lørdag 18. august 2012
KULTURENS SIGER OVER NATUREN
Som den evige optimisten og kulturpersonen eg er, lèt eg meg ikkje knekkje av nokre skarve spanske sniglar. Eg forstår forresten ikkje korleis iberiasniglane kan ha greidd seg på den turre og heite Pyrenearhalvøya, der dei visstnok har sitt opphav. Her på berget kjem dei helst snikjande fram etter at sola har gått ned, og det kjem eit kjølegare drag i lufta og dogg på bakken. Dei har vel rømt frå det kriseramma, brennheite Spania og funne ut at Noreg både har snigleklima og gode velferdsordningar.
Skvåsjen er ein velsigna kulturplante når du først får han i skikkeleg vekst. Men i fjor gjekk det ille. Sniglane kom stormande så snart eg hadde plassert dei forkultiverte plantane ut i bedet sitt. Etter nokre dagar i Austevoll såg me knapt spor av stilkane eingong.
I år var eg verkeleg på vakt. Eg sådde inne og sette dei ut under eit lite plasttak. Rett nok var det vind og væte som var den verste fienden deira dei første vekene. Trass i det svært provisoriske plasthuset, stod dei der og sturte og venta på sommaren. Men dei greidde seg. Etter kvart som dei voks, laut eg fjerne plasten. Då kom brunsniglane. Dei fekk eit kort liv. Eg brukte eit mangesifra timetal på vakthald og snigledrap. Skvåsjplantane var heldigvis litt meir robuste enn dillen og salaten, så dei overlevde. Og når dei først kjem i skikkeleg vekst, maktar ikkje eingong iberiasniglane å halde dei nede. No om kveldane ligg det ein gjeng brune rakkarar kring bedet og diskuterer om dei skal tore å gå til åtak. Ein og annan vågar seg oppi lauvverket, men rekk ikkje å gjere så mykje skade.
No driv skvåsjplantane og betaler ned på gjelda. Dei leverer rikeleg med faste, fine skvåsjfrukter, som me kan koke, steikje, ha i salatar og ymse grønsakretter, sylte, eller ete rå på brødskivene i lag med skinke eller ost.For ikkje å snakke om den gleda dei gir til auga, der dei står med struttande lauvverk, digre, gule blomar og potente frukter.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar