Eg er komen til kapittel tre i den bakvende framhaldsforteljinga om den 4. juli 1995, den som vart utløyst av hysteriet omkring hestekjøt. Så no skal det handle om føremiddagen denne tysdagen.
Me trilla inn i byen Luxembourg i landet Luxembourg, eit land som i utstrekning er jamstort med Kvinnherad pluss Ullensvang, og som har eit folketal i overkant av det me har i Hordaland. Kvelden før hadde resepsjonisten på eit ungdomsherberge litt nord i landet bedt om å få sjå passa våre, og han kommenterte at dei var så store. (Du hugsar sikkert dei gamle passa våre viss du er ein godt vaksen lesar.) "Me kjem frå eit mykje større land," sa eg, ein kommentar som han svarte på med eit lite begeistra "Hø hø!"
Det me var mest opptekne av på vegen inn mot bysenteret i hovudstaden, var å finne ein parkeringsplass der me kunne gå frå Subaru'en og kikke på byen. Der såg me eit skilt og ei pil, og me hamna nede i ein stor kjellar med god plass. Me tasla ut og uroa oss lite over at me ikkje sjekka korleis me skulle få bilen med oss når me kom tilbake.
Etter eit par timar var me ferdige med byen og ville gjerne kome oss vidare og inn i Frankrike. Me fann tilbake til huset der bilen stod i kjellaren. Men me fann ikkje ut kvar fotgjengarar skulle gå inn for å hente bilane sine. Så spurde eg eit par karar som hang der og slang. "Har du parkert her? Då trur eg du har gjort ein tabbe!" Det gjekk kaldt nedetter ryggen, endå julidagen var meir enn varm nok. Så fortalde dei at me stod utanfor ein diger bank, og parkeringa i kjellaren var berre til bruk for bankfolk og kundar. Inngangen var frå banklokalet. "Men gå inn og snakk med dei, du!"
Eg gjekk inn, kom meg fram til ei luke og med syndefull anger bar eg fram mitt ærend og ei rekkje orsakingar. Dama i skranken sa ikkje eit ord, såg mulkent på meg, gav meg ei lita brikke og peikte på ei dør.
Om litt stod me ved bilen vår, fann porten og bommen, heiv på brikka og kom oss ut derifrå. Snart var me på veg inn i Frankrike med kurs for Alsace.
Banken i Luxembourg ville ikkje eingong ut med litt rente for det drustelege innskotet vårt.
torsdag 14. februar 2013
onsdag 13. februar 2013
EI FYRSTELEG OVERNATTING
Eg har stundom tenkt som så, historielærar som eg var, at ein skulle kunne skrive historia hin vegen. Det vanlege er at historieboka begynner med gamle dagar og flytter seg jamt og trutt framover mot nyare tider. Men kva om me begynner med notida og skildrar oss bakover? Det er noko slikt eg driv med no. Det eg skriv i dag, hende tidlegare enn det eg skreiv om i går. Og i morgon skriv eg kanskje om det som hende endå tidlegare. Eg skriv meg altså bakover i tid. Rett nok er tidsfaktoren litt smal. Alle desse tre historiske hendingane gjekk føre seg den same dagen, tysdag den 4. juli 1995. Og kva utløyste lysta til å mimre om nett denne dagen? Hestekjøt! (Sjå gårsdagens blogg.)
Både turen i 1995 og mange andre liknande bilturar nedover i Europa bar i stor grad smaken av oppdagingsferd og meistringsglede. Til dømes var ikkje overnattingane særleg planlagde. Me hadde med oss telt, og alltid - kanskje etter prøving og feiling - fann me ein campingplass og nattely. Stundom tok me til takke med eit enkelt hotell eller Gasthaus, og iblant hamna me på eit ungdomsherberge. Hugs på at me var svært unge i 1995, eg hadde nett fylt 50 og Anne var mykje yngre, berre 47. Denne måten å avrunde ein dagstur på, kunne vere både langsam og slitsam, men du verda så lukkelege me var når alt var i boks og me hadde fått opp teltet eller kome oss under tak!
