lørdag 25. august 2012
KONTIKI PÅ NORDMØRE
Eg må vel av garde og sjå den oppskrytte og storslåtte filmen, eg òg. Boka om Kontiki-ferda var ei av mine store lesaropplevingar i ungdommen. Ei slik eventyrleg sjøreise var noko som appellerte til gutefantasien. Eg skreiv jamvel stil om boka, anten det no var på realskulen eller gymnaset.
Sjølv om eg hadde aldri så god lyst, kom eg ikkje så langt i livet at eg kopierte Thor Heyerdahl og kompisane hans. Men det gjorde Larris og Vangsgutane! Dei var i Oslo ein gong midt på femtitalet, og der fekk dei sjå Kontiki-flåten. Då dei kom heim att til Todalen på Nordmøre, gjekk dei straks i gang med å byggje seg ein flåte med hus på, og så drog dei på ein farefull ekspedisjon ned elva til Øra for å finne ut om det budde folk der nede. Hallstein Breiset sponsa dei med materialar til flåten, og Sterk-Ola Bakken hjelpte til med å få fartyet på vatnet. Undervegs vitja dei Eirik på Holmen og tok på seg å frakte sopelimar for han ned til handelsmann Nordvik. Om bord oppstod det skarpe konfliktar mellom eit par av ekspedisjonsdeltakarane, nett som i Stillehavet, og begge stader fall det ein mann overbord og vart redda.
Ferda ned Todalselva var vel så vellukka som ferda til Heyerdahl. Han prova nok at det var mogeleg å segle på ein ussel treflåte frå Sør-Amerika til dei polynesiske øyane, men han prova ikkje at det var såleis desse øyane vart folkesette. I dag finst det rikeleg med prov på at han tok feil i hovudhypotesen. Derimot fekk Larris og Vangsgutane rett: Det budde folk på Todalsøra.
Skal tru kva tid filmen om denne vågale ekspedisjonen kjem?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar