dag og ville vere på plass i god tid på Brann-kamp mot Tromsø. I skrivande stund har det vore ein katastrofe for Brann: 1-4 til Tromsø. Mange har funne det høveleg å minne om at det er den gamle tromsøtrenaren som no er trenar for Brann. 
   Dagen i dag har vore vakker, men me har ikkje kome oss langt frå heimen likevel. Før middag var me ein del i hagen og stelte. Eg har ein aksjon kvar vår med å reinske opp løvetann frå plen og bed. Og me har sesongdebutert med utegrilling: laksefilet. I morgon er det arbeidsdag, og eg tippar at ungane begynner å tyte om utetimar viss vêret held seg. Det får dei ikkje.
   Vêret i påska har vore så passeleg. Men eg trur det var endå verre i 1965 - den påska du kan sjå nokre bilete frå i albumet med nostalgiske lysbilete (interessant berre for slekt og flekkingar). Det året var eg lærar på Nordanger skule på Radøy i Nordhordland. På vegen tilbake til Radøy andre påskedag skein det omsider opp. Og så var det godvêr heilt til skulen var slutt og det var ungdomsstemne i Flekke omkring 19.-20. juni. Då slo det til med grisevêr. Godt for vassforsyninga på kjøkkenet og dassa i ungdomshuset, men lite godt for stemneavviklinga. 
   Då stemna var vel og vakkert over, skein det opp att, og det vart ein skikkeleg solskinssommar.