Denne tysdags ettermiddagen var me på veg inn i Alsace og hadde funne ut at det var eit ungdomsherberge i ein by som for oss var heilt ukjend: Saverne. Kvelden før var me seine før me slo leir, så denne dagen ville me kome til ro litt tidlegare. Me rulla så inn i byen og såg til vår store glede at dette var ein svært yndig liten by. Det gjekk ein kanal med sluser midt gjennom byen, og her var flust opp av vene bindingsverkshus og vakre blomedekorasjonar på husa og langs gatene. Me parkerte bilen der det fall seg og tok beina fat for å spore opp herberget. Det kunne ta si tid, frykta me.
Der opna det seg endå eit utsyn: Eit digert slott med ein endå digrare park. Då me hadde beundra slottet ei stund, gjekk me oss beint på ei lita bu med turistkontor før me var begynt å leite. Eg gjekk inn og spurde etter ungdomsherberget. "Der borte, i slottet! Femti meter å gå!" Og såmenn! I eine hjørnet av slottet var der ei dør me skulle bruke. "Opningstid klokka 17" stod det. Me såg på klokkene våre. Ti over fem var dei, så her var det berre å gå rett inn.
Og rom fekk me. No skulle eg ha loge og sagt at det var ein fyrsteleg suite. Men denne fløyen av slottet må ha vore bygd for tenarskapet, tippar eg. Grei, nøktern standard. Me fekk oss eit familierom der det hadde vore god plass til både ungar og barnebarn.
Då var det berre å ta ein strekk på køya, ein ankerdram, og ut å ete hestekjøt!
tirsdag 12. februar 2013
HESTEKJØT
Det var då eit fæla oppstyr no om dagane om funn av hestekjøt i ymse matslag nede i Europa. I gamle dagar fekk me rett som det var høyre at hestekjøtet hamna i pølsene. Åt me pølse, var det heilt sikkert iblanda ein del hestekjøt. Sa folk. Likevel åt me pølsene våre med den største ro. Me kunne jamvel våge oss til å nemne gamlemerra når me sat til bords og pølsestubbane dampa på fatet. Ho vart send til slaktehuset for femti år sidan og er omtalt fleire stader i gamle blogginnlegg.
Så går tankane til ein sommardag for snart atten år sidan. Me var på vår lengste biltur til då og hamna på eit slott i Alsace. No har eg tenkt å nemne det med slottet i morgon og kjem såleis til å skrive tre blogginnlegg i omsnudd kronologi frå same julidagen i 1995.
Me rusla ut om kvelden i den svært yndige småbyen Saverne, nokre få kilometer frå Strasbourg. No skulle me finne oss ein koseleg plass med god mat og lekker drykk. Som me ofte gjer, rusla me gate opp og gate ned og titta på menyane. Den første staden verka svært tiltalande, og på menyen ved inngangsdøra såg Anne noko som ho meinte var biff. "Vel, det er iallfall hestekjøt," opplyste fransklæraren ho hadde med seg. "Då skal me iallfall ikkje inn der!" slo hestehataren fast. Ho vart i tidleg barndom vitskremd av ein hest på frifot. Ein fjording, faktisk! Skulle difor tru at ho kunne nyte daude hestar, men den gong ei.
Me rusla vidare, men Saverne er ein liten by, og me kom ikkje over noko som me absolutt ønskte oss. Då foreslo Anne at me kunne gå tilbake til den der første plassen og be om biffen deira. Der såg det så koseleg ut! Eg var med. Eg undra meg litt, men nemnde ikkje hesten.
Snart sat me med glitrande raud drykk i glasa og kvar sin velangande tallerk med eit par stivpynta kjøtsneier på. Anne skar eit stykke og togg ivrig. Me skåla og avanserte vidare inn mot midten av tallerkane. Anne rulla med augo og braut ut med andakt i røysta: "Veit du, Reidar, dette må vere det beste oksekjøtet eg nokon sinne har ete!" Vel, eg drog på det, var einig i smaksdommen, men nemnde i forbifarten at det var no ikkje nett oksekjøt. "Å?" "Hugsar du ikkje at eg sa i stad at det var hestekjøt?" spurde eg forsiktig. "Cheval betyr hest. Ein kavaler er i røynda ein hestekar."
Me åt pent opp, men eg trur ikkje maten smakte henne fullt så godt etter denne oppklarande samtalen.
I går kveld såg me den gamle, svært gode filmen "Siderhusreglane". Djupstrukturen i filmen er at me bør lyge når det er i det godes teneste. Det burde eg ha gjort i Saverne i 1995.
Abonner på:
Innlegg (Atom)