Ein gong i tida brukte eg eit år av livet mitt for å tene landet, som dei sa, på Bodø flystasjon. Det var ikkje særleg frivillig, men eg gjorde vel det beste ut av det.
Første halve året hadde eg ansvar for å halde greie på ymse tilhøve ved alle flyplassane i Nord-Noreg, og opplyse om det var noko som ikkje var heilt i orden. Nei, eg for ikkje rundt og sjekka, eg innhenta opplysningar frå fjernskrivaren, redigerte i hop det som var av interesse og rapporterte til militærflygarane. Produktet heitte NOTAM, og tydde Notice to Airmen, ei av dei uendeleg mange forkortingane i militærspråket.
Kvar morgon klokka åtte var det briefing på møterommet oppe i andre etasje på Ops'en (ny forkorting, for operasjonsrommet.) Alle flygarar som skulle opp i lufta om dagen, sat sessa i salen, pluss nokre sjefar, deriblant til vanleg stasjonssjefen. Eg orienterte, peikte på kartet og forklarte. Det tok vel fem minutt, kanskje ti.
Men før eg slapp til, var det ein stillferdig kar i gråblå lagerfrakk som fekk ordet. Han var sivilist og jobba på "metten" i Bodø. Den saktmodige mannen orienterte om vêret i landsdelen, noko som flygarane var svært interesserte i. Sjølv om meteorologen og eg treftest så å seie kvar yrkedag i eit halvt år, vart me ikkje særleg kjende med kvarandre. Nokre kvardagslege ord fall det kanskje.
Fleire år seinare dukka han brått opp på fjernsynsskjermen, og resten veit me. I går døydde Vidar Theisen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar